MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Bjørn Romestrand: Rastlaus redaktør (13.12.06, 06:19)

Den nye redaktøren i Under Dusken er ikkje noko sosialt samlingspunkt, og brukar mykje tid på å sitta for seg sjølv å stura.

MONOPOL: - Under Dusken er på mange måtar i ein monopolsituasjon, og då er det ei utfordring å halda seg skjerpa til ei kvar tid, forklarer Bjørn Romestrand.
Det er stille i redaksjonslokala til studentavisa Under Dusken om dagen. Årets siste nummer er gitt ut. Redaksjonsmedlemmene har lagt notatblokk og kamera vekk for ei stund. Dei har igjen inntatt rolla som studentar. No er det eksamenstid.

Bjørn Romestrand er også opptatt med eksamen, men han er på kontoret likevel. Han kan ikkje ta heilt fri. I november blei han valt til avisas nye ansvarlege redaktør. I 2007 er det den 23 år gamle sunnmøringen som skal sørga for at Under Dusken kjem ut i 10.000 eksemplar anna kvar veke.

Aldri redaktørambisjonar
- Då eg begynte i Under Dusken hadde eg aldri ambisjon om å bli redaktør. Men eg satt inne med idear og meiningar som eg ikkje har fått realisert, og ville ikkje vore heilt komfortabel med å gje meg no.

Den ferske redaktøren skal bli sivilingienør. Han studerer industriell økonomi på fjerde året. Han begynte i Under Dusken i 2004, og har i innevérande år vore nyhenderedaktør. Han er vant til å vera travel med andre ord.

- Eg har aldri klart å konsentrera meg hundre prosent om studiane likevel. Eg må ha nokre fleire saker å sysla med, seier Romestrand.

Før han kjem med ei noko overraskande avsløring: -Eg skal aldri seia aldri, men eg trur ikkje eg kjem til å halda fram med avis etter at eg er ferdig med Under Dusken.

MANN FOR SITT SKJERF: Det gule og brune redaktørskjerfet har gått i arv i nokre år no. I 2007 er det Bjørn Romestrand som overtar skjerfet etter Ellen Synnøve Viseth.
Kva han skal bli veit han derimot ikkje.

- Eg klarar uansett ikkje sjå meg sjølv i ei lang yrkeskarriere heile livet. Eg blir fort litt rastlaus.

Eldre og klokare?
I samband med Under Duskens nittiårsjubileum i 2004, gav redaksjonen ut ei jubileumsavis. ”Ung og dum i nitti år”, var overskrifta i leiaren. Det er ein treffande karakteristikk på studentavisas sjel, meiner Bjørn Romestrand.

- Det ligg på eit vis i ei studentavis si natur. Me har store utskiftningar i redaksjonen, og mange som brenn for å få gjennomført ideane sine. Dermed blir det på mange måter at ein begynnar med blanke ark når ein ny redaksjon trer til. Slik må det vera. Det er vår styrke og vår svakheit.

Romestrand håpar likevel at Under Dusken skal bli litt eldre og klokare under hans leiing.

- I og med at eg har eit år som nyhenderedaktør bak meg, kan det vera med å sikra ein kontinuitet som me ikkje har hatt for mykje av i Under Dusken tidlegare, seier 23-åringen.

FAKTA

BJØRN ANDREAS ROMESTRAND
Alder: 23 år
Sivilstatus: Singel
Aktuell: Nyvalt redaktør i Under Dusken
Bakgrunn: Kjem frå den vesle bygda Barstadvik, tre mil nord for Ørsta i Sunnmøre. Gjekk på Volda Vidaregåande Skule. Flytta til Trondheim i 2002. Studerer industriell økonomi på fjerde året. Han har ingen anna medieerfaring enn Under Dusken, bortsett frå litt lett frilansing for Møre-Nytt. I Under Dusken har han vore kronikk- og debattansvarleg i 2005, og nyhenderedaktør i 2006.

Autoritet tufta på kunnskap
Det vert sagt om den nye redaktøren at han er ein sindig kar som sjeldan let seg vippa av pinnen. Hans beslutningar er tufta på nøye refleksjon og til tider stor kunnskap. Han ser ikkje på seg sjølv som den leiaren som roper høgast, men håpar hans visdom og erfaring gjev han ei naturleg autoritet.

- Ja, kva er dine eigne styrkar og svakheiter når du no skrid til verket som ansvarleg redaktør?

- Eg har vore med i to og eit halvt år, og det er nok ei styrke at eg har såpass god kjennskap til avisa og organisasjonen Under Dusken. Eg har nok også ein god del kunnskap om mykje av det som er kjerneområda våre, som for eksempel studentpolitikk og studentrettigheiter. Når det gjeld mi største svakheit ...

Han vert stille. Lenge. Svært lenge - Kan eg få tygga litt på den?

Det kan han. Håpet om lite reflekterte svar får visst leva vidare til neste portrettintervju. Me får bytta tema så lenge.

BEVISSTGJERING: - Me skal bli betre til å synleggjera for lesararane kvifor det er viktig at me skriv om det me gjer, seier den nye redaktøren.
- Samlokalisering viktigaste sidan 1995
- Kolleger av deg har sagt at du er meir enn gjennomsnittleg interessert i samlokalisering. Stemmer dette, og kva er det i så fall med denne debatten som er så spennande?

- Hehe, jo, det stemmer nok. Slik eg ser det er samlokaliseringsdebatten den viktigaste saka som NTNU har vore involvert i sidan det var oppretta i 1995...

Herpå følger ei lang utgreiing om kvifor debatten er fasinerande. Jau då, han er nok over gjennomsnittleg interessert. Kunnskapen han innehar er stor.

Redaktøren legg ikkje skjul på at han sjølv er tilhengar av samlokalisering.

- Ein seier ofte at i og med den teknologiske utviklinga me er inne i, så har ikkje fysisk avstand noko å seia. Men akkurat i denne konteksten betyr det mykje. Ved ei samlokalisering får ein endeleg fjerna skillet mellom gamle NTH og AVH, som i praksis framleis eksisterer i dag. Det vil realisera det eigentlege NTNU, meiner han.

Og utdjuper:

- Eg kan til dels forstå at dei tilsette er mot samlokalisering, fordi det strengt tatt ikkje er så viktig for forskarar å ha kontor nært kvarandre. Mange forskningssamarbeid er jo internasjonale. Men for studentane vil det heilt klart vera det beste fordi det opnar opp for nye formar for samarbeid. Og det som gagnar studentane gagnar på sikt universitetet.

AUTORITET: - Eg er nok ingen naturleg leiartype, men kanskje ein naturleg autoritet.
Han har skrive utallige saker om samlokalisering i Under Dusken, og det er ikkje reint få telefonsamtalar han har hatt med rektor Torbjørn Digernes rundt deadlinetider, annakvar helg. Dei to kjem sågar frå samme kommune, og har begge, rett nok til ulike tider, hatt sommarjobb på Ørsta Stål.

- Men me kjenner ikkje kvarandre personleg. Eg trur rektor først og fremst tenker på meg som den som ringer for å få eit intervju ein søndagskveld, akkurat i det han har sett seg i sofaen for å slappa av etter ei lang veke, ler Romestrand.

- Ikkje noko samlingspunkt
Han har fundert ei stund no. Han har ikkje gløymt spørsmålet frå tidlegare. Det om svakheitene sine.

- Eg er ikkje akkurat noko sosialt samlingspunkt, og vil nok aldri bli det heller. Eg likar godt å trekka meg tilbake. Å sitta for meg sjølv og stura gjer godt. Men det har kanskje vore litt for mykje av det i nokre år. Difor var det óg fint å begynna i Under Dusken. Eg var på jakt etter noko meiningsfylt å fylla fritida mi med.

Tida og fritida vert fyllt. I rikt monn. Når han i ei dyrbar stund mellom samlokaliseringssaker og forelesningar finn tid til å dyrka hobbiane sine, går det helst i musikk og fotball. Det er spesielt nokre fotballspelarar frå Birmingham som opptar han. Han har vore Aston Villa-fan sidan 1992, og trivst godt med det.

- Aston Villa er nok eit lag som kler meg ganske godt. Dei er kanskje trauste, litt grå og konservative, men óg solide og stabile.

- Nokre vil kanskje seia kjedelege?

- Ja, nokre vil kanskje det. Men det er samtidig trygt og stødig,

- Men du seier jo at du har vanskeleg for å slå deg til ro med noko, er ikkje det då eit paradoks at du søker det trauste og konservative.

- Ja, det er sant. Aston Villas verdiar representerer vel på mange måtar eit ideal eg har, men som eg ikkje heilt klarar å leva opp til. Eg mistar fort interessa når eg har begynt å meistra noko. Då blir eg rastlaus. Det kan vera eit teikn på retningsløyse. Og det er ein situasjon eg ikkje er heilt komfortabel med, seier Bjørn Romestrand.

Og gjev seg sjølv noko nytt å stura over.

Tekst og foto Pål Vikesland