Dekanene løfta lønnsoppgjeret
(15.12.06, 06:52) I år deltok dekanane i lønnsoppgjeret for første gong. Det ga meir kvalitet til oppgjeret, meiner organisasjonane. Det framgår av Hovudtariffavtalen i staten at ”Kvinner bør få en større andel av avsetningen til lokale forhandlinger enn pro rata tilsier.” Uavhengig av kva fagorganisasjonane bestemmer seg for, er det arbeidsgjevarens ansvar å sørge for at dette skjer.
Vi har snakka med representantar for noen av fagforeiningane. Når det under blir vist til 2.3.3.-potten, så gjeld dette dei generelle krava (ikkje forhandlingar om særkrav på grunnlag av ekstraordinær arbeidsinnsats eller endring av arbeidsoppgåver).
|
FOR DÅRLEG RESULTAT FOR KVINNENE: Irene Dragvik frå NTL tykkjer at kvinnene ikkje vart løfta nok i dette oppgjeret. |
For lite til kvinnene
Forhandlingsleiar Irene Dragvik presenterer det LO-tilslutta NTL som dei einaste som organiserer innafor alle stillingskategoriar, og denne breidda er ho stolt over. Men ikkje heilt over resultatet:
- Eg er misfornøgd med kva kvinnene oppnådde i dette lønnsoppgjeret. Dei kom ut med berre 36,71 prosent, det er absolutt ikkje nok.
Kvinneandelen av lønnsmassen på NTNU er 36,59 prosent. Det vart altså berre litt over ein promille over dette, og ikkje i samsvar med kva NTL ønska å satse på.
Men det var mye å gå ut frå, potten var dobbelt så stor som for to år sia. 449 NTL-medlemmar fekk opprykk innafor 2.3.3.-potten, dei fleste av desse har fått 2 lønnstrinn.
Viss Irene Dragvik skal nemne noe om inntrykk frå forhandlingane i år, så berømmar ho dekanane. Det var ei positiv oppleving no for første gong å møte dei på den andre sida av bordet.
|
KREVANDE JULEREINGJERING: Kristin Dæhli frå Forskarforbundet bemerkar at med 28 millionar må ein vere grundig. |
Personalpolitisk julereingjering
- Vi kan ikkje komme til i alle krokar, og det er ubehageleg.
Kristin Dæhli, hovudtillitsvald i Forskarforbundet, kommenterer det ho tidlegare har omtalt som den personalpolitiske julereingjeringa.
- Vi handterte mange og gode krav. Det var svært mange pengar å fordele, derfor var forventningane svært høge. Forskarforbundet forhandla for meir enn fem hundre medlemmer mot tidlegare hundreogfemti til tohundre. Vi hadde brukt opp potten mange gongar om vi skulle ha innfridd alle krava.
Ho oppsummerer forhandlingane:
- Det var utruleg krevande med ein så stor pott. Ein må vere enda meir grundig når ein har så stort forhandlingsrom.
Med så mange penger i potten, blir det meir synleg for dei som ikkje får.
Når vi ser på resultatet for NTNU under eitt, har 90 prosent av dei som har fått opprykk, fått 3 lønnstrinn eller mindre. Kvinnene har fått ein større andel, slik Hovudtariffavtalen føreset.
Forskarforbundet er den største fagforeininga ved NTNU, med noe over 950 medlemmar. 70-75 prosent av desse er vitskapleg tilsette.
Roser dekanane
Kristin Dæhli deler ut blomst:
- Dekanane fortener honnør, dei møtte jamt over godt førebudde. Saman med fakultetsdirektørane, som har erfaringa frå tidlegare, løfta dei kvaliteten på forhandlingane.
Ho vil gjerne ha fram eit generelt, men viktig, moment til slutt – eit som kanskje mange glømmer sjølv om det er logisk:
Idet ein person blir tilsett ved NTNU, er vedkommande i prinsippet i ein lønnsforhandlingsposisjon. Ein kan sette fram krav da, ein blir jo bedt om forhalde seg til ei bestemt lønn i arbeidsavtalen.
|
OPPGJERA MÅ BLI HEILT LOKALE: Magnar Hole frå Tekna er skeptisk til ressursbruken ved NTNUs lønnsoppgjer slik dei er no. |
Vil ha lokale forhandlingar
- Viss Institutt for materialteknologi utlysar ei stilling, blir det kanskje ein eller tre som søker, og dei er vekke før NTNU rekk å kallle inn til intervju. Det kan nemleg vere spørsmål om å flytte frå Oslo og gå ned 200.000 i lønn.
Det er Teknas forhandlingsleiar Magnar Hole som legg fram dette eksemplet. Tekna er det tidlegare NIF, sivilingeniøranes foreining. Tekna er med i hovudsamanslutninga Akademikarane, og dei skil seg ut ved å ønske eit heilt anna lønnsforhandlingsystem, slik at alt – eller iallfall mye meir enn no – blir avgjort lokalt. Slik kan for eksempel NTNU sjølv avgjere korleis ein kan gå fram for å rekruttere og halde på dei beste.
No blir mye avgjort i sentrale forhandlingar, gjerne med kronetillegg som resultat.
Universitetet tapar
Knut Aarbakke, leiar for Akademikerne stat, skreiv i eit nyheitsbrev på Akademikaranes heimeside i august at ”…det er vår lønnsmasse som brukes til å finansiere store kronetillegg til de lavere lønnstrinnene…”.
Ein universitetstilsett kan ha friare forhold enn mange i det private næringslivet. Men lønna er avgjerande, den er for NTNU-professorar tretti prosent under den for sivilingeniørar i privat sektor. Tekna er djupt bekymra over konkurransen med privat sektor om teknisk-naturvitskapleg arbeidskraft.
- Ein større pott ville i større grad rettferdiggjere tida som blir brukt på lønnsoppgjeret, seier Magnar Hole, ei tid som ellers kunne ha blitt brukt på verdiskaping.
Tekst og foto Kjell Håve |