MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

- Etnisk deling stoggar sjølvmordsbombarar (15.12.06, 12:22)

USAs War on Terror har mislukkast i å stogge Al Qaeda. Tvert imot har talet på aksjonar auka. Ein heilt ny strategi trengst. Etnisk separasjon er løysinga, meiner amerikansk ekspert.

- Fram til ”Nineeleven” hadde Al Qaeda drepe 262 i ulike sjølvmordsaksjonar. I tida etter denne datoen er talet 630. Slutninga er at Al Qaeda er sterkare nå enn før aksjonen mot Twin Towers.

NY STRATEGI: Robert A. Pape er tilhengar av både av den israelske muren, og av strengare grensekontroll inn til USA.
Slik konkluderer Robert A. Pape, professor i statsvitskap ved University of Chicago. Professor Pape er forfattaren bak boka ”Dying to Win: The Strategic Logic of Suicide Terrorism”, som kom ut i fjor. Han talte om emnet under konferansen Global Communication of Fundamentalist Knowledge som starta i går og held fram i dag og i morgon.

CIA-kontaktar
Den amerikanske statsvitaren reiser verda rundt og held foredrag i samband med boka. Han argumenterer for ein grunnleggjande revisjon av amerikansk og vestleg strategi mot sjølvmordsterroren.

Etter eige utsegn har han svært gode kontaktar innan CIA og amerikansk militær etterretning, og han baserer sine analyser mellom anna på slike kjelder.

Herskande strategi, som går ut på massive bakkestyrkar i område som, mellom anna gjennom sjølvmordsaksjonar, trugar USA og andre vestlege land, har auka problema, ikkje redusert dei.

- Okkupasjon gjev terror
At 8-13 prosent av britiske muslimar i følgje meiningsmålingar meiner at fleire sjølvmordsaksjonar trengst, og grunngjev det med framferda til amerikanske og britiske styrkar i Irak, er eit teikn på det, meiner professor Pape.

Ein når ikkje målet med å invadere landområda som terroristane opererer ut i frå, held han fram.

- Å slå desse landa på slagmarken kan nok rive opp terroristoperasjonar på kort sikt. Men på lengre sikt er det truleg at slike okkupasjonar aukar talet på terroristar som kjem mot oss, seier han.

Al Qaeda meir fokusert
Ein systematisk analyse av sjølvmordaksjonar etter 11/9 syner ifølgje professor Pape at Al Qaeda ikkje har fått organisasjonen riven opp, jamvel om ein har lukkast i å ta nokre av leiarane. Tvert i mot er terrororganisasjonen vorten meir fokusert, meir systematisk i sine aksjonar.

Dette heng saman med at den grunnleggjande føresetnaden for Krigen mot terror er feil.

- Premissen som går ut på at det er muslimsk fundamentalisme som står bak og gjev næringa til sjølvmordsterroren, stemmer ikkje, slår professor Pape fast.

- Denne føresetnaden kan til dømes ikkje forklare kvifor marxistisk-leninistisk organisasjon som Tamiltigrane i Sri Lanka er verdsleiande i sjølvmordsaksjonar. Eit slikt overdrive fokus på religiøs fanatisme som forklaring fører til at vi ikkje ser rasjonaliteten som ligg under sjølvmordsaksjonar som strategi, meiner han.

Sårbare demokrati
Dette heng saman med at det er demokratia som er sårbare for slik terror.

- Rett eller gale: Sjølvmordsbombarar ser på som demokratia som blaute med omsyn til presset som slike aksjonar fører til, seier professor Pape.

- Ta kurdiske PKK som døme. Denne organisasjonen gjennomførte terroraksjonar mot Tyrkia gjennom 80/90-talet – samstundes som Saddam massakrerte kurdarar nokre hundre kilometer unna. Men ingen prøvde å få den irakiske diktatoren til å endre kurs gjennom å sjølvmordsbombe sivile irakarar, konstaterer Pape.

- Bakkestyrkar må bort
Ein ny strategi er naudsynleg, meiner den amerikanske statsvitaren: Ein ”off shore” strategi.

Bakkestyrkane må flyttast frå stridsområdet. Dei kan gjerne vere stasjonert i nærleiken, i baser i naboland og/eller i militære skip i farvatna utafor, og så bli sett inn i avgrensa militære operasjonar når kriser oppstår. Men permanent stasjonering av store militære styrkar i sjølve konfliktområdet aukar problema, heller enn å minske dei.

Dette inngår i ein meir generell strategi for å minske konfliktnivået: Etnisk skiljing av dei gruppene som ligg i konflikt med kvarandre.

Støttar den israelske muren
Derfor er Pape tilhengar av både av den israelske muren, og av strengare grensekontroll inn til USA. Å trekke ut amerikanske (vestlege) bakkestyrkar vil dessutan kunne ha den gunstige effekten å få fienden til å slost internt.

- Du såg det i dei palestinske sjølvstyreområda: Då den israelske hæren trekte seg ut, oppnådde israelske styresmakter det dei lenge har ønskt: Å få Fatah og Hamas til å krige seg i mellom, konkluderer Robert Pape.

Av Tore Oksholen