MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

På undervasstokt med Gunnerus (19.12.06, 06:56)

På brua får skipper Arve Knudsen ein beskjed frå Martin Ludvigsen på dekk. Kapteinen tastar litt på dashbordet, og skipet skiftar etterkvart til ønska ny posisjon.

VERT STYRT OVANFRÅ: Johanna Järnegren (t.h.) styrer ROV`en i dypet fra konsollet. Vitale data om dykket som djup, temperatur og retning vises på skjermen.
Her har Ludvigsen bedt kaptein Knudsen om ti meter. Å flytte Gunnerus sine hundreogsju tonn blir eit samspel mellom tastatur og fingrar.

Skipet har gått ut frå Trondheim biologiske stasjon i Heggdalen, og det ligg no attmed Stokkbergneset ved Ingdalsbukta. Dit kjem ein etter å ha runda Byneset og sett kursen inn Orkdalsfjorden.

Ludvigsen og Johanna Järnegren, begge stipendiatar, sit i ein container på dekk, med ein styringskonsoll, og styrer for hand undervassroboten ROV (remotely operated vehicle) som er nede og tar opp film og stillbilete som skal brukast i undervisning. Når Ludvigsen ber om å få flytta skipet ti meter, så er dette uproblematisk for kaptein Knudsen.

Gunnerus på tokt
Vi er om bord denne særs milde førjulsdagen, i kva? Skip, båt, flytande dataanlegg – iallfall er det NTNU sitt nye forskingsfartøy med namnet Gunnerus, oppkalla etter bispen som i tillegg til svært mye anna var inne på marinbiologiske undersøkingar for over to hundre år sia.

SJØSETTING av ROV Minerva fra arbeidsdekket i akternden av båten.
Gunnerus treng ikkje å ankre opp, men kan ligge heilt roleg ute på sjøen, ved hjelp av dynamisk posisjonering (DP), som har en presisjon på 30 cm. Kapteinen stoppar fartøyets sig og sørger for at dataanlegget tar over når han har ført sitt skip dit dei fagleg ansvarlege finn ønskeleg for dagens oppdrag.

Det er fem hundre meter brådjupt ved Stokkbergneset. ROV’en filmar på bergveggen, går nesten heilt ned ned og får med seg muslingar, sopp, havmus (som er ein langsporda fisk), ein takstein og mykje anemonar – og korallar i ulike formar.

Det stolte skip
Gunnerus er ei ny stoltheit for universitetet, den vart sjøsett i mars. Skipper Knudsen greier ut:

- Det er ein særs avansert båt med det beste av det beste av navigasjonsinstrument. Det er ikkje mange fartøy som har DP-anlegg.

KORALLFUNN: Professor Geir Johnsen registerer funn av koraller på 500 meters djup ved Ingdalen i Orkdalsfjorden.
Båten er økonomisk i framdrift. Og den er svært stillegåande, mest utan lyd og vibrasjon. Den har tre dieselelektriske motorar og avvibrerte propellar. Den er særs anvendbar, kan brukast til oppgåver innafor geologi og petroleum for eksempel. Den er ei plattform som kan tilpassast mange ulike oppgåver i den grad det er nødvendig.

Sette seg i sving
Det tidlegare fartøyet, Harry Borthen, kom mot slutten av sitt liv til å hamne hos Teknisk avdeling, og dei såg klart at her var det nødvendig med eit nytt. Dei sette fram forslag, drog prosessen og fekk bygd eit nytt.

Gunnerus kosta 42 millionar. Det er stor glede over at det vart muleg å finansiere noe så uvurderleg.

Og den er nødvendigvis romsleg, med god plass for gjestar. I september-oktober var det ei vekes tokt med biologistudentar.

Dei som er med i dag – i tillegg til litt media – er folk frå naturvitskaps- og teknologifakultetets elektronikk- og datateneste. Det er nødvendig for dei å gjere seg kjent med datautstyret om bord.

ENDT OPPDRAG: Her er ROV Minerva på tur attende til moderskipet Gunnerus etter ferdig oppdrag.
På fem hundre meters djup
Under toktet er det noen gongar folksamt i den elles romslege messa, som er dominert av ein førtitotommars skjerm der det blir følgd med på det som ROV’en filmar – heilt spegelblankt no på denne tida av året.

Alt har blitt greiare med Gunnerus, tykkjer dei som bemannar den nye båten – dei er tilsett på Institutt for biologi, og stasjonert i Trolla. Det er greitt med ein container som kan heisast om bord etter behov. Og det er mye betre laboratorieplass. Berre skipperen har eit moment:

På brua
- Du veit de e den som står på brua, som sjer minst.

FULL KONTROLL: Skipper Arve Knudsen i førarstolen på kommandobrua. Herfra held han full kontroll med Gunnerus.
Urovekkande utsegn frå skipparen? Det som Arve Knudsen konkret snakkar om her, er ROV’ens filmopptak. Dei mange dataskjermane gir Knudsen full oversikt, men ein skipper skulle gjerne ha sett, ikkje berre få dataoversikt. Han reknar med å få plass til enda ein skjerm, med fjernsynsbilete.

For drifta av skipet, er det vel viktigare at han har greidd å få sponsa eit betre GPS posisjoneringsystem frå Fugro Sea Star. Da blir nøyaktigheita ti centimeter.

- Vi slepp å jage fram og tilbake om vi mistar IALA-signala frå Halten fyr. Stressfaktoren går ned, og det blir betre for forskarane å få gjort jobben sin. Det som eg sa til Fugro, var at her ved NTNU blir den mest intelligente ungdommen i Norge utdanna – ein slik institusjon må ha det beste utstyret.

Vore ute ein midtvintersdag før
Ranheimsbyggen har bakgrunn frå blant anna utanriksfart, trålfiske og kystbåtar, og frå maritimt kulturvern på hobbybasis. Han forstår seg og på vedlikehald av gamle båtar, og på å føre dei.

DYNAMISK POSISJONERING: Skipper Arve Knudsen ved konsollet for dynamisk posisjonering, eit system som hentar data fra både satelittar og lanbaserte sendarar.
Men der han har kommandoen no, viser berre namnet til gammal tid. Det var litt tilfeldig at han hamna på Gunnerus, først som styrmann i vår, da det var leigd inn som døgnkontinuerleg vaktskip på Ormen Lange.

Det er spennande dagar for den entusiastiske skipperen:

- Det er juleaften kvar dag, fordi det aldri er ein lik dag. Vi finn fram til ei samarbeidsform, mannskapet sin jobb er i stor grad å legge til rette for at forskarane får gjort sin jobb. Men for meg, òg, er det jo veldig interessant å følge med på kva som skjer i den andre enden av lina.

Forsking gir opplevingar
Forskingskipperen har fått med seg noen interessante opplevingar i dei tre-fire månadene han har hatt kommandoen. Gunnerus var innover til Mosvik, der vart det observert noe uhorveleg til manetpopulasjonsvokster. Knudsen skildrar den glinsande glya – eit utriveleg syn.

Arve Knudsen har roen. I dag har han ønska gjestane velkommen blant anna med at skipet ikkje pleier å gå ned, men at det uansett eksisterer noen konkrete forholdsreglar ein bør følge om ein skulle hamne i sjøen. Ei slik orientering er ikkje til å unngå på eit tokt.

OPERASJONSSENTRALEN er i den blå kontaineren på det 70 kvadratmeter store akterdekket.
Kapteinen reknar med at det etterkvart blir oppdrag langs heile kysten, det er det skipet er bygd for.

Røynd mannskap
Mannskap ellers er maskinist Steinar Johansen og matros Bjørn Rostille. Dei følger interessert med mellom øktene, Johansen bemerker mens han ser på ROV-filmen at det er bekymringsfullt lite fisk å sjå.

Mannskapet nyttar høvet med at datafolket er om bord. I løpet av toktet blir dei utstyrt med passord og brukarnamn for tilgang til NTNU’s datanett.

Tekst Kjell Håve
Foto Stig Sund

Fakta om FF Gunnerus (Wikipedia)
Johanna Järnegrens hjemmeside