NTNU-tekst på Julekveldsvisa
(20.12.06, 12:47) På rektors julebord vart det servert ein ny variant av Julekveldsvisa. |
JULEKVELDSVISE FOR NTNU: Geir Walsø har det med å lage tekstar til kjente melodiar – til ulike anledningar. No vart det ein aktuell kommentar om NTNU til rektors julebord.
|
Teksten under er laga på grunnlag av ein av dei mest kjente og kjæraste julesongane vi har: Julekveldsvisa.
Denne varianten er signert Geir Walsø, som nyleg leda framføringa av den med hjelp av sitt fakultets innkjøpte gitar. Det er snakk om Fakultet for naturvitskap og teknologi, der Walsø er direktør. Han kommenterer:
- Trass i innføringa av einheitleg leiing, var det her ein direktør som bestemte tonehøgde og fart.
Leiingas evangelium?
Og det var faktultetsdirektørane ved NTNU som framførte Julekveldsvisa i NTNU-variant på rektors julebord. Alf Prøysens tekst er i seg sjølv ein kortversjon av juleevangeliet, og Walsøs utgåve av visa vart kanskje eit slags leiingas evangelium?
Alternativet vart godt mottatt på ju(b)lebordet.
Hadde komponisten som forelesar
I studietida deltok Geir Walsø i statistikkundervisning hos Arnljot Høyland. Han var i mange år professor i matematisk statistikk ved Norges Tekniske Høgskole. Høyland var opphavleg frå Bærum, og i sin ungdom måtte han gå i dekning for okkupasjonsmakta.
Han heldt seg i nabobygda Asker og trefte der ein gardsarbeidar frå Hedemarken. Vennskap og samarbeid førte blant anna til at Høyland komponerte ein melodi. Hedemarkingen skreiv ord. Dette vart etterkvart kjent og kjært: Julekveldsvisa.
No har det kome ein ny tekst frå Høylands lærestad:
JULEKVELDSVISA – NTNU-VARIANTEN
Nå har vi lagt no’n planer
om mål og strategi
og vi har lagt en handlingsplan,
med mye innhold i.
Nå sett vi øss og kvile
og puste på ei stund,
imens ’n Torbjørn pønske ut
no’n smarte små påfunn.
Dra krakken bortått PC’n,
så sett vi øss og ser
og prøve finn’ en rænking
der NTNU er
mest skapende ta æille,
vi er så go’ og stor.
Du ser oss snart på toppen
der de æiller bæste bor.
At vi er go’ og snille
kan æille lett forstå?
Når Torbjørn ska’ fortælja
må vi pent høre på.
Den fyste gong han prata
så laga han ei bru
i milla seg og himmel’n
og sitt kjære NTNU.
I hodet låg en liten plan
så fresk og rein og go’
og Astrid dreiv og stelt’n
mens Julie sto og lo.
Dekangruppa fær rundt omkring
og kute tel og frå
og har med seg små kjepphester
som Torbjørn så ska’ få.
Og NTNUs vise folk
dom tenkt’ i fleire da’r,
men ingen visste vægen
og itte ‘hen det bar.
Men Torbjørn står og tenke’
på Gløshaugen et sted
så ingen av oss går i stå
men blir mer skapende.
Det va itj siste gongen
at ledestjerna brann,
for vi skal opp på lista
i alle værdas land,
men såmmå å som hende’,
er NTNU stor.
Du ser oss attom steinhuset
der’n Torbjørn-rektor bor.
Geir Walsø, fritt etter Alf Prøysen
Tekst og foto Kjell Håve |