KURSDAGANE: Hurtigare tog og større moloar
(5.1.07, 13:12) Framstegspartiet ville ha investeringar i veg, vegdirektøren ville ha betre vedlikehald. Og samferdslekonferansen hadde eit klart blikk på klimaendringar. |
UTFLATING KAN VERE AKTUELT: Statsekretæren frå Senterpartiet slo fast at både BNP og transportsektoren er firedobla sia 1960, og at ein slik vekst ikkje kjem att. No er miljø og sikkerheit hovudsaker. |
Statssekretær Steinulf Tungesvik i Samferdsledepartementet var første innleiar på samferdslekonferansen under Kursdagane 07.
Senterpartipolitikaren slo fast at heller enn på motorvegar må ein satse på sikkerheit på fjordvegar og fjellovergangar slik at folk tør å bruke dei. For trafikksikkerheita gjeld her som ellers nullvisjonen.
Jernbane skal utviklast med meir dobbeltspor i storbyane og auka hastigheit på hovudbanetoga.
Framsteg og investering
Leiaren for Stortingets transport- og kommunikasjonskomite, Framstegspartiet Per Sandberg, kunne ikkje møte, så i staden stilte hans partifelle Robert Eriksson, stortingsrepresentant for Nord-Trøndelag. Eriksson sit i ein annan komite, men uansett fekk forsamlinga eit innblikk i samferdslepolitikken til det største opposisjonspartiet.
Robert Eriksson var utolmodig med omsyn til investeringar. Med sine 32 år såg han fram i tida og meinte han ville oppnå høg alder før Vegdirektoratets ønske om god standard på stamvegnettet kom til å bli oppfylt, det var nemleg rekna ut til 230 milliardar kroner over 30 år. Noen av dei tilstadesverande, slo han fast idet han skua ut over salen, kom ikkje til å oppleve denne standarden i det heile.
Verdalingen Eriksson tok utgangspunkt i sitt heimlege kystfylke og gjorde opp med tankegangen om at jernbanen er svaret på alt: næringslivet på namdalskysten har ein global marknad.
Han forklarte greitt sitt partis velkjende synspunkt på bruk av Pensjonsfondets pengar: Investeringar istadenfor bankbok. Forfall kostar, dårlege vegar fører til ulukker – dermed til kostnader for samfunnet og meir press i økonomien. Med utbygging og vedlikehald av infrastruktur investerer ein i verdiskaping.
|
MEIR FOKUS PÅ SJØTRANSPORT: Johan Petter Barlindhaug, styreleiar i Barlindhaug-konsernet i Tromsø, var leiar for Distriktskommisjonen. Viss varer frå ein stad på norskekysten skal vere framme i Paris tirsdag morgon klokka sju, føreset dette samverknad av høgste grad mellom transportsektorane. |
Meir samordning
Johan Petter Barlindhaug var leiar for Distriktskommisjonen, som Bondevik-regjeringa sette ned i 2003 for å gå gjennom den politikken som skal vere grunnlaget for busetnad og regional utvikling.
Barlindhaug la i sitt foredrag stor vekt på intermodaliteten, at ordningar for veg, bane, sjø og luft må arbeide saman. No var det gjerne slik, sa han, at kvar etat var for opptatt av å få tak i pengar, og det var òg for mye av at enkelte lokalsamfunn kjempa for eitt konkret prosjekt.
Han merka òg for lite framtidstenking. Når ein no skal gå i gang med nye planar, må ein ikkje ta utgangspunkt i at på enkelte område vart planane ikkje oppfylte sist, men for eksempel i korleis ein tenker seg Barentsregionen i 2025.
Dei fire sektorane
Samordning er ønska, men enkeltsektorane fekk gjere greie for sine planar.
Vegdirektør Olav Søfteland gjekk til angrep på forfallet, og da sikta han til at det er mye usynleg forfall på tunellar og bruer. Vedlikehaldet blir forsømt.
|
TRAFIKKEN SKAL IKKJE SKADE FOLK ELLER MILJØ: Vegdirektør Søfteland (t.h.) heldt fram trafikksikkerheita som det udiskutabelt viktigaste innafor samferdslesektoren. Interessert tilhørar til venstre er TØI-sjefen Lasse Fridstrøm. |
Søfteland såg ut over sin eigen etat og la vekt på utbygging av kollektivtransport og restriksjonar på bilbruk i storbyane.
Avinors administrerande direktør Sverre Quale skisserte scenarioet nullvekst – ut frå overordna miljøomsyn – for flytransporten: fordobla flybillettprisar, ulemper for distrikta med påfølgjande sentralisering. Foreløpig er flytrafikken i sterk vekst.
Viss jernbaneetaten når sine mål, kan halve befolkninga bu der dei vil og likevel komme seg på jobb på omkring ein time. Dette er rimelegvis eit austlandsscenario.
Kan klimaet bli avgjerande?
Kystverket har endra dimensjoneringskriteria for moloar. Det verka under samferdslekonferansen i det heile nokså klart at klimaendringar no blir tekne for gitt, blant anna vart det stilt spørsmål om alle vegar og flyplassar kan halde fram med å ligge der dei ligg.
Av interessante spissformuleringar tar vi med den frå sjefen for Transportøkonomisk Institutt, Lasse Fridstrøm, om tankane om norsk høghastigheitstog. Tyske konsulentar har gått inn for eittsporsbanar. Da kan, meinte Fridstrøm, små forseinkingar på ruta få så openberre konsekvensar at ruteplanane må lagast før traseane blir bestemte.
Interessant er òg vegdirektørens syn på kriterium for grenser for bilbruk: Maksimum antal bilar som ein person kan kjøre, nemleg ein.
Tekst og foto Kjell Håve |