MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Grilling utandørs for utanlandske studentar (10.1.07, 18:44)

I dag vart det litt vinter, og i desse dagane ønsker NTNU utanlandske studentar velkommen med grilling og bading.

FRÅ MIDDELHAVET TIL SLAPS: Konstantinos Tousias skal studere til sivilingeniør og hadde venta seg snø.
- No skal dei rett i Pirbadet etterpå, slår Nina Moxnes fast og hutrar litt på den nokså kvite plena framfor Internasjonalt Hus der dei fleste av ei gruppe på om lag nitti utanlandske studentar meskar seg med det som nordmenn inntar i friluft: fiskeburgarar, pølser, appelsiner, solbærtoddy og Kvikklunsj.

Gløshaugens freistingar
Grillinga og serveringa, eller barbecuen, er eit ledd i rundturen på Gløshaugen for desse studentane frå mange land i alle verdsdelar.

LATINEUROPEISK NÆRHEIT: Francesc Risques frå Spania og Elena Mastella frå Italia er blitt kjende med kvarandre.
Etter ein halvtimes campuswalk gjer det forhåpentlegvis godt med litt varmt, for eksempel det kanskje mystiske fishburgers from låo-fåo-ten!

Velkomstprogrammet begynte i går, da var det Stiftsstad-sightseeing, Tyholttårn-pizza og fest for å bl kjent med kvarandre og dei norske vertsstudentane.

Gjerne snø
Og i dag vart det såvidt vinter.

- Frankrike og Italia veit eg kva er, men eg ville ha utfordringa med eit land langt ifrå Middelhavet, fortel Konstantinos Tousias, som er frå Hellas og gjerne kunne tenke seg å bli kjent med det nye landet gjennom vintersportsaktivitetar.

NORSK VINTER TRASS I ALT: Det gjer seg med solbærtoddy på plena.
- Eg gjekk iallfall ut ifrå at det var meir snø enn dette, seier Konstantinos.

Det er mobilitetsgruppa i Internasjonal seksjon som arrangerer programmet. Nina Moxnes framhevar òg dei som tar seg av dei utanlandske studentane, nemleg dei norske i Erasmus Student Network.

Dei arrangerer turar, utfluktar og festar gjennom heile året, for eksempel til Lofoten, Røros og til koiene.

Velkomstarrangement er i august og januar kvart år.

I kveld tar Midtbyen imot gjestane, da blir det pubrunde.

Tekst og foto: Kjell Håve