MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Etterlengta opning på Dragvoll (16.1.07, 10:43)

Måndag blei bygg 6B opna på Dragvoll. Både humanistar og samfunnsvitarar er svært fornøgde. - Dette er den største studentpolitiske seier på mange år, seier tillitsvald Vegard Austmo ved HF-fakultetet.

EIN GLEDENS DAG: - Eg er såre godt fornøgd med korleis prosessen har vore. Dette er eit statleg prosjekt som gått heilt etter planen, og det er ikkje alltid tilfellet, spøkar Vegard Austmo.
Bygget er eit kjærkomment bidrag til å løysa ein prekær plassmangelsituasjon på Dragvoll – det er det liten tvil om. Mange tilsette og studentar har i lang tid måtta jobba heimeifrå, og undersøkingar har vist at svært mange studentar har vore misfornøgd med situasjonen på Dragvoll. Då hjelper det på med eit nybygg som inneheld nye lesesalsplassar, vrimleareal, auditorium og bibliotek.

Seier for studentane Dei nye lesesalsplassane skal fordelast på studentar frå Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing (SVT) og Historisk-filosofisk fakultet (HF).

Vegard Austmo har hatt opninga av nybygget som ei hjertsak lenge, og legg ikkje skjul på at måndag var ein gledens dag.

FAKTA

BYGG 6B
Totalareal: 4500 kvm
Bibliotekareal: 1000 kvm
Auditorium: Seks med 280 plassar
Studentarbeidsplassar: 724
Pris: Omlag 70 millionar

- Dette er ei skikkeleg gladsak for oss. Prosessen er eit døme på at det nyttar når fleire studentar engasjerer seg for ei felles sak. Me har hatt ein god dialog på alle nivå, frå styrerepresentant, via tillitsvald til den jamne studenten i gata.

Austmo karakteriserer opninga som ei markering av den største studentpolitiske triumfen i hans tid som tillitsvald.

- Studentane har fått bidratt i alle ledd i prosessen og har soleis vore ein aktiv part i utforminga av bygget. Det er svært bra, seier Austmo.

KUNSTNERISK: Musikkstudentane Åse og Anne Våg Aaknes bidrog med musikalske innslag under opninga av nybygget.
Aukar med ti prosent Fordelinga på lesesalsplassane mellom SVT og HF er 70/30 i førstnemdes favør.

I haust kunne Universitetsavisa fortella om eit Dragvoll der kapasiteten for lengst var sprengt. Ein kunne lesa at på SVT-fakultetet hadde berre tjue prosent av masterstudentane lesesalsplass. Nybygget er med på å ta av for noko av det verste trykket.

- Me får no ei auke på ti prosent, og rundt tretti prosent av masterstudentane har no lesesalsplass, kan tillitsvald Bodil Andersen ved SVT-fakultetet fortella.

Også for bachelorstudentar ser det lysare ut no. Når 6B no er opna får SVT tildelt 250 nye lesesalsplassar til studentane sine, og det er nesten ei fordobling.

TAKKSAM: - Det er all muleg grunn til å takka studentane for at 6B no blir realisert, sa dekan Kathrine Skretting ved HF-fakultetet.
Ikkje tid til å venta på samlokaliseringsavgjerd Tilstades under opninga var også dekan Kathrine Skretting ved HF-fakultetet.

- Kva treng eit universitet for å lukkast? Jo, studentar. Mange studentar. Men skal me lukkast med å tiltrekka oss studentar må me ha noko å tilby dei, mellom anna arbeidsplassar. Dette bygget bidrar til å betra tilhøva her på Dragvoll, og det er studentane sjølve som har æra, sa ho.

Ei av studentane Skretting sikta til var Maja Enes. Ho var leiar for studentutvalet for Humaniora- og samfunnsvitskap (SU-HSV) då planane om nybygget for alvor begynte å ta form i 2004. Nokre studentrepresentanar begynte å kartlegga kor store plassproblem det faktisk var på Dragvoll, og dei fekk Enes med på å fronta saka.

- Ei eventuell samlokalisering var på den tida svært aktuelt, og me fekk til respons at me måtte venta til dette spørsmålet vart avklart før me eventuelt kunne få på plass eit nybygg. Heldigvis var me trassige studentar som sto på vårt. Me hadde ikkje tid til å venta i og med at situasjonen var så prekær, sa Maja Enes under opninga.

EIT BIDRAG TIL PROBLEMLØYSING: Slik ser dei nye lesesalane på Dragvoll ut. Dei er det stort behov for.
Ingen kvilepute Sjølv om 6B bidreg til å gjera tilhøva på Dragvoll betrakteleg betre for både tilsett og student, er det i følge dei tillitsvalde mykje arbeid som står att før plassproblematikken er løyst.

- Dette skal ikkje bli noko kvilepute for oss. Me er veldig innstilt på å jobba vidare for å løysa behova for arbeidsplassar på Dragvoll. For framleis er det eit stort behov som må fyllast, seier Bodil Andersen.

Vegard Austmo er einig, og kjem samtidig med ei oppfordring til dagens unge studentar: - Det er kontinuerlig behov for ei utbygging av dragvollareal, uavhengig av kva som skjer i samlokaliseringssaka. Eg håpar no at studentar som er i starten av studieløpet sitt, ser at det nyttar å engasjera seg, og at me om til dømes fire år kan opna enno eit nytt bygg her på Dragvoll, seier han.

Tekst og foto Pål Vikesland