MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Stadig fleire utanlandske landbruksarbeidarar (18.1.07, 07:36)

Det er muleg å sjå for seg ei landbruksframtid med fleire utlendingar enn gardsbruk. Men kva visste vi om framtida før utlendingane kom?

Det finst om lag 55.000 gardsbruk her i landet, antalet som søker produksjonstilskot er no for første gong kome under 50.000, samtidig som det er muleg å sjå ei framtid der 40.000 utlendingar arbeider i landbruket. Tala nærmar seg kvarandre, blir det ei kryssing?

- Eg trur talet på utlendingar blir liggande nærare tretti enn førti tusen, seier Johan Fredrik Rye ved Norsk senter for bygdeforsking. Han har levert rapporten ’De nye landarbeiderne’. - Det er umuleg å komme fram til eksakt korrekte tal.

- Bøndene er godt nøgde med den utanlandske arbeidshjelpa, opplyser Johan Fredrik Rye. Arkivfoto.
Rye presiserer at alle tal som gjeld utanlandsk arbeidskraft i landbruket, no og i framtida, er baserte på svar på spørreskjema. Det blir ikkje ført noen fullgod statistikk over arbeidsinnvandring.

Utviklinga hit og vidare
Det var 22.000 utanlandske arbeidarar i næringa i 2005, mot knapt 5.000 i 1990. Det nyaste talet står for 4.800 årsverk på 7.400 bruk. (Alle desse tala er omtrentlege.)

Ingen hadde vel tenkt seg ein slik enorm vokster, ein kan såleis ikkje vere meir sikker på framtida i dag enn ein var i 1990. Men Bygdeforskingas undersøkingar gjer det iallfall sannsynleg med eit stadig sterkare utanlandsk innslag på norske gardar.

- Det blir sagt at den første veka heime i Polen går med til å rette ut ryggen. Dette kan Johan Fredrik Rye gjengi etter sine samtalar med mange landarbeidarar.

- Mange ville ha problem med å henge med eit polsk jordbærplukkarlag. Få jordbær blir plukka av nordmenn.

Ein stor andel av landbruksutlendingane kjem frå Polen og dei baltiske landa.

Positive til utlendingar
Rye har òg gjort djupnintervju av norske bønder, i tre kommunar: Lier, Ullensvang og Midtre Gauldal.

- Bøndene skryter veldig av utlendingane, dei kunne ikkje ha halde fram utan dei. Dei kan ikkje tenke seg norske ungdommar tilsvarande, bøygd over jordbæra.

Utlendingane står på. Sjukefråvær er fråværande, verkar det nesten som. Ei halv norsk gjennomsnittslønn utgjer ei mangdobbelt polsk. Det er stor arbeidsløyse i Polen.

Eit fleirtal av dei som leier inn utlendingar, meiner at det er greitt at desse får dårlegare betalt enn tilsvarande norske. Og denne innstillinga heng altså ikkje i hop med eit nedsettande syn på utlendingar, snarare tvert imot.

Grønt trekker opp
Utanlandsk arbeidskraft blir nytta særleg på arbeidsintensive område, innhøsting er sentralt, helst sesongarbeid innafor det forskaren enkelt nok kallar grønt: altså frukt, bær og grønnsaker.

For landbruket som heilskap gjeld at 13,7 prosent svarar at dei leier inn utlendingar og 22,6 prosent oppgir at dei planlegg å gjere det. Tilsvarande for grøntsektoren er knapt 40 prosent no og nesten halvparten i framtida!

Ellers kan bruken av utlendingar innebere ei feminisering av norsk landbruk, Rye meiner kvinneandelen sannsynlegvis er høgre enn blant norsk arbeidskraft.

Fleire språk på garden
- Først vi do the salater, and then vi do the knekkoli.

Slik fortel noen landarbeidarar om sin kvardag, Johan Fredrik Rye tilrår at vi kan bokstavere det siste ordet slik: kinakåli. Innvandring blir vanlegvis sett på som eit byfenomen, men held etterkvart på å sette preg på bygda. I rapporten kan vi lese: ’Mange gårdbrukere opplever for eksempel at manglende språkkunnskaper er et betydelig problem for en effektiv gårdsdrift.’

Utlendingane er i stor grad supplement på gardane, arbeidsgjevarane er helst slike bønder som legg ned mye arbeid på bruket sjølv. Men det er store spenn, seier Rye, når det gjeld eksempel på forholdet mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar – korte tilsettingsperiodar der dei knapt snakkar saman, eller motsett noe i retning av arbeidskollektiv: folk jobbar i lag og bor lag.

Gardsfolk og arbeidsfolk, det minner om ei både idyllisk og problematisk fortid på norske bygder.

Av Kjell Håve

Johan Fredrik Ryes rapport ’De nye landarbeiderne’ (PDF)
Artikkel i Adressa om Ryes rapport