MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Merkevarebygging for Trondheimsvitskap (22.1.07, 06:14)

Er det koseleg å lese ein roman om mordarisk børstemark? Er ein Trondheim-professor modell for hovudpersonen i ein tysk bestseljar? Og kan ein bli meir skremd av sidetal enn av svermar med ekle dyr?

Radioprogrammet Ordfront er eit av NRKs kulturelle flaggskip. Litteraturprogrammet går kvar søndag klokka tolv på P2, i går fekk lyttarane sterkt fokus på NTNU – mot ein miljøglobal og rett nok oppdikta bakgrunn. Utgangspunktet er den bestseljande tyske romanen Der Schwarm av Frank Schätzing. Den er no komen i norsk omsetjing, ved Kari Bolstad.

Kvifor ikkje begynne her?
Romanen handlar om økokatastrofar samtidig på heilt ulike stader i verda, og den begynner med SINTEF-professoren Sigurd Johanson som får i oppdrag av Statoil å løyse problemet med ein heilt ny type mark som viser seg å vere eit trugsmål på oljefelta.

Innhaldet i søndagens utgåve av Ordfront var – i tillegg til opplesing – ein samtale mellom programleiaren Anne Bøhler og to frå NTNU: professor Egil Sakshaug ved Institutt for biologi og Tore Oksholen ved NTNUs informasjonsavdeling. Sistnemnde har jo sjølv skrive to spenningsromanar med naturvitskapleg bakgrunn.

Fiktiv realisme
Programmet fekk skikkeleg spenst ved markert ueinigheit i studio på Tyholt. Sakshaug framsto som trøndersk lakonisk, tildels forankra i Jules Verne, og skeptisk til at det ikkje var merkbart skilje mellom fakta og fiksjon i Svermen. Biologen hadde ikkje mye å innvende mot det vitskaplege grunnlaget, men heller mot det litterære, mot realismen i bokas hendingar – eller forfattarens tilsynelatande tru på dette.

Nettopp dette var det rette, meinte den vestlandsk entusiastiske Oksholen. Det skulle vere sømlaus overgang frå det uangripeleg vitskapelege til det fiktivt katastrofale – her viste han til H. G. Wells’ Tidsmaskinen og Michael Chrichtons Jurassic Park. Dette er kva om-metoden, kva om noe som er tenkbart, faktisk skjer.

Ein murstein om ein sverm
Oksholen berømma Frank Schätzing, som her har vist til at det likevel er geografisk område igjen å utforske: havdjupet veit vi lite om, det kunne Egil Sakshaug stadfeste. Men 980 sider er bestialsk mye, laud det frå dei to i Trondheim.

Med programleiaren i Oslo, vart det Oksholen som måtte trø til og sannsynleggjere Egil Sakshaug som modell for den Sigurd Johanson som tyske forfattaren har dikta opp. Her bobla det opp spørsmål om både favorittdrikke og drag på damene. Så mye for avrundinga av eit av helgas radiohøgdepunkt.

Svermen har seld tre millionar eksemplar, og ligge på tyske bestseljarlister i over to år. Før dei eventuelt kjem på kino saman med Uma Thurman, kjem mordarmarkane på norsk – med markering av dei vitskaplege miljøa i Trondheim.

Av Kjell Håve

Her kan du lese ei melding av boka
Presentasjon av boka i Wikipedia
Klikk på NRK nettradio og skriv Ordfront i søkefeltet