STUDENTRØSTEN: Martin A. Sværen: Studentperspektivet
(26.1.07, 06:44) Nyvald leiar av Studenttinget, Martin A. Sværen, oppsummerer erfaringane frå strategiseminaret på Røros, der han meiner fleire studentar skulle ha vore med. Heller ikkje Sværen er nokon ihuga tilhengjar av Its learning. 14. november var valet, 1. januar starta jobben. Dagens dato er 25. januar, og arbeidet er i gang, og ein har allereie gjort seg nokon tankar og refleksjonar.
|
PÅ FESTMIDDAG: Nyvald studenttingsleiar Martin A. Sværen deltok for første gong på NTNU sitt Rørosseminar måndag og tysdag denne veka. Sværen følgde opp det som er vorte ein studenttradisjon: Å invitere alle festløvene til nachspiel på hotellromet sitt. Her skulle rektor ha vore og fått høyrd studentmeining rett frå levra. Foto Arne Asphjell. |
Etter Røros
22. - 23. januar var leiinga på NTNU på Røros-seminar. Her hadde ein interessante presentasjonar og nokre få, men gode diskusjonar. Utfordringane for NTNU for å nå målet om NTNU 2020: Internasjonalt framifrå er mange, og på Røros blei mange av desse trekt fram.
Av poeng eg som student vil trekka fram er fokuset på engelskspråkleg undervisning; dette er eit viktig virkemiddel for å internasjonalisere universitetet og å tiltrekka internasjonale studentar.
På medisin har ein ein modell med ein engelsk termin. Det som opplevast som eit problem er at forelesar har manglande engelskkunnskap for å undervisa og presentera emnet. Studentane opplever denne terminen som fagleg mykje dårlegare enn andre.
Har eit universitet med mål om å bli internasjonalt framifrå råd til dette? Problemet kan løysast ved intensiv kursing. Her må ein nytta gulrotmetoden for å få forelesarar til å delta. Lønsauke er ei gulrot som kan nyttast for å betre engelskkunnskapen og andre pedagogiske ferdigheiter.
Studentperspektivet
Eit savn på Røros var likevel ein breiare studentrepresentasjon, dei studenttillitsvalte på fakultetetsnivå var dei einaste frå leiargruppene på fakulteta som ikkje var invitert. Dette er beklageleg.
Studentmedverknad i alle prosessar på universitetet er viktig, og har av blant anna rektoratet og NOKUT vore trekt fram som ein viktig suksessfaktor for NTNU. Internasjonalt framifrå er noko ein må bli saman, og alle må vera inkludert.
Det gleder meg då at rektoratet har signalisert at det er viktig at studentane er representert i møta dei skal ha med leiinga på fakultet og institutt no framover. Dei tillitsvalte på fakultet og institutt sitt på mykje kompetanse og god innsikt i kva som rørar seg ute på universitetet, og studentperspektivet vil bidra til å løfta debatten.
It’s learning
Upopulær var allereie eit dekkande ord for dette systemet. At it’s learning ikkje var mogleg å nytta i perioden rundt semesterstart er svært kritikkverdig.
NTNU har per i dag kontrakt med It’s learning ut 2007, og ein må derfor snart setta seg ned og finna ut kva system ein vil nytta vidare.
Det har i den siste tida komme mykje kritikk på alle deler av systemet, og nokon løysingar er blitt foreslått. Det som blir viktig er å sjå framover og det å finna løysingar - det er absolutt eit forbetringspotensial.
Det er spesielt viktig at faginformasjonen må vera open for at studentar skal kunne velja fag på best mogleg grunnlag.
Martin A. Sværen
Leiar av Studenttinget 2007 |