Ny bedriftslege vil ha fysisk aktivitet
(2.2.07, 06:43) Det har ikkje mangla søkelys på universitetets ulike arbeidsmiljø. Bedriftslegen ser framover. |
HER ER BEDRIFTSLEGEN: HMS-avdelinga og bedriftshelsetenesta held til på Geologibygget. |
NTNU har frå nyttår ny bedriftslege: Olav Eftedal. Han har òg denne stillinga på SINTEF.
Alle på universitetet har sin fastlege, og det er ikkje Olav Eftedal. Han er lege for bedrifta NTNU. Men han ønsker at NTNU-tilsette tar kontakt om dei har plager som dei trur kan settast i samband med deira arbeidsmiljø, også om forholdet ligg tilbake i tid.
Undersøkingar utan mistanke
NTNUs Helse-, miljø- og sikkerheitsavdeling, som bedriftshelsetenesta er ein del av, driv målretta helseundersøkingar av alle som er eksponerte for spesifiserte forhold. Eksempel kan vere arbeid i laboratorium eller verkstader der det er muleg å bli eksponert for ulike kjemikalium, støy eller støv. Tilsette får tilbod om ei målretta undersøking i forhold til aktuelle eksponeringar.
Det sentrale i dette opplegget er samtaler. Dei utgjer nitti prosent av opplegget, seier Olav Eftedal, som ellers er ein tanke varsam med ordet undersøking. Eventuelle undersøkingar vil vere avhengige av kva den enkelte har vore eksponert for, og om det foreligg helseplager som kan knyttast til arbeidet.
Framtida er fysisk aktivitet
Olav Eftedal er ny i jobben. Han har tett kontakt mot Arbeidsmedisinsk avdeling på St. Olavs Hospital der han spesialiserer seg i arbeidsmedisin. Han held òg på å avslutte ein doktorgrad om dykking og håper på å disputere til våren.
Men først var han sivilingeniør – ferdig utdanna frå NTH i 1990. Han spesialiserte seg på ultralyd for å avdekke gassboblar i blodet til dykkarar, for å avverge trykkfallsjuke. Så han var jo inne på det arbeidsmedisinsk faglege, og i 1997 vart det å gå ein ny utdanningsveg.
|
DISPUTAS TIL VÅREN: Olav Eftedal håpar på å få disputert til våren, da har han vore NTNUs bedriftslege i noen månader. |
Det er mye å sette seg inn i for å finne ut kvar dei ulike skoene trykker. Men så ser han framover: Det er forebygging han er opptatt av, særleg i form av fysisk aktivitet.
- Arbeidsgjevaren skal i følge arbeidsmiljølova vurdere tiltak for å fremme fysisk aktivitet. Kan ein få stimulert dette, kan det bidra til å få ned sjukefråværet.
Men på individuelt grunnlag
Dei to hovudårsakene til sjukefråværet er muskel-/skjelettlidingar og psykiske lidingar, påpeiker legen. Fysisk aktivitet kan vere middel mot båe.
- Det må vere individuelt kva ein vil drive med.
På eit konkretiseringsspørsmål svarar han at stavar er bra for dei det passar for, men ikkje bra for dei som ikkje vil. Enkelt nok.
SINTEF har tilsette dykkarar, og Eftedal har fått til at dei får trene i arbeidstida etter eit fast opplegg. Det fekk han til for å bøte på at dei ei tid ikkje fylte de fysiske krava som blir stilte til yrket. Eftedal funderer på om dette opplegget kan tene som modell for noe ein kan sette i gang på NTNU.
Arbeidsmiljøet er i fokus. Forhåpentligvis kan det bli like mye merksemd omkring framtidas mulegheiter som på fortidas mangel på merksemd. Olav Eftedal, trettiniårig orkdaling, er i gang med framtida.
Tekst og foto Kjell Håve |