MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Hydro møtte Ekspertar i team (9.2.07, 10:12)

Store norske industrikonsern arbeider for miljø og sosiale rettar på globalt plan. Men det er mange dilemmaer og dermed utfordringar.

Aluminium Products i Hydro er såkalt ekstern problemeigar for landsby 56 under Ekspertar i Team på NTNU. Onsdag i førre veka møtte folk frå Hydro landsbyen, som spesialiserer seg på ”Berekraft og kreativitet i globaliseringas tidsalder”.

MILJØMETALL: Konserndirektør Svein Richard Brandtzæg greidde ut om lovande miljøaspekt ved globalisert aluminiumsproduksjon.
Aluminium er globalisering
Tenker vi aluminiumsproduksjon, tenker vi norsk industrihistorie. Men når industriklenodiet kjem til NTNU no for tida, så er det verda som kjem. Konserndirektør Svein Richard Brandtzæg gjorde merksam på at i hans område skjer nitti prosent av vidareforedlinga i utlandet.

Han skisserte tre hovudutfordringar for industrien: Globaliseringa, India og Kina, og for det tredje energi og klima.

Her ser vi forskuvinga frå atlantiske til asiatiske område. Vi ser òg at samanhengen mellom energibruk og klima blir tatt for gitt. Industriframtida skal vere berekraftig.

Stoff med miljøpotensial
- Det krevst mye energi for å produsere aluminium, men den kan resirkulerast nærmast i det uendelege, sa Brandtzæg. - Reduserer ein bruken av aluminium med 1 kilo, sa han, reduserer ein CO2-utslippa med 13 kilo.

Hydro har òg eit konsept med bygningar med innbygde mikrokraftverk – basert på luftstrømmane i konstruksjonen!

Lukkeleg som hårlaus
Ein møter ulike arbeidsmiljø rundt om på kloden: I ein magnesiumfabrikk i Kina arbeidde folk i bar overkropp ved omnar der det vart tekne ut lettantennelege emne gjennom lukene. Industriarbeidarar blir jo oppfatta som ”kara med hår på brøste”, men kanskje ikkje i Kina. Brandtzæg presiserte at Hydro ikkje eig denne fabrikken.

DILEMMAER OG UTFORDRINGAR: Arvid Halvorsen orienterte grundig om utfordringane ved konsernets arbeid for betring av sosiale forhold og miljøet.
Å eksportere norske miljøstandardar til for eksempel Kina kan få underlege følger: På ein fabrikk var det teikna ein raud sirkel på golvet – den hadde vel ein eller annan funksjon i produksjonsprossessen, trudde Hydro-utsendingane. Men det dreidde seg meir om Kulturrevolusjonens arv enn om norsk HMS-strev: den som braut forskriftene, måtte stå inne i ringen til spott og spe.

Dårlegare kår for verstingar?
Arvid Halvorsen er leiar for Hydro CSR, dvs. Hydro And Corporate Social Responsibility. Han framheldt at den teknologiske utviklinga no gjer det vanskeleg å gjømme bort dårleg praksis. Dei store selskapa har ein krig om talent, der dei før sloss om hardware. Det blir problematisk å samarbeide med miljøsvin og menneskerettsbrytarar.

Utviklinga fører til dilemma: Ein er nøydd til å leige væpna vaktar til å passe på eigedom, men òg passe på at vaktene ikkje bryt menneskerettane.

Hydro opererer i land som befinn seg langt nedpå rankinglista basert på korrupsjonsnivå:

- Det er veldig krevande å isolere seg når korrupsjon gjennomsyrer landet. Korleis unngå å bli medskuldig? Vi må følge våre standardar.

Inn i det nye hundreåret
Standardane har vorte oppjusterte. På nittitalet fekk Hydro ei oppvåkning til samfunnsansvar da selskapet gjennom eit prosjekt i India kom i skvis mellom eit brutalt politi og urbefolkning som vart flytta mot sin vilje. Hydro valde å trekke seg ut.

Hydro CSR samarbeider òg tett med frivillige organisasjonar. Her kan nemnast Amnesty International. Det blir utveksla informasjon før Amnesty demonstrerer utafor eit Hydro-kontor.

Det finst vidare ein organisasjon med namnet Transparency International, med reglar utvikla til dels av Hydro CSR: Business Principles For Countering Bribery.

- Men det blir aldri slutt på korrupsjonen, sa Arvid Halvorsen, det blir heller meir av den.

MYE Å FORDØYE: Landsbydeltakarane fekk ei overveldande mengd fakta og problemstillingar.
Norsk lov gjeld
Carsten Tank-Nielsen frå Hydro Leiarskap og Kultur følgde tråden. På spørsmål om praksis, svarar ein del norske i utlandet at dei ser gjennom fingrane på eitt og anna korrupt i med at norsk straffelov ikkje gjeld i vedkommande land. Tank-Nielsens kommentar: - Det svaret er feil. Og det kan bli fatalt!

Dessutan gjeld amerikanske lover – som ikkje er snillare en norske – over heile verda for selskap som er noterte på New York-børsen.

New York-børsen har sine Dow-Jones-indeksar, av dei òg ein for berekraft, eller sustainability som det heiter der borte. Der ønsker Hydro å score.

Hydro har slutta seg til eit FN-programmet Global Compact. I selskapets årsrapport kan ein lese at dei dermed ”forplikter seg til å støtte ti prinsipper om menneskerettigheter, arbeidsstandarder, miljø og korrupsjonsbekjempelse”.

Imponert
¬- Det er heilt unikt at eit selskap stiller så sterkt.

Det er vurderinga til landsbyleiar John Hermansen. Han tykte det var mye innsats frå Hydro med dette utvalet av innleiar og ein så brei presentasjon. Dette tar han som eit teikn på at konsernet ser det som viktig at studentane oppfattar heile det industrielle komplekset, ikkje berre sal og kjøp og teknologi.

Overvelda?
Eit par timar med innleiingar frå leiarar i Hydro etterlot inntrykk av konsernet som noe bortimot eit misjonselskap for miljø og sosiale rettar. Det er det ikkje noe å seie på, tatt i betraktning kva dei faktisk var bedt om å innleie om. Men dei fjorten studentane hadde vel litt vanskeleg for å spontanfordøye stofftilfanget. Iallfall sa ein av dei at dei hadde diskutert igjennom vesentlege problemstillingar på førehand, men at det ikkje var greitt utan vidare å kople dette til alle presenterte fakta.

Dilemma i landsbyen
Ein skimta den tradisjonelle industribedrifta da ein student spurte om Hydros haldning til bruk av fossilt brensel i Qatar. Svaret var at ein fekk prøve å gjere dette på ein bra måte i Qatar, og at noen andre ville gjere det om ikkje Hydro gjorde det.

Logikken er ellers at det blir utvunne enorme mengdar gass uansett i dette landet, gjennom oljeproduksjonen, ein kan da like gjerne bruke gassen til industriproduksjon.

Veggar kan ein møte: Carsten Tank-Nielsen spurte om kor mange som hadde sett Al Gores miljøtrussel-film – to-tre rekte opp handa. Ein, som fortalde at han studerte statsvitskap, sa at han trekte ein konklusjon om mye sterkare statlege pålegg. Umiddelbart repliserte ein annan deltakar at da flytta industrien til eit anna land.

Tekst og foto Kjell Håve

Klikk på ”plakat” på denne landsbypresentasjonen
Hydro-årsrapport, s. 66-68 om korleis dei rapporterer til FN