MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

- Bør satsa stort på dataspel (6.2.07, 06:42)

Det meste ligg til rette for at NTNU skal bli leiande innan spelutdanning i Noreg. Det meiner nettverksgruppa som arbeider for å oppretta eit nasjonalt kompetansesenter for spelforskning i Trondheim.

Det er no om lag eitt år sidan ei rekke aktørar frå ulike fagmiljø gjekk saman for å oppretta eit nasjonalt kompetansesenter for spelforskning i byen. På den tida har det skjedd mykje.

LEIANDE: NTNU kan verta leiande innan spelutdanning i Noreg, meiner Alf Inge Wang.
Mange prosjekt konkretisert
Nettverksgruppa hadde eit møte 1. februar for å kartlegga dagens situasjon, samt for å diskutera kva veg ein skal gå i tida som kjem.

Møtet vart leia av studiedirektør Hilde Skeie, og tilstades var mellom andre dekan Kathrine Skretting frå HF-fakultetet, dekan Arne Sølvberg frå IME- fakultet, sekretariatsleiar Bård Eidet frå Sør-Trøndelag Fylkeskommune, rådgjevar Jon Inge Resell frå Studieavdelinga og prosjektleiar Jaro Röksa fra Midtgard Medialab.

Førsteamanuensis Alf Inge Wang ved Institutt for datateknologi og informasjonsvitenskap (IDI) har kartlagt kva faglege tilbod som eksistererer ved NTNU i dag, og la fram desse funna på møtet. Han fortel at det har blitt konkretisert mange prosjekt i året som har gått.

- Ja, det har vore stor framgang. Til dømes kunne studentane ved IDI hausten 2006 velga i over 25 fordjupningsprosjekt som var relatert til dataspel. Desse prosjekt vert so støtta av ulike teorieemne, fortel han.

Ambisiøse planar
Førsteamanuensisen lanserer forslag for kvar vegen går vidare i arbeidet med spelforskninga. På kort sikt gjeld det å koordinera dei fagtilboda som eksisterer i dag, samt å synleggjera desse slik at studentar som kjem til byen veit at dei kan studera dataspel ved universitetet.

AKSEPTERT: Eit godt døme på at spel no har vorte eit seriøst fagområde, er at jamvel fagtidsskriftet IEEE Spectrum har kome med spesialutgåve om emnet.
Ein bør også gjera dataspel til ei fordjupning mot slutten av studiane innanfor dei allereie eksisterande tilboda. På lengre sikt er visjonane meir ambisiøse.

- Me håpar å få oppretta ei utdanning som er eksklusiv og profesjonsretta mot spelprogrammerarar, spelgrafikarar, speldesignarar og så vidare. Men til dette treng me mykje ressursar og stor kompetanse. NTNU bør satsa stort på dataspel, og vera leiande innan denne utdanninga i Noreg, seier Wang.

Han presiserer at desse tankane framleis er i startgropa, og det er ein del brikkar som skal på plass før dei kan settast ut i livet. Det er mange politiske avgjerder som skal fattast, og ein treng sterk økonomisk støtte frå både NTNU og Kunnskapsdepartement for å få planane realisert.

- Du seier at det på lang sikt krev store ressursar og fagleg kompetanse for å få på plass ei profesjonsretta utdanning. Kor mykje av denne kompetansen er tilstades ved NTNU i dag?

- Veldig mykje er allereie på plass. Når det gjeld den teknologiske biten som til dømes programmering, så har me svært god kompetanse på dette området ved NTNU i dag. Også tilhøve som gjeld lyd og musikk har me på plass i form av musikkteknologisk utdanning.

FAKTA

NASJONALT KOMPETANSESENTER
for spelforskning er eit åpent tverrfagleg nettverk som blei etablert i 2006.

  • Nettverket vil etablera ei nasjonal spelutdanning ved NTNU.
  • Planane var initiert av sosiologiprofessor Arne Krokan, og representanter fra Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap, Institutt for telematikk, Insitutt for sosiologi og statsvitskap, Institutt for kunst - og medievitskap og Institutt for teknisk kybernetikk bidrog til å etablera senteret.
  • På eit møte 1. februar la førsteamanuensis Alf Inge Wang ved IDI fram statusrapport for kva tilbod som omhandlar dataspel som eksisterer ved NTNU i dag, i tillegg til at han lanserte forslag for kva ein skal gjera vidare for å få etablert ei spelutdanning ved Trondheim.

  • Alf Inge Wang fortel at det er på områder som gjeld den visuelle utforminga av spelet, som mellom anna innbér å utforma konsept, karakterar og omgjevnader, ein først og fremst manglar spisskompetanse per dags dato.

    - Film- og medievitskap og Drama og Teater er svært relevante fagretningar i ein slik samanheng, men per i dag har ein ikkje fagtilbod direkte retta mot dataspel, seier han.

    Viktig medium
    Førsteamanuensisen meiner dataspelets stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga gjer at NTNU ikkje har råd til å la vera å utnytta kompetansen ein innehar ved universitetet i dag.

    - Me ligg litt etter i Noreg kva forskning på dataspel angår, men me må huska at dataspel er etterkvart blitt eit like viktig medium som film, fjernsyn og aviser. Ved NTNU har me mykje av den kompetansen som trengs for å gje eit godt fagleg tilbod. Men me kan ikkje venta. Me må satsa no, seier Alf Inge Wang.

    Tekst Pål Vikesland
    Foto Arne Asphjell