LESERBREV Jens Oluf Andersen: Klage på sensur
(9.2.07, 22:26)
Det hadde vore greit å få avklart om det er mogleg å kreve at studentane grunngjev ein klage. Alminneleg sunt vett tilseier at det bør vere slik.
Eg har den seinare tida retta i klagesaker der studenten oppnår ein score på 20-25 prosent. Dette er svært langt unna strykgrensa på 40 prosent. Desse klagane er såleis heilt grunnlause.
Eg meiner i tillegg at studentane som klagar i slike saker manglar respekt for tida til dei tilsette i administrasjonen og til dei vitenskapelege tilsette som må handsame slike saker. I slike saker hadde det vore umogleg (innafor rimeleg tvil) for ein student å påvise at opprinneleg sensur var urimeleg.
Eit krav om skrifteleg grunngjeving ville difor eliminert dei mest urimelege klagane (studenten vil i tillegg lære ein del fagleg ved å måtte gå gjennom eigen besvarelse og samanlikne med løysingsforslag).
Dei tilsette på universiteta har viktigare ting å drive med enn slikt, og det hadde ikkje vore noko trugsmål mot rettane til borgarane andsynes staten om eit slikt krav hadde blitt innført.
Jens Oluf Andersen |