LESERBREV Ove Kr. Haugaløkken: Informasjonskompetanse ved NTNU
(12.2.07, 10:44) Viggo Pedersen foreslår i UA 12. februar at NTNU tilbyr kurs i informasjonskompetanse. Dette er eit godt forslag. Eg trur ei innføring i informasjonskompetanse tidleg i studiet vil gjera det lettare for studentane å legge opp eit studieløp som både bidrar til fagleg fordjuping og god progresjon.
Utvalet for IKT og læring, som var ein del av organisasjonen rundt innføringa av Kvalitetsreformen ved NTNU, meinte informasjonskompetanse var av så stor betydning at ein foreslo å legge det inn som ein del av opplæringa for læringsassistentane, slik at kunnskapen lettare kunne bli spreidd direkte til studentane.
Forslaget fekk ikkje gjennomslag i organisasjonen.
Men Universitetsbiblioteket ved NTNU, som lenge hadde arbeidd med temaet, lanserte eit nettbasert kurs i informasjonskompetanse som er både gratis og lett tilgjengeleg. I tillegg til dette tilbyr Universitetsbiblioteket også brukartilpassa opplæring for dei ulike studentgruppene.
Mykje av det Viggo Pedersen etterlyser finst altså allereide ved NTNU. Det er også direkte lenke til kurset i informasjonskompetanse frå it?'s learning.
Universitetsbiblioteket sitt kurs finst her.
Ove Kr. Haugaløkken |