LESERBREV Helge Langeland: Klage, evaluering og ressursbruk
(16.2.07, 10:33) Korleis kan vi gjere klageproblemet mindre? Korleis kan vi greie meir evaluering? Eg har ein strategi på dette - kanskje denne kan vere interessant også for andre? Min filosofi er å få studentane til å arbeide i lag med øvingar og prosjektarbeid. Men evalueringa skal vere individuell - d.v.s. at kvar student skal vurderast ut frå det vedkomande kan - utan hjelp frå andre. Dette blir gjort ved hjelp av semesterprøver.
Dersom ein skal greie å minske talet på klager, må ein gjere evaluering meir eksakt, låst fast og uforanderleg. Ein må lage prøven slik at ein unngår subjektive, skjønnsmessige vurderingar.
Eg gjer det ved å lage prøven som ei rad med utsegner som studentane skal ta stilling til - ca. 145 ved ein vanleg eksamen og om lag 100 ved semesterprøver på 2 timar. Er utsegna sann eller er ho usann? Det er viktig at utsegnene er eintydige og at dei handlar om viktige prinsipp ved faget - ikkje språklege nyansar.
Kvar utsegn har ei vekt. Summen av vektene på rette svar blir oppnådd poengsum. Studentane skriv svara inn i eit svarark som blir lesne maskinelt. Svararka blir skanne og eg får eit rekneark med studentnummer og kva studentane har svara på dei forskjellige utsegnene. Dette legg eg så inn i eit rekneark som finn ut kor mange poeng kvar student har fått. Denne poengsummen blir så rekna om til prosent og sett inn i ein karakterskala.
Når eksamen er halden, tar eg kopi av alle svararka og legg dei ut til studentane saman med løysingsforslag. Studentane blir oppfordra til å kontrollere svara og å kritisere spørsmål dei synes var uklare eller ikkje eintydige. Dermed blir studentane høyrde om eksamen - dei kan rette på spørsmål dei meiner ikkje er gode eller der løysingsforslaget er feil.
Dersom sensor og eg er samde, blir uklåre spørsmål tekne ut av eksamen. Studentane er dermed med og kvalitetssikrar eksamen og å kontrollere at feil ikkje blir gjort.
Rollen til sensor ved denne typen eksamen blir forskjellig frå konvensjonell eksamen. Sensor si oppgåve blir å kontrollere og kritisere spørsmåla/utsegnene brukte på eksamen - er dei rettferdige, er dei eintydige, for vanskelege osv. - med andre ord ei kvalitetssikring.
Sensor gjer eksamen og kjem opp med svar - sant eller usant. Desse blir samanlikna med mine svar, og eventuelle feil blir retta opp samtidig som uklåre utsegner blir retta opp for seinar bruk. Sensuren går mykje kjappare, og sensor treng ikkje lese gjennom svara til studentane fordi dei berre er eit ark med avkryssingar.
Resultatet av denne typen eksamen er altså ein eksakt poengsum som tilsvarar ein viss prosent rette svar. Den subjektive vurderinga er teken ut av eksamensrettinga. Ved spørsmål om grunngjeving av karakteren blir svaret: "Kandidaten fekk x prosent rette svar. Dette tilsvarar karakteren y. Karaktergrensene er slik og slik."
Eg har også hatt klage på karakteren. Den nye sensoren sa til meg etterpå: "Dette var jo spikra" - med andre ord: Sensoren fann ingen subjektive vurderingar som han kunne endre på og som kunne endre karakteren. I så fall måtte dei nye sensorane ha tatt ut spørsmål eller ha endre på skalaen for omrekning til prosent. Dermed måtte alle dei andre studentane også dømmast etter same skala - noko som ville vere rettferdig. Ved sensur blir det vurdert om dei som ligg nær grenser ligg i klynger som bør få same karakter.
Alle utsegnene/spørsmåla eg lagar i faget legg eg inn i ein database og samlar dermed materiale som eg kan bruke om att. Dermed byggjer eg ein ressurs som eg har nytte av ved kvar eksamen eg lagar.
Ved kvar eksamen lagar eg ein del nye spørsmål, og gjer gjenbruk av ein del og lagar variantar av ein del spørsmål i databasen. I skrivande stund har eg vel ca. 1500 utsegner å velje i. Desse går på å forstå, rekne ut og finne løysingar på samansette problemstillingar.
Skrivetrening gjev denne eksamensforma ikkje, men den evaluerer kunnskap og forståing i svært mange deler av faget. Studentane får trening i denne eksamensforma ved tilsvarande obligatoriske kvissar som blir gjort på veven, og har løyst ca. 100 slike spørsmål før første eksamen. Totalt har studenten vurdert ca. 350 utsegner for å få ein karakter i faget.
Helge Langeland
PS. Dersom du er interessert i å få databasen eg brukar for å lagre utsegner, så ta gjerne kontakt. Du kan også få reknearket som eg brukar for å samanstille data frå forskjellige prøver.
helge.langeland@ntnu.no |