ISFiT 2007 ISFiT er i gang
(19.2.07, 08:24) Denne helga har Trondheim kokt av internasjonalt liv. ISFiT har starta. President Martin Svarva er svært fornøgd med festivalopninga. |
GLOBAL RESPONS: På Folkebiblioteket kan vi under ISFiT sjå denne utstillinga der June Terese Arnesen ved hjelp av fotografi har dokumentert latinamerikansk respons på globaliseringa. |
Konsertar, kunstutstillingar, debattar, og over 400 forventningsfylte deltakarar. Det har vore ei hektisk første helg av den ni dagar lange ISFiT-festivalen. 450 deltakarar fekk til slutt tak over hovudet, og ISFiT-president Martin Svarva fortel om ei hektisk, men vellukka opningshelg.
Knirkefri festivalopning
- Kva har vore høgdepunktet så langt?
- Det er mange, men eg trur den finaste augneblinken til no var då me stod på togstasjonen fredag morgon og tok imot hundre deltakarar frå heile verda. Då skjønte eg verkeleg at me var i gang.
- Har det vore nokre problem til no?
|
KURATOR: Richard Borgstöm har vore ansvarleg for utstillinga More Than This – Voices and expressions on sustainability ved KiT. |
- Nei, faktisk ikkje. Eller, det var ein del deltakarar som vart sitjande på Gardermoen i nokre timar, ettersom flyet til Trondheim ikkje var i rute. Så etter at me gjennom media har etterlyst fleire ISFiT-vertar i ei veke, var me faktisk fleire vertar enn deltakarar ei kort stund, smiler Svarva.
- Kva ser du mest fram til i veka me no går inn i?
- Igjen, det er svært mykje. Konserten i Nidarosdomen på torsdag med Susanne & The Magical Orchestra og Hanne Hukkelberg, skidagen og sjølvsagt fredsprisutdelinga.
ISFiT-presidenten bedyrer at han klarar å nyta dei mange opplevingane midt i den hektiske festivalaktiviteten.
- Ja, det er ikkje noko problem. Eg berre hiv meg med. Det er viktig å ta seg tid til å kosa seg, seier Svarva.
|
KUNSTNERISK: Denne installasjonen er blant kunstverka du kan sjå på KiT denne veka. |
Kunst i globalt og regionalt perspektiv
Universitetsavisa var laurdag til stades under opninga av utstillinga More Than This – Voices and expressions on sustainability på Kunstakademiet i Trondheim (KiT). Utstillinga skal bidra til personleg refleksjon rundt spørsmål som omhandlar bérekraftig utvikling og vedlikehald.
Konteksten er midtnorsk, men tankane ein gjer seg i møtet med den trønderske kunsten, har også mykje til felles med viktige spørsmål i eit globalt perspektiv. Dette påpeikte også Martin Svarva i sin opningstale på Kunstakademiet.
- Ein kan ikkje vere likegyldig til kunst, ein må ta til seg både dei behagelege og dei ubehagelege sidene ved den, slik er det også med globaliseringa. Me kan ikkje feie noko under teppet, men må ta klare standpunkt, sa han.
|
FORNØGD ISFiT-president Martin Svarva er fornøgd med opninga av årets festival. |
Rikhaldig program
Utstillinga på KiT er langt frå den einaste utstillinga skodelystne trøndarar har kunne få med seg denne helga. Mellom anna har June Terese Arnesen ei fotoutstilling på Folkebiblioteket, Global Response. I tillegg har det vore konsertar og debattar i rikt monn.
Opningssermonien gjekk av stabelen laurdag i Storsalen. Denne kvelden var det også konsertar med Jason Molina og Karl Barx på Studentersamfundet. Same stad vart det halde møte om globalisering søndag kveld.
Festivalen held fram denne veka, og utdelinga av studentanes fredspris, debatt om medias rolle som global verkelegheitsformidlar og ein felles stille spasertur frå Nidarosdomen er blant arrangementa som står på programmet.
Tekst og foto: Pål Vikesland |