Førebur møtet med mikrofonen
(22.2.07, 06:39) Forskningsformidling er ei viktig oppgåve for NTNU, og i førre veke var fleire av universitetets tilsette på medietreningskurs. - Forskarar må huska å konkludera før dei resonnerer, seier kursleiar Christian Fossen. |
PROGRAMLEIAREN: Christian Fossen inntek rolla som røynd radioreporter. Han spør... |
Fossen, som er nestleiar i Informasjonsavdelinga, meiner det vert gjort mykje god markedsføring ved NTNU i dag, men at det framleis er ein del arbeid som står att ved universitetet. Grunnen er dels geografisk.
- Storparten av den norske befolkninga oppfattar NTNU som dei som er best på forskningsformidling, men dette kjem ikkje alltid like godt fram i mediene.
Han utdjuper: - Me lir litt av det samme syndromet som mange institusjonar utanfor Oslo gjer. For hovudstadspressa er det klart enklare å benytta seg av kompetanse frå Universitetet i Oslo.
|
DEN MEDIEVANTE FORSKAREN: ... og stipendiat Jim Stian Olsen svarer. Slik foregår den praktiske delen av medietreningskurset. |
Aukande interesse for forskningsjournalistikk
Kursleiaren er likevel svært optimistisk på NTNUs vegne i framtida.
- Me ser at interessa for forskingsjournalistikk er aukande. Program som Schrödingers katt og Newton på NRK har hundretusenvis av sjåarar kvar veke, og i desse programma er også NTNU godt representert. Men me kan sjølvsagt bli enno flinkare til å profilera den enorme kompetansen me innehar ved universitetet. Me har ekspertise på veldig mange område.
- Kva er den største utfordringa når ein skal formidla komplekse forskningsfunn i løpet av eit kort intervju?
- Den største utfordringa for forskarar som skal opptre i media er at dei må komme med konklusjonen før resonnementet. Forskarane er jo vant med å jobba omvendt, forklarer Fossen.
Det at interessa for forskningsjournalistikk aukar, gjer altså at det er ekstra viktig for NTNU og vera offensive i si satsing, meiner han. Og mykje av denne satsinga innebér også ei haldningsendring innad i forskingsmiljøa.
- Me høyrer ofte at forskarar som er mykje i media vert litt uglesett innanfor eigne fagmiljø. Gjer du deg nokre tankar om det?
|
FRÅ LABRATORIUM TIL MIKROFON: I møte med journalistens mikrofon gjeldt det å vera godt førebudd.
|
- Ja, forskar er ikkje alltid så rause med kvarandre, og eg trur nok ein må verta flinkare til å oppmuntra til formidling innad i akademiske miljø, seier kursleiar Fossen.
”Du lytter til Her og nå, og neste tema er smarte materiale”
Då Universitetsavisa besøker medietreningskurset driv deltakarane og gjennomgår oppgåver der dei skal formidla komplekst forskingstoff på ein spissa og journalistisk interessant måte.
- Bodskapen min er at ein ved hjelp av smarte materiale kan endra norsk industri. Målgruppa er industrileiarar, fortel stipendiat Jim Stian Olsen ved Institutt for Konstruksjonsteknikk.
- Det er bra, der har du eit klart bodskap til ei primærmålgruppe. Og det er viktig. Dersom du forsøker å nå alle endar du opp med å nå ingen, forklarer Fossen.
Og det er mykje omfattande forskingsmateriale som skal formidlast.
FAKTA | TEMA PÅ KURSET
Forskeren og journalisten. Ulik tilnærming – samme sak
Alt du noen gang vil bli spurt om
Den gode historie – journalistiske kriterier for valg av stoff
Den dramaturgiske trekanten
Hvordan få troverdighet?
Hvordan forberede seg til og gjennomføre et intervju?
Hvordan få inn eget stoff i media?
Hvordan bruke media som aktiv medspiller? | Ingunn Amdal vil auka interessa for taleteknologi, medan Håvard Bjerke ved Norsk senter for barneforskning har som mål at vaksne skal ta born på alvor i større grad enn i dag.
Gjennomgangen fører vidare til praktisk trening, i form av eit simulert radiointervju. Christian Fossen inntek rolla som røynd radioprogramleiar, ei rolle han har god kjennskap til gjennom fleire år i journalistyrket, mellom anna i Her og Nå og Schrödingers katt.
Deltakarane skal så i løpet av kort tid forklarer ”lyttarane” kvifor deira funn er relevante. Årevis med forsking skal formidlast i løpet av to korte radiominutt.
Tekst og foto Pål Vikesland |