For få kvinnelege professorar – ved ei av dei
(26.2.07, 10:55) Skal det bli likestilling i overskueleg framtid, er det stort sett berre kvinner som kan tilsettast. Det kan lesast ut av arbeidet til ein komite som har vore leia av Kari Melby. |
GJEVANDE ARBEID: - Det har vore svært interessant å leie dette arbeidet i tre år, seier Kari Melby. Arkivfoto NTNU Info. |
Det vekte oppsikt da ein komite nyleg foreslo å gi ein halv million i belønning i eitkvart tilfelle der ei kvinne blir tilsett i fast vitskapleg stilling på universitet eller høgskole.
Komité for integreringstiltak – Kvinner i forskning, har i tre år vore leia av professor Kari Melby ved Institutt for tverrfaglege kulturstudium, på Dragvoll. Kunnskapsdepartementet fekk sluttrapporten, med dokumentasjon, tankar og forslag, 8. februar. Leiaren presiserer at det er snakk om tilrådingar:
- Forslaga våre er slikt som vi meinte det er verdt å sjå på og gjennomtenke i departementet. Vi har ikkje foretatt endeleg vurdering.
Momentan mediereaksjon
Ho forsvarte rett nok forslaget om stykkprisfinansiering – som forslag – i radiodebatt med ein representant frå Framstegspartiet. I dei minutta debatten varte, vart det ikkje oppnådd semje om kva som var tull, eller om kva som var grunnlag for å ikkje tru sine eigne øyre.
Men ellers var reaksjonane stort sett positive, frå for eksempel Inge Lønning, framståande Høgre-politikar og tidlegare universitetsrektor. Det var mange presseoppslag. Leiaren vart heilsideintervjua i Aftenposten, og Dagsavisen hadde fyldig reportasje om likestilling i forskinga.
|
PRIS FRÅ NTNU: Kari Melby fekk NTNUs likestillingspris i 2006, delt ut her av tidlegare universitetsdirektør Per Ivar Maudal. Arkivfoto NTNU Info. |
Merkverdig mannsopphopning
Kari Melbys fokus er på dei bakanforliggande problema, på bekymring for framtida: Kvinner utgjer sytten prosent av mengda med professorar, og omkring halvparten av stipendiatane. Folk fell frå.
Med rapportens ord: ”Tall fra NIFU STEP viser at dersom en skal oppnå en kvinneandel på 50 % innen 2020, må samtlige nyansatte over flere år være kvinner.”
Fleire forslag
Komiteen peikar òg på ei meir spesifisert ordning: halvmillionar for teknologistillingar.
- NTNU har problem med å rekruttere til mnt-faga, områda matematikk/naturvitskap/teknologi. Ein kan ikkje halde fram med å rekruttere frå halvparten. Det utgjer tap av talent!
Vidare blir det tilrådd å sjå på om ein utdanningsinstitusjon kan få ein sum pengar ved å legge fram ein plan for fleire kvinner i vitskaplege stillingar, og ved å bidra med samme sum sjølv.
|
MARKANT FAGBAKGRUNN: Ho er òg ein anerkjent historikar, som vart styrar for Institutt for tverrfaglege kulturstudiar. Arkivfoto NTNU Info. |
Gyldne mulegheiter
Eit håp for likestillingsarbeidet er å utnytte det kommande generasjonskiftet i vitskaplege stillingar, mange menn kjem i dei næraste åra til å gå ut i alderspensjon.
Og det er håp om at det kan bli godtgjort at Noreg har tolka for strengt ein EFTA-dom mot å lyse ut stillingar berre for kvinner.
- Komiteen har hatt god kontakt med EU-kommisjonen, vi har diskutert grundig med byråkratane i Brussel.
Reist mye rundt
Statsråd Djupedal ønsker å videreføre en nasjonal likestillingskomite. Det blir uten professor Melby, som ellers er prodekanus ved Det historisk-filosofiske fakultet, og nyleg er utnemnt til leiar av divisjonstyret for vitskap i Noregs forskingsråd.
- Vi har hatt stort spelerom, det har vore noe heilt sjølsagt å be om eit møte med den og den rektor. Det har kanskje vore tilfelle av at leiinga ved vedkommande institusjon har trudd at når vi ankom, så var det for å kikke dei i korta. Men det vi ville, var berre å bidra med vår kompetanse.
Kari Melby reknar ikkje med negative reaksjonar på rapporten. No håpar ho på open vilje til å vurdere tilrådingane.
Tekst og foto Kjell Håve Rapporten er her, den heiter ”Kjønnsbalanse i akademia (PDF, 7 MB) Aftenpostens intervju med Kari Melby i samband med rapportoverrekkinga To heilsider i Dagsavisen i same høve
|