KLIMATRUSSELEN: Ver på vakt mot klimaoverraskingar
(12.3.07, 06:44) Kva var føresetnadene for den franske revolusjon: fattigdom og antireligiøse haldningar? Og dessutan naturforholda på Island! Professor Ole Humlum ved Institutt for geofag, Universitetet i Oslo ga i ei av Gunnerus-forelesningane 8. mars mange eksempel på korleis klimaforhold kan ha verka inn på historia.
|
KVA VEIT VI, KVA KAN VI IKKJE VITE?: Ole Humlum til venstre og Terje Berntsen ga moment til ein kunnskapsbasert klimadebatt.
|
Humlum greidde for eksempel ut om sitt heimland Danmark som på 1600-talet hadde ei flåte som gjorde landet til noe nær ei supermakt. Det hjelpte ikkje da ”belterne” – som danskane kallar sunda mellom si halvøy og sine øer – fraus. Svenskekongens soldatar gjekk på isen.
Noen generasjonar med same klima fekk middelalderens folk til å tru at slik var det – det galdt iallfall nordbuane på Grønland, som jo begynte med eit nullpunkt, ei felles innvandring, og det i ei tid da det var mildare enn noen hundre år etterpå. Psykologien verka mot omstillingar til hardare tider.
Faunaen kan flytte seg
På slutten av 1600-talet var Island omkransa av is, og i den same perioden gjekk ein isbjørn i land på Færøyane.
Vulkanutbrotet på Island i 1783 forurensa atmosfæren i ein slik grad at det ga misvekst i mange land, blant anna Frankrike. Naud og opprørstrang voks.
Da Hitlers generalar konsulterte meteorologane før angrepet på Sovjet sommaren 1941, hadde desse god oversikt over klimautviklinga. Litt for god: dei var i stand til å observere at det hadde vore ein lang periode med mildt klima, men den påfølgjande vinteren vart den verste i manns minne. Eit klimamessig vendepunkt var passert.
Heilt normalt med overraskingar
- Kva er plan B? spurde professor Humlum. Vi kan framskrive planetens oppvarming, men det klimahistoria fortel om, er overraskingar. Og den fortel at menneska alltid får det vesentleg verre når det blir kaldare.
- Dei fleste fagfolk er i ein mellomposisjon, sa Humlum med omsyn til klimadebatten. – Vi veit ikkje alt om klimaet.
|
HER KAN VI PRESENTERE EIN KLIMASKEPTIKAR: Isbjørnen er rimelegvis skeptisk til klimautviklinga. Kanskje Færøyane er håpet, på 1600-talet gjekk det eit slikt dyr i land der. |
Lit ikkje på enkle observasjonar
Forskar Terje Berntsen frå klimaforskingssentret Cicero er ein av forfattarane bak FNs klimapanels siste rapport. Han åtvara først:
- Det er skiføret i Nordmarka som gjerne styrer norsk klimadebatt. Og folk ser ut gjennom vindauget på vinteren og ser at plena er grønn. Men på begrensa område må ein berre rekne med store variasjonar.
Uhyggeleg tidleg
Med breidt perspektiv blir det heile likevel alvorleg: Av detaljar i Berntsens foredrag kan takast med at våren kjem ein månad tidlegare enn for femti år sia i delar av Alaska, at orkanane ikkje har vorte fleire men intensare, og at det er drivhusgassane som er årsaka til det meste av temperaturauken globalt sett. Framtida vil avhenge av korleis utsleppsnivået blir, og av kor følsomt klimaet er for endring i strålingsbalansen.
Festsalen i Trondheim katedralskole var fullsett. Foredragshaldarane vart kringsette av interesserte i pausen og etter møtet.
Tekst og foto Kjell Håve |