MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Rystande om korleis fortida kjem att (13.3.07, 06:47)

Av og til, som for femti år sia, er Ungarn i søkelyset. Men ein doktordisputas på Dragvoll fortel om ei anna historie enn den kommunistiske.

ANTISEMITTISMEN LEVER: Dei ekstremt antisemittiske fotballsupporterne til klubben Ferencváros. Dette bildet er av ein fjernsynskjerm.
Det skulle vere fotballandskamp i Budapest. Utanriksministeren henstilte til ungarske fotballsupportarar om ikkje å rope krenkande slagord mot utlendingane. Men det hjelpte ikkje, det ljoma frå tribunane med grove skjellsord – mot slovakane, og mødrene deira. Det gjestande laget hadde mindre interesse, for det var ikkje Slovakia.

Raseriet mot slovakarane galdt påstanden om overgrep mot den ungarske minoriteten.

Fotballsupportarar har framstått verre enn dette. Ein gong skjedde det at det vart det brukt store banner med teksten: Kvar går toget? Underforstått: til Auschwitz.

Jødehat og franske slott
Når holocaustoffer kan bli håna offentleg, og den høgreorienterte, tidlegare statsministeren Viktor Orbán kan spele på antisemittiske haldningar gjennom å bruke omgrep som ”finansspekulantar” og ”internasjonale bankmenn”, så er forklaringane kompliserte.

Men desse dystre fenomena har ein samanheng med at fortida går lys levande omkring i ungarsk samtidsliv. Og da er det ikkje snakk om den kommunistiske fortida, men den nasjonalistiske. Primært er det landets tronge grenser som flammar opp sinna, det bor mange ungararar i nabolanda.

HAR GOD OVERSIKT: Religion, fotballandskamp mot Norge, EU-tilpassing, ungararar i Slovakia – og Trianon-avtalen av 1920.
Ungarns noverande spøkelse er frå eit slott i Versailles-området: Trianon. Der måtte taparlandet etter Første Verdskrigen avgi befolkning og store areal. Det som vart gitt til Romania, var større enn det som vart igjen.

I mellomkrigstida kom Ungarn under eit autoritært regime, epoken munna ut i Hitler-allianse og fryktelege jødeforfølgingar sommaren 1944 før den Raude Arme feide over slettene og innvarsla fire tiår med lydrikekommunisme, avbroten av den tragiske oppstanden i 1956.

Uvanleg land for studium
Fredag 2. mars disputerte Erik Ingebrigtsen for PhD-graden om ungarsk historie.

Han begynte på historie hovudfag ved NTNU i 1996. Det skjedde ved at han reiste til Budapest og gjekk i gang med å lære seg ungarsk til bruk i sitt studium. Lånekassa stilte opp.

At dette kom i stand, har samanheng med Program on East European Cultures and Societies under HF- og SVT-fakulteta, programmet har vore leia av professor György Péteri. Han er ellers frå det landet som her blir omtalt.

- Det var frykteleg vanskeleg å lære seg ungarsk, seier den no trettifire år gamle bodøværingen. Eg gjekk ut av teljinga av kor mange kasus det finst. Eg satsa på å snakke mye med ungararar. Ein må følge nøye med i praten.

Alt etter kor artikulert det vart tala, var det vanskeleg å høre korleis mange enkeltord vart forlenga ved at preposisjonar og eigedomspronomen vart lagt til. Lydar avgjer: Var det di eller mi leiligheit?

MED HUMORISTISK UNDERTONE: Erik Ingebrigtsen disputerte 2. mars med emne frå ungarsk heving av folkehelsa i mellomkrigstida, ein bieffekt skulle vere å vise at slovakarar, rumenarar og jugoslavar sto lågre enn madjarane.
Heilage grenser
På si prøveforelesing på Dragvoll – ofte lett humoristisk i framstillinga, det kunne trengs – kunne Ingebrigtsen greie ut om korleis fortida lever.

Emnet for avhandlinga hans er eit program i mellomkrigstida for heving av nivået på folkehelsa i landet, i intimt samarbeid med Rockefeller Foundation i USA.

All ungarsk politikk den gongen var innretta på å rette opp Trianon-tapet, gjennom dette programmet skulle ungararane framstå som kulturelt heva over nabofolka.

I tiåra med kommunisme vart det lagt brutalt lokk på Trianon-problematikken.

Ein tangvase av problem
I fjor var det opptøyar. Erik Ingebrigtsen held ein høg analytisk profil: Han legg nøye vekt på både å sjå samanhengar og å skille mellom valdeleg sjåvinistisk fotballpøbel, oppvekking av historia og religionen, antisemittisme, krav om grenserevisjonar, motstand mot den sosialdemokratisk-sosialliberale regjeringas økonomiske politikk og denne politikkens bakgrunn i EU-tilpassing. Samanhengane er kompliserte, ekstremisme dominerer ikkje alltid politikken.

Austeuropaprogrammet på Dragvoll har kasta lys over eit land som no er turistmål og av og til vekker interesse blant dei norske.

Som når den gamle fotballstormakta er motstandar. Den kampen som er omtalt i starten her, vart vunnen av Norge 1-4.

Tekst og foto Kjell Håve

Austeuropaprogram ved SVT- og HF-fakultetet