Sterkt ønske om kyberkvinner
(14.3.07, 06:57) Sytti jenter frå heile landet vart utsette for gjentekne helikopterstyrt og lokka til å bruke illegale farkostar i gangane. Slikt skjer fordi fleire kvinnelege studentar er ønska på Gløshaugen. |
IVRIGE JENTER: Omtrent sytti snart studiumklare jenter frå heile landet, det gjekk ikkje lenge før det kom spørsmål frå denne forsamlinga. |
- Det var interessant og spennande, det var mye morosamt som vi ikkje hadde tenkt ut før vi kom hit.
Her taler ein muleg framtidig Gløshaugen-student: Karen Fastbø, elev ved Nadderud videregående skole. Saman med omtrent sytti andre jenter frå heile landet var ho søndag og måndag invitert av to NTNU-institutt, Elektronikk og Teknisk Kybernetikk, til å oppleve kva ein kan kome borti innafor desse faga.
Dette er fag som har hatt særskilt få kvinnelege studentar, derfor dette pionerarrangementet. Dei la sterk vekt på å få fram at eit studium her gjerne medfører praktiske undersøkingar.
|
TVERS IGJENNOM LOV TIL SEIER: Kanskje vegstyremaktene godtar ferdsel i auditorium og gangar med Segwayen, Trond Andresen baud uansett jentene inn til kriminell aktivitet. |
- Vi som deltok frå min skole vart trekte ut, for det er nemleg mange jenter på realfag der, fortel Karen.
Styr med kroppen
På sjølve fagdagen, måndag, var det først eit par-tre timar med fagforklaringar i auditorium, med vesentlege praktiske innslag.
Blant anna demonstrerte Trond Andresen frå Kybernetikk kjøretøyet Segway – der du står på ei flate med to hjul under og held deg i ei styrestang. Datamaskinen sørger for framdrift når du lenar deg framover.
Vegstyresmaktene har forbudt innretninga på norske vegar, og Andresen oppmoda sterkt jentene til å delta i kriminell aktivitet, noe dei seinare gjorde i gangane. Ei av jentene sa ellers at ho hadde sett politifolk i Roma bruke Segway.
Dei fekk òg innblikk i nanoelektronikk: i dag vert det laga silisiumkomponentar på storleik med influensavirus.
|
KORLEIS ANTENNER OPPFØRER SEG I ROMMET: Marius Ubostad frå Gruppe for radioteknikk greidde ut om studentsatelitten i antennelaboratoriet. |
Styrer ikkje sjølv
På den praktiske delen etter lunsj fekk kvar av jentene prøve ein helikoptersimulator og sjå korleis ein kunne spare ei veke med praktisk trening ved å slå på regulatoren, datamaskinen inne i innretninga, og la den styre.
Eurobot er for dei som vil halde på med fagrelevante ting på sida av studiet – eit internasjonalt meisterskap i bruk av robotar.
Jentene fekk demonstrert ei nittisekunds oppgåve i biljard: sleppe riktige kuler i sitt eige lags hol, og feilaktige i dei andres. No held NTNU-laget på med å få robotane til å plukke flasker og boksar gitt at desse er strødd utover på ein bestemt måte.
|
KANSKJE FLYTTE TIL TRONDHEIM: Karen Fastbø, Nadderud videregående, har fått eit grunnlag for å gjere val av studium. NTNU ikkje umuleg, Karen opplevde arrangementet som interessant og spennande. |
Endeleg noe styrlaust
Til slutt vart dei forhåpentlegvis framtidige trondheimsstudentane utsette for pizza og hornmusikk i Kjelhuset. Dei Taktlause spelte høglydt i alle mulege taktartar, eit heilt styrlaust humorshow.
Jentene fekk no ikkje kvar sin Segway med seg heim, men mye lærdom.
Karen Fastbø nemnte, før ho sette kursen mot Bærum for å gjere ferdig skolegangen, at det kunne ha vore like artig å fått bli kjent med Trondheim og Samfundet på for eksempel ein fredag. På søndag så ein ikkje så mye av livet.
Men ellers er inntrykket hennar positivt, ho tenker på eit NTNU-studium, men har ikkje bestemt seg.
Tekst og foto Kjell Håve Se bildeserie
|