(1.1.70, 01:00) FORSKNINGSPROGRAMMET FOR DATASPEL
20. februar etablerte NTNU Noregs første forskningsprogram på dataspel som ein del av det tematiske forskningsområdet ITK.
Ein av dei viktigste arbeidsområda for programmet er å koordinera og stimulera til forskningsaktivitet innan dataspel internt ved NTNU, og mellom NTNU og eksterne samarbeidspartnarar.
Det skal utlysast tre doktorstipendiater innan fagområdet dataspill. Det eine skal sjå på bruk av nye spelkonsept innan læring ved høgare utdanning, medan dei to andre skal sjå på problemstillingar rundt mobile, sosiale multi-spelarspel. Desse prosjekta er relatert til prosjektet Trådløse Trondheim og er eit samarbeid med Telenor.
I styret for det nye forskningsprogrammet sit styreleiar Frank Ekeberg (Institutt for musikk), dagleg leiar Alf Inge Wang (Institutt for datateknikk og informasjonsvitenskap), Jarmo Röksåa (Midgard Media Lab), Harald Øverby (Institutt for telematikk), Sara Brinch (Institutt for kunst- og medievitenskap), Arne Krokan (Institutt for sosiologi og statsvitenskap) Anne Marte Hjemås frå Telenor og Mario Blazevic frå ARM Norge. |