Microsoft og NTNU samarbeider om dataspel
(22.3.07, 06:32) Noregs første forskningsprogram på dataspel er no etablert ved NTNU. Nokre av dei største aktørane på marknaden er blant støttespelarane for prosjektet som strekker seg utover landegrensene. |
ALF INGE WANG starta datakarrieren sin på Commodore 64 som gutunge. I dag står han i spissen for Norges første utdanning i dataspel på universitetsnivå. Foto Arne Asphjell. |
- NTNU bør satsa stort på dataspel, sa førsteamanuensis Alf Inge Wang ved Institutt for datateknikk og informasjonsvitenskap til Universitetsavisa i februar. No er ein i ferd med å gjera akkurat dèt.
Einaste i Noreg
Wang er no blitt dagleg leiar for det nye forskningsprogrammet som er eineståande i sitt slag her til lands.
- Me håpar dette kan føra til banebrytande forskning på område som omhandlar dataspel, seier han.
Med seg i styret har han representantar frå både teknologiske og humanistiske fagfelt. Forskningsaktiviteten denne etableringa legg til rette for inkluderer forskningsprosjekt med nedslagsfelt både nasjonalt og innanfor EU-land. Men det stoppar ikkje der.
Tungvektarar involvert
Prosjektet vekker interesse også utover det akademiske miljøet ved NTNU. Nokre av dei største aktørane på spelmarknaden bidrar allereie i ulike forskningsprosjekt. Microsoft og distributørane av Playstation er blant støttespelarane.
- Desse aktørane bidreg mellom anna med utstyr i form av spelkonsolar, faglitteratur og gjesteforelesningar. Nokre av mine masterstudentar er allereie i gang med å prøva ut spelkonsolar frå Playstation, og brukar desse aktivt i sine mastergradsoppgåver, opplyser Alf Inge Wang.
FAKTA | FORSKNINGSPROGRAMMET FOR DATASPEL
20. februar etablerte NTNU Noregs første forskningsprogram på dataspel som ein del av det tematiske forskningsområdet ITK.
Ein av dei viktigste arbeidsområda for programmet er å koordinera og stimulera til forskningsaktivitet innan dataspel internt ved NTNU, og mellom NTNU og eksterne samarbeidspartnarar.
Det skal utlysast tre doktorstipendiater innan fagområdet dataspill. Det eine skal sjå på bruk av nye spelkonsept innan læring ved høgare utdanning, medan dei to andre skal sjå på problemstillingar rundt mobile, sosiale multi-spelarspel. Desse prosjekta er relatert til prosjektet Trådløse Trondheim og er eit samarbeid med Telenor.
I styret for det nye forskningsprogrammet sit styreleiar Frank Ekeberg (Institutt for musikk), dagleg leiar Alf Inge Wang (Institutt for datateknikk og informasjonsvitenskap), Jarmo Röksåa (Midgard Media Lab), Harald Øverby (Institutt for telematikk), Sara Brinch (Institutt for kunst- og medievitenskap), Arne Krokan (Institutt for sosiologi og statsvitenskap) Anne Marte Hjemås frå Telenor og Mario Blazevic frå ARM Norge. | Også spelgiganten Funcom følger utviklinga i trønderhovedstaden med stor interesse, kan han fortella.
- Mykje å bidra med
For å stimulera spelaktiviteten ytterlegare skal det utlysast tre doktorgradsstipend innan fagområdet dataspel. Også fleire masterstudentar vil ta for seg dataspel i sine prosjekt.
- Det skjer allereie mykje på dette området i dag, men når me no har fått konkretisert deler av planane våre, vert det lettare å utvikla prosjekta vidare. Me merkar at leiinga ved NTNU har sett det store potensialet som ligg i eit slikt program.
- Og dette vil bidra til kompetanseutveksling på høgt nivå?
- Ja, det har me stor tru på. Eg håpar og trur at me kan framskaffa ny viten på dette området. Det kan gjelda den teknologiske utforminga, men også på felt som omhandlar dei sosiale aspekta ved dataspel, trur eg at NTNUs studentar og forskarar har mykje å bidra med, seier Wang.
- Korleis vil studentar på lavare nivå merka at forskningsprogrammet er etablert?
- Me driv framleis og kartlegg kva tilbod som eksisterer på bachelornivå. Det er ein del fag som berører dataspeltematikken på eit eller anna vis. Me planlegg å presentera alle desse faga på ein felles webportal eller liknande. Slik kan me så tidleg som muleg får med oss dei som har interesse for fagfeltet. Dette er saker me jobbar med kontinuerleg, forklarer dagleg leiar Alf Inge Wang.
Av Pål Vikesland |