Er kvalitet i litteraturen muleg?
(10.4.07, 06:36) Den norske forfattarforeining har hatt årsmøte, utan stor mediainteresse. Vi har snakka med eit medlem som utdanna seg for å kunne bli forfattar. |
IKKJE EIT VONDT ORD OM FRISØRAR: Bryt bilen saman, går ein ikkje til frisøren. Noen fagfolk tar seg av hår, andre fagfolk tar seg av opptak til forfattarforeininga. |
- Eg begynte å studere fordi eg ville bli forfattar. Det eg tenkte om det litteraturfaglege studiet på Dragvoll var at eg ville bli kjent med verdslitteraturen, at eg ville få høve til å lese og sette meg inn i mye av det som var blitt kanonisert av folk som hadde jobba med litteratur heile livet. Eg tok det for gitt at dette ville gi meg noe.
Det er tydeleg at det å skrive skjønnlitteratur er noe fagleg for den trettisju år gamle namsosingen Carl Frode Tiller.
Korleis slepp ein inn?
Og han meiner at når det først er ei foreining for skjønnlitterære forfattarar, så er det ei god ordning at eit litterært råd avgjer kven som kan takast opp som medlem. I rådet er det ei bra fordeling på alder, kjønn og litterære preferansar. Og det kan vere harde diskusjonar der. Avgjerder er fagbaserte.
- Øydelegg du bilen, går du ikkje til frisøren. Det er frustrerande at innafor kunst og kultur blir ikkje denne logikken godtatt.
Tarantino på Dragvoll
Tiller studerte litteratur på Dragvoll tidleg på nittitalet:
- Eg hugsar den første festen: Ingen ville vedkjenne seg at dei skreiv.
Han hugsar ikkje at det i miljøet var så mye snakk om trivial- eller serielitteratur, men:
- Det gjekk meir på film, at det var aksept for at seriøse filmskaparar, slike som Tarantino, tok opp i sine verk verkemidlar frå frå filmar som var blitt rekna som mindre seriøse og meir folkelege.
|
SA WELHAVEN DET SAME?: Eit litterært verk må ha noe som ein ikkje kan uttrykke på andre måtar. |
Haldningane her kan nok, trur Tiller, ha påverka den litteraturen han seinare har produsert.
Etter studiane - bok
Så fekk da den tidlegare Dragvoll-studenten til ei bok, utgitt i 2001. Den var forferdeleg, det vedgår han sjølv. Det står så mye vondt i den. Den er òg full av ømheit. Og av humor. Så romanen ”Skråninga” blir nok lest ut, kanskje i eitt drag av mange.
”Skråninga” fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris, Aschehougs debutantstipend og P2-lyttaranes romanpris. Og den vart nominert til Brage.
Heller grov todeling
Mye populærlitteratur blir skrivne etter ulike typar reglar slik at dei kjem publikums forventningar i møte, for eksempel med mordoppklaring i krim. ”Skråninga” er av den opnare, vanleg skjønnlitterære typen.
Hovudpersonen er tvangsinnlagd etter å ha misbrukt barn og kanskje drept folk. Han skriv som terapi, om livet sitt. Ikkje noe kan utelatast.
Litterær verdi, kva er det? Carl Frode Tiller gjer merksam på noe overraskande: Han har berørt spørsmålet indirekte i romanen. Den tvangsinnlagde har hatt ein særs vond, kaotisk, oppvekst, han lengtar desperat etter oversikt, stabilitet, eit A4-liv. Og da blir sjølvbiografiprosjektet i romanen umuleg, det blir for smertefullt. Hovudpersonen må inn i løgna, seier den litteraturutdanna forfattaren:
- Han er fullstending upåliteleg! Det raknar for han. Da tar han litterære grep: Han grip til thrillerstrukturen, der trådar blir samla, der spørsmål blir besvarte. I thrilleren finn ein det som lukkar tilværelsen.
Dei fleste greier å leve med at tilværelsen er open, i stor grad svarlaus. Så da kan vi konkludere med at regelbunden litteratur er livsløgn?
Det er ikkje Carl Frode Tillers standpunkt. Handverksbøker kan vere gode, meir opne bøker kan vere dårlege. Alle som skriv, må kunne handverket.
|
ORDEN PÅ KAOSLIVET: Kaotiske, vonde liv kan bli sett inn i faste rammer – i reolar, passa på av trivelege bibliotekarar i ordna arbeidsforhold. Som her i Trondheim folkebibliotek. |
CFT-punkta
Tiller foreslår korleis ein kan nærme seg litterær verdi – det er ikkje nødvendig å oppfylle alle punkta, men noen:
Språkleg medvit – ein roman er ikkje ein lang, flink norsk stil, men har eit språk som står i forhold til det du vil fortelle. Formbevisstheit. Originalitet, du er i stand til å heve deg over litterære reglar. Samfunnsmessig relevans. God komposisjon.
Og i tillegg vil han ha med noe uutseieleg, noe som grip lesaren, noe ein ikkje kan uttrykke på andre måtar enn slik ein har skrive i det aktuelle verket.
Dramatisk gjennombrot
Carl Frode Tiller har gitt ut enda ein roman, og i vinter har han fått oppført eit skodespel på Trøndelag Teater – til stor glede for publikum. Han er anerkjent, men er ikkje opptatt av å legge avstand mellom seg og for eksempel populære serieforfattarar.
- Min litteratur er ikkje vanskeleg på ein akademisk måte. Eg skriv om vanlege folk i utsette posisjonar.
Arbeidarklasse og omsorgsvikt. Det er nesten så det minnar om noe.
Tekst og foto Kjell Håve Det siste frå forfatterforeininga om litterære verdiar Tillers heimeside Gjennombrot på Trøndelag Teater
|