MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Kva er det med jazzlinja? (18.4.07, 06:46)

Det blir gjerne framheva når musikarar med tilknytning til jazzlinja ved NTNU gir ut plater, men anmeldarane fortel ikkje kva som pregar denne musikken. Dei musikalske uttrykka til NTNU-avla jazzmusikarar er da òg vilt forskjellige.

- Når det kjem ei nitten-tjue år gammel jente frå Moss og spelar heilt strøkent tenorsaksofon slik som Stan Getz og Dexter Gordon på femtitalet, så viser ho ein overbevisande gehørsmessig innsikt. Da er det om å gjere at ikkje vi lærarane oppfattar hennar stil som ein anakronisme. Og ho kan komme til å gå i ein heilt annan retning.

Det er John Pål Inderberg som fortel om opptaksprøve til Jazzlinja ved Institutt for musikk. Som musikar, på barytonsaksofon, blir han sjølv gjerne forbunde med femtitalsjazz – eller hjernejazz – meir for hovudet enn for føtene.

JAZZEN TILHØRER INDUSTRIALDEREN, OG FRAMTIDA: Inderberg og hans kollegaer utdannar artistar som flyg i alle musikalske retningar under jazzhimmelen og dens nabolag. Barytonsaksofonisten frå Steinkjer har i fleire tiår vore ein av dei leiande i norsk jazzliv. Han har sterke håp for Dokkhuset.
Den velkjende
Utdanninga er berømt: Det kjem stadig nye jazzplater, og ein får i svært mange tilfelle høre eller lese om ”den no så velkjende Jazzlinja” og at ”ho, òg, har bakgrunnen sin frå Jazzlinja i Trondheim”.

Tor Hammerø i TV2s nettavis skriv: ”Det er vel ikke akkurat noe likhetstegn mellom det å ha tilbrakt noen år ved Jazzlinja i Trondheim og bli en glitrende improvisator, men det er ikke så forbanna langt unna heller.”

Sjå heile omtalen her.

Espen Reinertsen, omtalt i sitatet, har Wayne Shorter som favoritt, bandet The Indian Core gjenoppvekker Coltranes møte med India på sekstitalet, i mars debuterte gitartrioen Bushman’s Revenge med – ifølgje Adressas Trygve Lundemo – spennvidde frå Jimi Hendrix til Ornette Coleman. Og bassisten John Børge Askeland spelar klassisk etterkrigsjazz i duo med gitaristen Hallgrim Bratberg. Det er folk frå Jazzlinja på alle desse aktuelle utgjevingane.

Lære å vere seg sjølv
Vi snakkar med den kjølige, intellektuelle femtitalisten om allsidigheita. John Pål Inderberg fortel:

- Lærarane på Jazzlinja skal vere slike som sjølv er aktive på turnear og i platestudio.

Studentane må gjennom opptaksprøve. Dei skal spele det dei liker, ikkje det dei trur lærarane liker. Studiet dreier seg i stor grad om ein dialektikk mellom individuell uttrykksform og lytteferdigheit. Om det som har vore jazz i hundre år.

Improvisasjon må lærast. Improvisasjon er målet, jazzen katalysatoren.

DEI, ÓG, ER MED I STRAUMEN AV PLATEUTGJEVINGAR: Trondheim jazzorkester er kanskje sentrum i byens jazzliv, bak seg har de samspel med Chick Corea og med Pat Metheney. Etter påske har dei vore på norgesturne.
Ikkje berre hjernen
Det praktiske studiet er i stor grad attgjeving. Dei må synge enkelttakter frå avspelte eksempel, dei oppøver imitasjonsferdigheitene for å opphøve gehøret, den gehørsmessige tryggheita. Gjennom den oppstår den nødvendige lysta til å improvisere. Gjennom kopiering til friheit. Med hardt arbeid åtte timar kvar dag i mange år.

Når ein gjennomgår dette studiet, blir det etterkvart kroppen som forstår, ikkje hovudet som analyserer. Ein vil fram til individualiteten.

Født mens jazzen kjølna
Inderbergs musikalske bakgrunn vart eit stempel. Ei jazzform der få kort blir delte ut, og der det gjeld å spele dei rett – ikkje minst i den rette augneblinken.

- Eg jobba med Lee Konitz i ti-femten år. Det var før eg fekk treft han.

Omkring 1950 etablerte Lee Konitz seg i jazzens fremste rekke gjennom ein sjølvstendig stil i forhold til læremeistaren Charlie Parker, og dermed som fødselshjelpar for Miles Davis’ nyvinning: cooljazzen.

Omtrent samtidig vart det født fire musikalske nordmenn som tretti år eller så inn i sine liv skipa New Cool Quartet i Trondheim. Dei fekk spele med den store Lee, og Lee fekk møte ein uavhengig saksofontrønder.

- Eg arbeidde med hans tradisjon, gjekk så min veg.

Mangslungent
Cool er strenge greier, men definisjonsforsøk resulterer i oppløysing, ein får ikkje tak på det. Om utgangspunktet er restriktivt, så opnar det for ei enorm friheit. Som New Cool Quartet viser. Og Jazzlinja ved NTNU.

- Eit fransk eller sveitsisk tidsskrift som eg trur heiter Vibrations, berømma noen av våre studentar for god jazz ”trass i ei reaksjonær utdanning i Trondheim” (sitert etter minnet).

John Pål Inderberg er ikkje opptatt av å spele cooljazz, det er eit opent spørsmål om han og Lee Konitz – åtti år til hausten og verdas beste altsaksofonist ifølgje Down Beat – gjer det lenger, for eksempel slik dei spelte i lag i Oslo i fjor. Stilartar er utgangspunkt, ikkje halsband.

- Arve Henriksen kom i si tid på opptaksprøve med den gamle, kjekke swinglåta ”All of Me”. No opplever vi han på tv sittande og spele to trompetar vekselvis, med utgangspunkt i ein japansk fløytemelodi.

STRENG ER HAN IKKJE: ”Hainn Jonnpål” har spelt med dei uthaldande femtitalskjempene Gil Evans, Chet Baker, Lee Konitz og Warne Marsh. Og mye med Henning Sommerro, dei fer rundt til landsens kyrkjer og festivalar og opptrer alt anna enn restriktivt.
Konsen leve!
Det blir gjerne referert til Musikkonservatoriet. Og det eksisterer: Som merkevaremoment som Inderberg set umåteleg stor pris på, kanskje som lokaliseringsomgrep – for ein del av Olavshallen, under Inderberg i NTNUs interne telefonkatalog, og som klengenamnet ”Konsen”, som kanskje hurtige studentar bruker.

Bortsett frå desse momenta er det formelt nedlagd. Det gjekk inn i Institutt for musikk, etter i noen år å ha vore frittståande under NTNU. Som jazzfolka hadde sans for i si tid.

- Vi såg potensialet i NTNU-prosjektet, vi. Slik som vi enno ser potensialet i ei sterkare samling innafor det estetisk-utøvande området på universitetet. Det er for lite samarbeid no, det burde vere ei stor gryte.

John Pål Inderberg har mange tiårs erfaring i sjølvstende og i samspel.

Tekst og foto Kjell Håve

Jazzlinja for noen år sia
Improvisasjonsideologi?
Kjente jazztalenter med NTNU-bakgrunn