NTNU og jazzfestivalen tett saman
(26.4.07, 07:29) NTNU og Trondheim Jazzfestival festar blikket på forsommarens vakraste musikkeventyr. |
SEMJE OM JAZZ: På rektors kontor vart det 20. april underskrive avtale om jazzsamarbeid: Festivalens styreleiar Knut Fagerbakke, til venstre, og rektor Torbjørn Digernes. |
Fredag 20. april vart det skrive under ein avtale mellom Trondheim Jazzfestival og NTNU, ved rektor Torbjørn Digernes og festivalens styreleiar Knut Fagerbakke.
Universitære godbitar
Ernst Wiggo Sandbakk, leiar for festivalen, fortalde at alle samarbeidspartnarar følgde med vidare og auka sine bidrag. NTNU for sin del kjem no opp i 200.000 pr. år.
Avslutningsdagen, 2. juni, er ein særskild NTNU-dag, det kjem da til å bli delt ut ein talentpris, finansiert av universitetet.
- Innpå syttifem prosent av dei som skal opptre, er frå NTNU, seier Sandbakk. Dei andre jazzfestivalane misunner oss tilfanget av eigne folk.
Jazzen utafor NTNU
Av så å seie eksterne er det klart at ei mangeårig nordisk jazzstjerne, Oscar Petersons gitarist Ulf Wakenius, skal spele. Og på opningskonserten fyller Jan Garbarek Trondheim Spektrum.
Dokkhuset skal komme fullt ut til sin rett: Der blir det minst to konsertar kvar dag.
Trondheims festival
Budsjettet er på 2,5 millionar – med all støtten ligg det eit skikkeleg økonomisk fundament før start. Det har gitt handlingsrom.
Styreleiar Fagerbakke iførte seg lynhurtig sin varaordførarhatt og la vekt på at festivalen er eit satsingsområde for Trondheim kommune, noe som etter hans meining ikkje har vore irrelevant for samarbeid med andre offentlege aktørar som Norsk Kulturråd og Sør-Trøndelag Fylkeskommune.
|
TRONDHEIM ER JAZZBYEN: Fagerbakke er Trondheims varaordførar, han framhevar kor viktig festivalen óg er for kommunen. |
Universitetsby og jazzby
For universitetet styrkar samarbeidet med festivalen målet om å bli nasjonalt leiande når det gjeld almennretta formidling.
Slike kultursamarbeidsavtalar blir óg inngått med kammermusikkfestivalen og Trondheimsolistane, og ein kjem til å støtte andre kunstartar.
Det er profilering som er viktig for NTNU, ein vil gjere synleg trondheimsuniversitetets unike kunstfaglege utdanning. Og i dette tilfellet: Synleggjere jazzlinja, at for Trondheim heng universitetsbyen og jazzbyen saman.
Etter utdelinga av talentprisen går folk i dansen, enten ballroom på Royal Garden eller heite latinrytmar på Dokkhuset. Men før dette har Cindy Blackman gjort ein fantastisk konsert saman med bl. a. Frode Alnæs, den første studenten som vart uteksaminert frå jazzlinja.
Tekst Kjell Håve
Foto: Ove Bjørken Trondheim Jazzfestival
|