Framstegspartiet er eit vanleg parti
(27.4.07, 06:51) Frp har mektige motstandarar, noen av dei strever med å finne koden for partiets sterke oppslutning. |
TALAS TALE: Toril Aalberg er tilsett som mediesosiolog, og er utdanna statsvitar. Ho seier at det er ei høg generell veljarflyktigheit i norsk politikk, og at Framstegspartiets veljarar ikkje er meir stabile enn andre. |
- Det går ikkje an lenger å peke ut den idealtypiske FrP-veljaren. Før Framstegspartiet hadde så stor oppslutning, fann ein mange av partiets veljarar blant unge menn i byar, men veljarprofilen er utvatna: det har komme til fleire i høgre aldersgrupper og i distrikta.
Toril Aalberg ved Institutt for sosiologi og statsvitskap seier at det er ei høg generell veljarflyktigheit, Framstegspartiets veljarar er ikkje meir stabile enn andre.
Eit eksempel er at 56 prosent av Arbeidarpartiets veljarar i 1997 heldt fast på partiet ved nederlagsvalet i 2001. Tilsvarande for Framstegspartiet var 47 prosent, til tross for partiets svært gode val.
I den grad dette partiet tar veljarar frå andre parti, er det frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet. Men dei tar også mange ifrå sofaen, altså at ein stor del av nye Frp-veljarar kjem frå gruppa av heimesittarar.
Grilldressens posisjon
Det blir påstått at FrP får fleire veljarar fordi det ofte kjem negative utsegner om såkalte vanlege folk og deira kulturpreferansar og handlemåtar. Ho kommenterer dette slik:
- Det er ikkje så enkelt, sjølv om slike nedlatande haldningar indirekte kan bidra til auka oppslutning og ei indre samansveising. Men dette heng jo saman med kven ein har sympati med i utganspunktet. Om ein er venstreorientert og går i grilldress på ein campingplass, så spring ein ikkje så lett til FrP.
|
LIKE MYE PSYKOLOGI SOM STATSVITSKAP: Mange i Høgres organisasjon hadde problem med å forstå at dei to høgrepartia ikkje skulle samarbeide. |
Mediekoden
Dette intervjuet har ein dagsaktuell bakgrunn, men Toril Aalbergs kommentarar er ikkje spesifikt retta til konkrete medieutspel i dei siste dagane om at kultureliten uttaler seg nedlatande om folkedjupet og dermed skaffar FrP stemmar. Slikt har vorte hevda i samband med Magnus Marsdals bok ”FrP-koden”, ei bok som nettopp er utgitt, men som få har lest – noe mediedebatten gir eit livleg inntrykk av.
Årsakspostuleringane ser ellers ut til å vere sette på spissen, og til å gjelde partipreferansar generelt.
Slår attende
Partiet kan nok bli styrka av nedlatande haldningar, meiner Aalberg, utdanna statsvitar, tilsett som mediesosiolog:
- Framstegspartiet har nok vunne i det siste med å framstille seg som litt underdog, på lag med folkedjupet. Stadige angrep på dette partiet kan ha skaffa det meir sympati.
Torill Aalberg seier at folk som er misnøgde med sitt parti, kan ha fått eit alternativ i FrP og dermed ikkje har forlatt politikken.
|
EIT VANLEG PARTI: Toril Aalberg gir moment til å avskaffe myten om FrP-myten. |
Umystisk
- Dei som foretrekker dette partiet, gjer det først og fremst fordi dei koplar innvandringskepsis med frykt for kriminalitet. Og dei er usamde i korleis oljeformuen blir forvalta. Partiet fekk óg ein betrakteleg posisjon i forhold til eldreproblematikken. I tillegg må partiets oppslutning forklarast med at dei aldri har hatt politiske posisjonar på riksplan. Dei har dessutan bygd opp ein betydeleg organisasjon.
- Når dei konkurrerer med Høgre, er det i stor grad gjennom skattepolitikken.
- FrP har ikkje noen hemmeleg klan eller indre sekt. Det finst ikkje noen FrP-kode som må knekkast – slik at partiets motstandarar da kan fjerne sitt problem, slik at noe dermed blir kurert ein gong for alle. Venstresida og konkurrentane på høgresida må i eigen interesse vise at deira løysingar er dei beste. Dermed må dei møte FrP med sakleg debatt, slår Toril Aalberg fast.
Tekst og foto Kjell Håve |