Likestilling ikkje så liketil
(3.5.07, 05:48) Haldninga til vald mot kvinner var debattemaet før helga. Fekk den med seg likestillingsaspektet? I den siste veka av april vart det offentleggjort ein rapport om menns haldningar til vald mot kvinner, basert på ei spørreundersøking. Dette førte til medieeksplosjon.
Særleg interesse var det for at 42 prosent meinte at ei kvinne var delvis ansvarleg for å ha blitt utsett for seksuelle overgrep om ho flørta openlyst. Rapporten fortalde òg at 4 av 10 menn kjenner til ein mann i sin omgangskrets eller sitt nærmiljø som har utøvd vald mot ei kvinne.
|
FLEIRE ASPEKT VED VALDSHALDNINGSRAPPORTEN: Ellen Andenæs er førsteamanuensis ved Institutt for språk- og kommunikasjonsstudier. |
Det vonde er kjent
Vi oppsøker det språkvitskaplege miljøet på Dragvoll og spør Ellen Andenæs om hennar betraktningar.
- Dette er forstemmande tal, men ikkje overraskande. Vi veit det er mye vald i parforhold.
Om ansvaret:
- Vi ser det jo til og med med små barn at offeret blir tillagd ansvar. Vi har levd med dette lenge. Desse ideane ligg nok djupt, sjølv om det ikkje lenger er vanleg i rettsaker med grundig utspørring om klesdrakt, seksualpartnarar og så vidare.
Likestilling rett og slett?
Rapporten rokkar ved noen fastslegne oppfatningar:
- Vi har fått ei opphaussing av dette: likestilling er ein kjerneverdi, den største, den beste eksportartikkel. Dette blir brukt i norsk meiningsdanning mot dei etniske andre. Det er dei som må lære! Dei har æresdrap, vi har individuelle patologiske forhold.
Dei andre er jo gjerne muslimane:
- Trua på at likestilling er oppnådd, skuggar for verkelegheita. Vald i parforhold er eit særs vanskeleg emne, det er ikkje slik at alle norske menn har eitt kvinnesyn og alle muslimane eitt anna. Likestilling er ikkje definert ein gong for alle.
- Eg er glad eg ikkje er muslimsk mann for tida. Her går det nærmast ein debatt mot muslimske menn. Det er ei kompakt mistenkeleggjering.
Skuldlaus rapport
Ellen Andenæs tykkjer ikkje det er noe å utsette på rapporten. Ei opplysning: Den inneheld ikkje ordet ”skyld”.
- Eg bladde på nettet og såg mye rart. Det blir ei avsporing om ein ikkje ser forskjell på sjølve rapporten og mediadekninga. På Dagbladets nettsider
var oppslaget: ”Flørtende kvinner skyld i voldtekt”. Sjølve artikkelheadingen var ”Mener kvinner selv har skyld i voldtekt”. Vi ser gliding i omgrepsbruken. Grad av ansvar er ikkje det same som skuld!
Må da heim
Dumme haldningar er det nok av. Noen meiner at kvinner ikkje bør gå aleine. Humor er av og til på sin plass:
- Viss ikkje kvinner på Vestlandet skal få gå åleine på aude vegar, kjem dei seg ikkje heim.
Vi avventar bannbulle frå Geografisk Institutt, og går vidare:
Sausebilde
Media sausar i hop: SKULD SEX VALDTEKT.
- Du får jo eit sært inntrykk av situasjonen: Mennene blir sett i konstant opphissing av desse stadig flørtande kvinner – og så går det som det går.
- Offera får høre: Halvparten av norske menn meiner dette er di skuld. Dette er å lesse på, altså!
|
MANGE FORMER FOR ANSVAR: -Eg har òg formana sonen min før turar på byen. Dei som blir nedslegne, er gjerne fulle unge menn. |
Ver lukkeleg
- Kvinnene sjølv bruker kolossalt mye tid på å finne ut korleis det kunne vore gjort annleis, dette gjeld særleg dei som er i ekteskap.
Og det er mye det ikkje blir snakka om.
-Det er ein kulturell plikt å vere lukkeleg. Hanne Haavind, kjent professor i psykologi, har snakka om den nye børa: Kvinnenes plikt til å ha ein likestilt ektemann.
Meiningsmålingspråk
Språkvitskaps- og kommunikasjonsamanuensen har ikkje noe å innvende mot språket i rapporten. Det er rett nok eit og anna å kommentere, for eksempel om den spørsmålsformuleringa som førte til mest medieoppstyr, den for tabell 12.
- Får eg slike spørsmål på telefonen, så dett eg av.
Og ”delvis ansvarlig”, kva er no det? Ellen Andenæs ser ikkje noe problem her. Ho legg vesentleg vekt på at undersøkinga er foretatt pr. mail, slik at det blir greitt for respondenten å gå noen rundar med spørsmåla.
- Det er generelt med spørjeundersøkingar at ein kan legge forskjellige ting i ordbruken. Ein kan ikkje føresette at alle forstår orda og setningane likt. Vi ventar for mye av språket, det er ikkje slik at vi kan kome fram til noe eintydig med det.
- Spørsmålsutforming er ein sjanger. Ønsket om presisjon må vegast opp mot ønske om enkelheit eller forståing.
Gleda og realismen
Ellen Andenæs legg vekt på det gledelege at 75 prosent har svart ”aldri” på ”Hvilke situasjoner mener du kan rettferdiggjøre at menn utøver vold mot sin kvinnelige partner?”
Og så kjem eit realismemoment:
- Når ein skal måle haldningar og bruke meiningsmålingar: Vi har ei tru på at folk har den og den oppfatninga, men kvar enkelt kan jo godt ha fleire oppfatningar samtidig.
Ho tykkjer at rapporten tydeleg pekar på problemet og dermed pekar ut forskjellige forskingsoppgåver. Og den får i gang nyttig diskusjon blant folk, rundt kafeborda og middagsborda.
Tekst og foto Kjell Håve VG hadde sin versjon Ellen Andenæs arbeider med likestilling
|