LESERBREV Ove Kr. Haugaløkken: Fornuftig ressursbruk!
(10.5.07, 16:44) Viggo Pedersen har i fleire artiklar i Universitetsavisa (16/4, 19/4, 23/4, 10/5) tatt til orde for at Universitetsbiblioteket bør tilby fleire digitale ressursar. Det er eg samd i. Som bibliotekdirektøren skreiv i ein artikkel den 21/4, så er dette noko Universitetsbiblioteket arbeider aktivt med. Det finst både tekniske og juridiske rammer for kor raskt dette arbeidet kan gå. Eg meiner det blir for lettvint når Pedersen foreslår at Universitetsbiblioteket skal omdisponere personalet sitt slik at digitaliseringa kan gå raskare.
Det finst mange andre utfordringar som biblioteket lyt forholde seg til. Ei av desse er å gi personleg rettleiing til studentar og tilsette om kor dei finn informasjonen dei er ute etter, og hjelpe til med å skaffe denne. Dette er ein uhyre viktig funksjon som ikkje vil verta borte same kor mykje digitalisering som skjer. Tvert om! Di meir digital informasjon som blir tilgjengeleg, desto viktigare er det at både studentar og tilsette utviklar informas
jonskompetanse, som kan gjera oss i stand til å skilje mellom relevant og irrelevant, mellom god og dårleg informasjon.
Her har Universitetsbiblioteket både gjennom personleg rettleiing og gjennom nettbaserte kurs (VIKO) gjort ein framifrå innsats. Eg vil derfor hevde den påstanden at å bruke høgt kvalifiserte universitetsbibliotekarar til å stå og scanne gamle bøker vil vera dårleg ressursbruk.
I artikkelen sin skriv Pedersen:
En rekke begrensninger som er knyttet til pensumlitteratur i trykt format forsvinner ved en omlegging til elektronisk pensumlitteratur. Logistikken for brukerne blir enklere fordi nærmeste pc med riktig nettilknytning gir tilgang til pensumlitteraturen. Oppdatering av pensumlitteraturen blir enklere fordi oppdateringen gjøres elektronisk. En slik læringsarena skaper mer læring fordi grunnleggende kunnskap blir mer tilgjengelig.
Det er ikkje klårt for meg kva Pedersen meiner med å trekke inn begrepet læringsarena her, og særleg ikkje korleis dette kan føre til meir læring. For det første må vi skilje mellom informasjon og kunnskap. Informasjon kan ein skaffe seg gjennom ulike mediar, både digitale og analoge. Læring og kunnskap blir det fyrst av det når informasjonen er bearbeidd av studenten, og sett i samanheng med det studenten kan frå før. Ein PC med tilgang til digital pensumslitteratur er altså ikkje ein læringsarena. Det kan derimot dei nye studentarbeidsplassane som er skapte ved Universitetsbiblioteket vera. Dei er bygde med inspirasjon frå den såkalla læringssenter-ideen, som går ut på at eit bibliotek ikkje lenger skal vera berre ei boksamling, men ein plass der ein kan få hjelp til å hente og bearbeide informasjon i ulike typar format. I det nye Bygg 6B på Dragvoll kan vi derfor sjå studentarbeidsplassar for ulike føremål, både for gruppeverksemd og for individuelt arbeid der lærestoffet
blir bearbeidd, i tillegg til terminalar for rein informasjonshenting. Denne nye læringsarenaen er vorten svært populær blant studentane, og fordelen er at det er kort gangveg også til andre bibliotekressursar som vi framleis må forholde oss til, og ikkje minst til dyktige rettleiarar blant dei tilsette.
Som svar på Pedersen sitt spørsmål om det er fornuft eller følelser som styrer arealbruken ved NTNU vil eg utan atterhald svara at det er mykje både erfaring og fornuft som ligg til grunn for utforminga av det nye Universitetsbiblioteket ved NTNU. I dette ligg også at det er stor fornuft i at eit universitet skal abonnere på ei rekke aviser. Det er mogleg behovet for papiraviser frå ulike strøk av landet eller andre land ikkje er så stort innanfor Pedersen sitt fagfelt. Men han må hugse at innanfor dei samfunnsvitskapelege og humanistiske fagområda er aviser meir enn ein nyheitsformidlar. Her er reportasjar, kronikkstoff og debattstoff som kan vera viktig oversyns- eller forskningsmateriale. Ei for omfattande nedskjering i abonnementa på aviser ved eit universitetsbibliotek vil eg sjå på som uansvarleg!
Eg er ikkje usamd med Pedersen i at det vil vera ein fordel med å få fleire digitale bibliotekressursar. Men eg deler ikkje synet som Pedersen forfektar om at ressursbruken ved Universitetsbiblioteket i dag er uheldig. Når eg ser dei nye studentarbeidsplassane som er utvikla det siste året på Dragvoll, og den hjelpa studentane får der, vil eg tvert om seia at ressursbruken har vore svært fornuftig.
Eg vil inderleg håpe at Pedersen ikkje får rett i sluttsetninga si om at ?forslagene om å bygge nye bibliotekarealer havner langt nede på prioriteringslista til slutt?.
Problemet nå er at behovet er større enn tilbodet. Men NTNU har hatt bygging av nytt universitetsbibliotek på topp i prioriteringslista i mange år. Det som har mangla, har vore statlege løyvingar. Det har både biblioteket sjølv, dei tilsette og leiinga ved NTNU peika på i ei rekke forslag. Kanskje Pedersen heller skulle skrive litt om det?
Ove Kr. Haugaløkken |