Halleluja til EiT frå dei suksessrike
(14.5.07, 10:35) Tre hundre søkte, Elin Danielsen vart tilsett. - Da tenkte eg på Bjørn Sortland, fortel ho. |
EIN STRIL GJENNOM NÅLAUGET: Da Elin Danielsen frå Mongstad fekk ein ettertrakta jobb, hugsa ho Gløshaugen-åra og tenkte særskilt på Bjørn Sortland, som har vore leiar for EiT i fem år. Læringsassistent Linda Røine leia arrangemenget 10. mai. |
Entusiasme i stim er uttrykket ein kunne ha lyst til å bruke etter å ha overvore litt av årets EiT-konferanse torsdag 10. mai. Det var tre foredragshaldarar på ein time, men dei suggererte tilhørarane til å oppleve massiv positivitet.
Særs sentralt sto bodskapen: Grip den mulegheita som fire-fem månaders EiT-studium utgjer, lær verktøya – du får sterk bruk for dei i arbeidslivet, gjer nytte av treninga i å ta og få direkte, men konstruktiv, kritikk. For næringslivet er i omstilling i retning fleksibilitet i arbeidstokken. Innsikt i menneskeleg samhandling blir stadig viktigare.
|
LÆRE Å FORSKE: Joachim Wille med Rubens tube, ei fysisk utforming av ein hundre år gammal ide. Joachim er med i ei gruppe på fem, gruppa har laga den tuben vi ser her. Flammar illustrerer dei tonene som blir sendt til tuben. Flammen følgjer rytmene i tonene, tydeleggjort for eksempel i ein trommesolo. Og basstonar gir høgre flammar. Gruppas EiT-landsby er Kunnskapsløftet, formålet er altså utdanning. Undervisningsopplegg inneheld blant anna å lage ein hypotese om kva som konkret skjer når dei sender ein sinustone til tuben. Etter observasjonen skal det diskuterast om kvifor hypotesane slo eller ikkje slo til. |
EiT-innhaldet er framtida
Elin Danielsen arbeider i eit konsulentfirma i Bergen og tok turen tilbake til Gløs for å vitne: - EiT hjelpte meg til å forstå kven og korleis eg var i forhold til endring, og korleis eg kunne finne ei rolle i ei gruppe. Om andre hadde gode idear, kunne eg vere ei som i tillegg heldt eit auge med at vi kom i mål.
Og samhandling betingar at ein har nese for kva som gjer folk motiverte for arbeidsoppgåver. Her òg låg EiT i botnen for Elin da ho gjekk ut i arbeidslivet.
Lær fleire engelske uttrykk
EiT sette Elin Danielsen i stand til bli ein scrum master.
Det er ein leiar som er meir ein tilretteleggjar enn ein leiar, ei som hører på og beskyttar teamet, men ikkje har tradisjonell autoritet eller styringsrett. Coach er eit ord som uttrykker noe av det same. Ein fortel ikkje folk kvar dei skal springe, men hjelper dei til å springe sjølv. Gammeldagse sjefar spring eventuelt etter og ropar at her er det ikkje noe som kan målast.
|
BEGEISTRA TILBAKEBLIKK: DeAmps Stian Remåd, til venstre, og Marius Tuft Mathisen understreka at Gløshaugen-kulturen med fast metodikk og tostrekssvar kunne gjere det lett å drite i eit semester med EiT, men tvert imot, sa dei: EiT er for eksempel det nyttigaste kjemikurset. |
Avforsterkarkarane
Stian Remåd og Marius Tuft Mathisen var samde med Elin Danielsen: - Dei som jobbintervjuar deg, kickar på human relationsord som kreativ og samarbeidsvillig, sentrale EiT-begrep.
Dei to kjem frå Entreprenørskolen, som er eit toårig NTNU-masterstudium med sikte på stifting av eiga verksemd. For desse to skjedde det til gangs, med DeAmp: Suksessbedrift som produserer støydempande panel i bygningar. Blant resultata av verksemda er mange vunne prisar som i kroner kan målast i over seks hundre tusen.
Menneskekunnskap og alkohol først
- Vi tok noen pils og vart eit team. Vi snakka om kva vi forventa av kvarandre, om korleis vi kunne få til ein teamkultur. Teknologi- og forretningsidear kom etterkvart.
Dette viser til EiT-studiet, der det du får ut, kjem an på kva du legg inn – den gamle historia:
- Trur du, som mange, at dette blir kjipt, så blir det kjipt.
Eit råd frå suksessgründerane til enkelte landsbyleiarar: mindre fokus på produkt, meir på prossess!
Dei som ser begeistra tilbake på EiT, er samde: Studiet har potensial for enormt mye meir gjennomslagskraft. Det gjeld å opplyse studentane om at dette er ein gyllen sjanse.
Tekst og foto Kjell Håve Rubens’ Tube er hundre år Finn fram til EiT-bodskapen according to Elin Danielsen
|