- Fullstendig uholdbart
(22.5.07, 10:43) Reaksjonane har ikkje uteblitt etter at NTNU vedtok å avvikla eksamen i eigne auditorium framfor å bruka Nidarøhallen som tidlegare. |
STUDENTOPPRØR ANNO 2007: På nettsamfunnet Facebook har omlag 2000 studentar registrert seg som medlemmer i gruppa “Nei til eksamen i auditorium”. |
Av økonomiske årsaker har NTNU valgt å begrensa bruken av Nidarøhallen under årets eksamensavvikling. Istaden tar ein i bruk eigne auditorium og Idrettsbygget på Gløshaugen.
Studenttillitsvalde Torkel Ugland og Nils Å. Smeland ved Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi og studenttillitsvald Ole-Christen Enger ved Samfunnsvitskap og teknologileiing reagerer kraftig på avgjerda som er fatta.
- Dette er svært graverande. Eksamenskarakteren er den me vert vurdert på når me skal ut i arbeidslivet på eit seinare tidspunkt. Då er det mildt sagt uheldig at forholda under eksamensavviklinga er under ein kvar kritikk, seier Enger.
Mange problem
Kollega Nils Å. Smeland meiner den nye ordninga ikkje fører til at studentane får eit tilstrekkelig godt arbeidsmiljø.
- Kva er det eigentleg som er så ille med å ha eksamen i eit auditorium?
|
REAGERER: Torkel Ugland (nederst), Nils Ånund Smeland (til venstre) og Ole-Christen Enger meiner det må finnast andre måtar å spara pengar på enn å flytta eksamensavviklinga frå Nidarøhallen. |
- Plassproblema er ein ting. Det er ikkje tatt høgde for at det er mange ulike eksamensformer, der bruken av hjelpemiddel er svært ulik. Dersom ein skal ha med seg mange bøker, kalkulator, kompendium og i tillegg skal ha kladde- og innføringsark, er det rett og slett for lite pultplass i mange lokale. Men i tillegg er det støyproblem, lysproblem og ikkje minst det faktum at dersom ein student skal ha frisk luft, ja, så må alle på den rekka reisa seg, forklarer Smeland.
Han får støtte av Torkel Ugland som påpeiker at bruk av Idrettsbygget også går utover byggets brukarar.
- Idrettsbygget er hyppig brukt som rekreasjonsområde i eksamensperioden, og mange mister no denne mulegheiten som dei i tillegg betaler for, seier han.
Oppretta protestgruppe på Facebook
Dei tillitsvalde har brei støtte hos den jamne student. Og støtta kjem til syne gjennom vårens fremste ”snakkis” på mediefronten.
16. mai oppretta Ugland og Enger gruppa ”Nei til eksamen i auditorium” på nettsamfunnet Facebook. Nærare 2.000 medlemmer har til no registrert seg for å protestera mot flyttevedtaket.
- Det er faktisk fleire enn kva som stemmer ved styrevalet, og viser at dette er noko som engasjerer studentane, seier Ugland.
|
TRANGT OM PLASSEN: På eksamen der det er tillatt med fleire hjelpemiddel blir det fort trangt om plassen. |
Uventa kritikk
Seksjonssjef Knut Veium tek klagene til etterretning, men meiner situasjonen vanskeleg kunne vore unngått.
- Me har ganske enkelt ikkje pengar til å avholda eksamen i Nidarøhallen, og har no ein gong dei økonomiske rammevillkåra me har. Me har gjort nokre grep no, og blant anna ordna det slik at det berre sitt to studentar på kvar rekke. Utover det går eksamen sin gang, fortel Veium.
- Tidlegare vart det lagt ekstra plater oppå bordplatene i auditoria, kvifor vert ikkje dette gjort?
- Det er skifta bordplater sidan den gongen, og eg trur ikkje det først og fremst er der problemet ligg, men meir på ventilasjon, lys og sittekomfort, meiner Veium.
- Sett i etterpåklokskapens lys, er det noko som kunne vore gjort annleis i prosessen? Kjem de for eksempel til å ta studentorgan med på råd neste gong slike avgjerder skal fattast?
- Etterpåklokskap er jo ein eksakt vitenskap, men eg ser ingen grunn til å beklaga. Me har aldri tatt studentane med på råd i slike saker tidlegare, og det har bestandig blitt avholdt eksamen i desse lokala.
- Syns du studentane overreagerer?
- Nei, det har eg ingen formeining om. Folk må få reagera som dei vil, og me tar innspela på alvor. Men kritikken som har komme var nok litt uventa, ettersom det har vore avholdt eksamen i desse lokala heilt sidan NTH vart starta opp. Me har aldri hatt nokre klager tidlegare, seier eksamenskoordinator Knut Veium.
- Paradoksalt
Torkel Ugland lar seg ikkje overbevise:
- NTNU har ei årlig omsetning på 4,2 milliardar kroner. Det må vera muleg å kutta andre stader enn i avviklinga av eksamen som er så viktig for studentane. Økonomiavdelinga vinn kanskje på kort sikt, men i lengden vil heile NTNU tapa på dette.
Han utdjuper:
- Det er paradoksalt at økonomi vert brukt som argument for eksamensavvikling når NTNU i desse dagar brukar fleire millionar på å markedsføra at universitetet har fornøgde studentar. Det er fullstendig uholdbart, seier han.
Tekst og foto: Pål Vikesland |