MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Ei veke med jazzfestival (24.5.07, 07:32)

- På laurdag toppar vi det heile med ein kjempemusikkfest på Nedre Elvehavn: Utekonsert heile dagen frå klokka 12, Reidar Larsen & Storytellers er hovudattraksjon.

IKKJE BERRE ADMINISTRATOR: Ernst Wiggo Sandbakk har ein lang karriere bak seg som trommeslagar og er no med i bandet AFROCADABRA, med musikarar frå Kenya, Liberia og Norge.
Trondheim Jazzfestivals daglege leiar Ernst Wiggo Sandbakk gir oss denne nyheita om siste dagen.

Det blir fest, opplevingar – kvalitet!

Låg snobbefaktor
- Vi kjører ein nådelaus kvalitetsprofil, seier Sandbakk. Vi bygger eit publikum omkring kvalitet. Folk skal tørre å gå på konsert uten å kjenne til artisten, berre med kjennskap til kvalitetsgarantien.

Folk som har alt, blir ikkje matleie, men sultne på opplevingar, trur han.

Ikkje sjanse til å duppe av
Det er gratis og uhemma adgang til Fokus, som er ein sjanse til å lære av artistar i verdsklassen: I fjorten avdelingar over dei fleste dagane kan ein møte like mange utøvarar som kvar held kvar sin workshop med fokus på korleis ein arbeider med spesifikke musikalske utfordringar.

Internasjonale størrelsar som Monty Alexander, Ulf Wakenius og Cindy Blackman deltar.

- Ho er eit råskinn, seier kollega Sandbakk om Blackman, som har vore Lenny Kravitz’ trommeslagar i fjorten år.

Melting pot
Ho er inne i både jazz og rock og overgangane – det har i mange år vore vanskeleg å peke på markante stilartar i rytmisk musikk. Særs mye er smelta saman.

Her i byen skal Cindy spele med Frode Alnæs, Vigleik Storaas og Mattis Kleppen.

To jazz or not to jazz
Jan Garbarek har vald ut dei folka han har med seg for å spele med. Jan Garbarek Groups konsert tidleg i festivalen blir nok høgdepunktet for mange.

Festivalsjefen er over seg av beundring for den mannen som i si tid gjorde Norge til ei jazzstormakt, og som no seier at han speler bastardmusikk – improvisert musikk basert på nordisk og europeisk tonespråk.

- Garbarek er uhyre bevisst i val av medmusikarar. Ingen annan norsk musikar har ein så klar identitet, saksofonstemmen er gjenkjenneleg frå første tone.

Det er kjent at den annonserte mangeårige medspelaren bassisten Eberhard Weber har fått hjerteinfarkt. Så bassisten på Trondheim Spektrum blir brasilianaren Yuri Daniel.

SYNERGI: - Som førsteamanuensis på jazzlinja og som festivalsjef vil eg bidra til å løfte begge einingar opp samtidig. Festivalen skal profilere jazzlinja og NTNU.
Kulturbyen er her
Sandbakk er spent på flyttinga av festivaltid frå hausten.

- Vår største konkurrent, seier han, er alt det andre som skjer i byen. Det er større samla kulturtilbod her no enn under byjubileet for ti år sia.

NTNU har auka sitt bidrag til festivalen, det gjer det muleg å satse ytterlegare, som på utandørsfesten.

Ernst Wiggo Sandbakk ønsker velkommen opp i smeltedigelen – jazzen ligg i utgangspunktet i botn. Følg med på kva som skjer med den!

Tekst Kjell Håve
Foto Arne Asphjell

Trondheim Jazzfestival sine nettsider