Jazzeksamen på Blæst
(29.5.07, 06:31) Det er ikkje vanleg å betale for å vere til stades på ein eksamen. Men det er det fleire som gjer når jazz-sangarinne og musikkstudent Tone Åse gjennomfører konserten X-amen. Når Tone Åse seint i kveld syng på scenen på Blæst, er det X-amen, den praktiske delen av den. Fullføringa av hovudfaget i musikk er førebudd gjennom mange år, seier ho, så i den siste veka har ho turnert aktivt.
Tone Åse har i mange år vore sentral i Trondheims improvisasjonsmiljø, kjent blant anna frå Kvitretten.
Pinseaften møtte vi henne til portrettintervju på Dokkhusets takterrasse. Portrettintervju med Tone Åse Trondheim Jazzfestival sine nettsider
|