Eksamen frå jazzfestivalens scene
(29.5.07, 06:31) Tone Åse skal opp til eksamen i musikk hovudfag. Den praktiske delen er ein konsert under jazzfestivalen. |
MENNESKET TONE: Tone Åse kjem nettopp att frå ein turne rundt om i barnehager, ho underviser musikkstudentar til dagleg, vaks opp med Beatles-plater, er aktivt interessert i lyrikk og er ein bergensar som trivst veldig bra i trønderhovudstaden. |
Vi møter Tone Åse på Dokkhusets takterasse med utsyn over mange drikkande på pinseaftens ettermiddag. Ho er mellom to turnear før konserten som greitt nok blir kalt X-amen.
Her har vi ei jazzsangarinne i jazzsangarinnebyen. Skal vi snakke om Billie Holiday eller Solveig Slettahjell?
Tone Åse vil gjerne snakke om Rolf Jacobsen.
- Eg vil berre gå vidare med Rolf Jacobsen.
Ho har i noen tilfelle sett musikk til tekstar av lyrikarar.
- Han er veldig aktuell, han viser korleis samfunnet har blitt – moderniseringa, og framandgjeringa som følgjer med det. Han set det moderne og krava frå det i perspektiv, og han berører dei nære relasjonane, det mellommenneskelege.
Ordets modernisatorar
Særleg ein norsk diktar til er ho opptatt av: Olav H. Hauge. Mange har sansen for desse to som hadde omtrent same livsløp, begge døydde i 1994. Tone Åse har blikk for ulikskapen.
- Hauge hadde dei få ord, dei fine augneblikksbilda, og med mange naturfenomen.
- Det er forskjellige måtar å forhalde seg til tekst på: Det er opplevinga av kva ord og setningar betyr, og så er det slikt som fargene og bilda.
- Når eg lagar tekstar sjølv, er eg opptatt av lyden av og rytmen i bokstavane, av klangen i orda. Ein tekst har både betydning og stofflegheit.
|
PINSEAFTEN PÅ NEDRE ELVEHAVN: Tirsdag kveld er det X-amen, og da skal ho sannsynlegvis vise sine ferdigheiter innafor blant anna livesampling – ho tar opp og avspeler eigen stemme på direkten. |
Klang er mangt
Via litteraturen har vi da komme fram til vesentlege forhold ved det Tone Åse driv med: Klangen av ord, og andre klangar.
- Lyden er eit eige musikalsk parameter, klang er eit musikkelement i like stor grad som melodistrukturen.
Synge inne i eit band
Ho er med i fleire prosjekt, i noen år har hovudprosjektet vore BOL, som tydelegvis ikkje bør skrivast bol og iallfall ikkje Bol. Men BOL. Ho oppgir assossiasjonar til bolverk eller laboratorium. BOL er BOL, nemleg ein trio, og det er dei som skal opptre på X-amen.
Her har ho med ektemannen Ståle Storløkken på keyboards og Tor Haugerud på slagverksinstrument. Sangarinna går vidare i presiseringa om soundens betydning:
- Ståle kjem inn i stor grad her, med keyboardet, med lydarsenalet: like mye rett lyd som rett tone.
Stemme, instrument…
Tone sjølv bruker ein effektmaskin. Bruken av elektronikk på stemmen er viktig for henne fordi dette har sett henne i stand til å utvikle seg kunstnarisk.
- Eg kan blande min lyd lettare med dei andre lydane og slik innta andre roller i det totale lydbildet enn det ein kan med den typiske vokalrollen. Eg kan delta i det improviserte samspelet og det kollektive på ein annan måte ved at eg jobbar mye meir instrumentelt.
|
DEN EKSPRESSIVE: Ho er eit likevektig og engasjert menneske som under musikkutfalding brukar alle stemmens verkemidlar: sang, skrik, kviskring, snakking og mye meir. |
BOLs rom
For den som er vant til vanlege jazzplater kan ei BOL-plate opplevast som om ein er inne i eit filmopptak eller hørespel. Dette er romleg kunst. Ein finn vare og vakre stemningar. Og mye stygt:
- Både det stygge og det vakre er med, vi er ikkje redd for det, det vakre er ikkje nok.
Det må presiserast at ”stygt” her står for lydar som kjem til sin absolutte rett i BOL-samanheng, men som villa ha forstyrra i ei klassisk jazzinnspelling.
Eit val
Eller andre klassiske samanhengar: Tone Åse har allereide ei klassisk musikkutdanning. Ho tok ein annan veg. Ho forklarar:
Kjernen her er det improvisatoriske. Her opplever jeg den klassiske tradisjonen som svært forskjellig fra jazztradisjonen.
I den klassiske tradisjonen jobber man mot et ganske definert klangideal, og man jobber med å lære seg en fremføringstradisjon som har klare føringer for hvordan musikken skal være. Jeg opplevde at improvisasjonsmusikken ga meg helt andre utfordringer og muligheter. Her er samspillet og det uforutsigbare sentralt. Det å ikke ha bestemt hvordan musikken skal bli, men skape den i øyeblikket, både fordrer og skaper en spesiell tilstedeværelse; tilgang til egen musikalsk impuls, og en følsomhet for andres impulser. Opplevelsen av på denne måten å skape noe sammen er for meg en stor befrielse og glede, og tilførte et nytt perspektiv til det å musisere.
Jeg har imidlertid stor glede av å lytte til mye av den klassiske musikken, og tror absolutt at klassiske musikere (og forøvrig utøvere av alle andre stilarter…) også vil ha grader av det jeg ser på som "improvisatorisk tilstedeværelse" i fremføringen; de gjør personlige valg i øyeblikket, innenfor forskjellige rammer.
|
TURNELIVET: Tone har turnert flittig like oppunder si eksamensforestilling, andre pinsedag var ho tilbake i fødebyen mellom fjella. |
Dragning mot bandsamanhengar
På opptaksprøva sang ho ”My One And Only Love” og ”Dancing On The Ceiling”. Standardjazzlåtar kan ho.
Av inspirasjonskjelder kan ho nemne Sidsel Endresen, Joni Mitchell, Elin Rosseland og Eldbjørg Raknes. Men ho vil òg presisere at ho har fått stor inspirasjon frå ulike orkester, norske som Jøkleba, Nutrio og Veslefrekk.
Ho har òg vore opptatt av folkemusikk: afrikansk, bulgarsk, arabisk, balinesisk…
Og så eit uhyre vesentleg poeng:
- Jazzens natur, eigenart, er å søke vidare - til nye uttrykk.
Eit par ord om jazzlinja
Tone Åse blomstrar på grobotnen:
- Mitt inntrykk er at Norge er eit føregangsland for vidare utprøving, i forhold til andre nordiske land. For eksempel er jazzlinja i Trondheim opptatt både av tradisjonen og av å gå vidare.
Dette har ført til ei sterk samling av utviklingsorienterte folk i byen.
- Å ha jazzlinja fører til eit levande miljø av flinke, kreative, musikarar som stadig får skapt noe nytt.
Å vere i samfunnet
Tone har vore dirigent for Sosialistisk Kor. Politisk aktiv i tradisjonell forstand er ho ikkje.
- Vi er ikkje eit politisk band, men noen av tekstane kan ha radikale bodskap.
Pinseaften på toppen av Dokkhuset. Sommaren har vunne kampen for noen timar. Tone Åse, førtitoårig bergensar som trivst særs bra i Trondheim der ho har budd i seksten år.
|
SOL OVER KULTUREN: Trondheim satsar på utøvande kunst, det er blitt eit rikt og kreativt miljø i byen. |
Lokalhistoria
Ein har fått gleda av å møte einkvar forstand musikalsk intervjuobjekt. Ho gir eit levande vitnemål om å ha vore ivrig, engasjert, interessert, av å ha vore med på det forunderlege å ha arbeidd fram eit unikt musikkmiljø i denne byen. Ho kom med i Kvitretten, eit av sangarinnebyens mest levande uttrykk, med blant andre Solveig Slettahjell, Eldbjørg Raknes, Kristin Asbjørnsen og ei jente frå Fyllingen.
Kordirigent, pedagog, barnepedagog, aktiv med å opptre for barn. Ho stillar òg på jazzfestivalens Fokus, der utøvarar held workshop for dei som er interessert i å lære.
Samfunnsinnsats er meir enn politiske parolar. Og det å arbeide med improvisasjon og sjangeroverskriding – ho meiner at det indirekte er arbeid mot det masseproduserte, lettfordøyelege og kommersielle.
Toneframtida
Ein kan innføre noen problemskyer i solskinet på Nedre Elvehavn: kulturfiendtlegheit, kommersialisme…
- Noen seier at det kjem ei motrørsle. Folk leiter etter meining, der er mye identitetssøking. Dei som er nøgde materielt, vil ha kultur.
Det følgjande ser ho som eit håp for det ikkjekommersielle:
- Verda er blitt både mindre og mye større gjennom Internett. Fleire får tilgang til verda og til å vise kva dei kan. Ei enorm mengd musikarar er medlemmar av MySpace. Ein får tilgang til det som skjer akkurat no.
Ikkje tid til x-amensnerver
Andre pinsedag flyr Tone til barndommens by, med LiveBand, før ho kjem att til heimbyen og X-amen på tirsdagskvelden på Blæst. BOL gir ut ny plate til hausten.
Den skriftlege besvarelsen er levert, men likevel: Ro og fred til eksamensførebuingar?
- Eksamen er førebudd gjennom mange års arbeid.
Tekst Kjell Håve
Foto Arne Asphjell Artig webside Panegyrisk melding på Puls Her blir det fortald frå da dei var i Finland
|