Prisvinnarar ser framover
(4.6.07, 11:52) Kåringa av årets teknologistudentar vart ei fin fjør i hatten for NTNU. No er prisvinnarane Synnøve Stubø Engeskaug og Mariam Kaynia klare for nye utfordringar. 10. mai vart NTNU-studentane Engeskaug og Kaynia kåra til henhaldsvis årets teknologistudent og årets IT-student. Det er bedriftene Siemens, Steria og PWC som premierer vinnerne, medan det internasjonale konsulentselskapet Universum Communications kvart år arrangerer Universum Awards.
|
ÅRETS TEKNOLOGISTUDENT: – Eg er svært glad i å reisa, og har i tida som NTNU-student hatt studieturar til mellom anna Argentina, Brasil og Tyrkia, fortel Synnøve Stubø Engeskaug. |
Aktiv innanfor nyskapningsmiljø
No har vinnarane hatt nokre veker på å la det synka inn at dei er landets fremste teknostudentar. Årets teknologistudent, 26 år gamle Synnøve Stubø Engeskaug frå Furnes, meiner prisen er god marknadsføring for både NTNU og ho sjølv. Ho fekk prisen mellom anna fordi ho har vore svært aktiv i andre studiemiljø enn akkurat det faglege.
¬– Det juryen sa var at eg fekk prisen fordi eg har vore veldig aktiv innanfor nyskapningsmiljø. Mellom anna har eg jobba mykje i START NTNU, fortel ho.
Det vart også lagt vekt på at ho har hatt gode resultat i studiane sine, og har vist solid progresjon.
– Eg begynte NTNU-oppholdet mitt på datateknikk, og det gjekk ikkje veldig bra. Så du kan sei eg la eit godt grunnlag for progresjon der, ler Engeskaug.
Jobb i konsulentselskap
Etter at ho begynte på industriell økonomi gjekk derimot alt mykje betre. Resultata har vore svært gode, og om nokre veker leverer ho diplomoppgåva si.
– I oppgåva skriv eg om leiareigenskaper i norske multinasjonale selskap, og har Telenor som eksempel.
– Korleis nordmenn og utlendingar oppfattar norske leiarer, er eit av kjernespørsmåla mine. Noko som er interessant i denne sammenhengen er for eksempel om norske leiarar tar hensyn til kulturelle forskjeller når dei arbeider utanlands, forklarer teknologistudenten.
Til hausten begynnar ho å jobba for konsulentselskapet BEKK Consulting som leverer teknologi- og rådgjevningstenester. Dermed tar Engeskaug flyttelasset med seg til hovudstaden.
– Eg er veldig klar for noko nytt, og gler meg veldig. Eg kjem til å sakna Trondheim, men familie, venner og kjæreste bur i Oslo, så det er i grunn på tide å flytta på seg no, seier årets teknologistudent Synnøve Stubø Engeskaug.
|
ÅRETS IT-STUDENT: – No skal eg ha ordentlig sommarferie, og då skal eg reisa mykje, seier Mariam Kaynia. Til hausten begynnar ho på doktorgraden sin ved NTNU. |
Frå dobbel master til doktorgrad
Også årets IT-student, 23 år gamle Mariam Kaynia, ser fram til nye utfordringar når studenttilvèret no nærmar seg slutten. Ho har derimot ikkje tenkte å forlata NTNU med det første.
Ho er igrunn akkurat komme tilbake til Trondheim, etter å ha vore to år i USA. Der har ho studert ved Universitetet i Minnesota. Til hausten begynnar ho på doktorgraden sin.
– To mastergrader, og snart påbegynt doktorgrad i så ung alder, er vel ikkje heilt vanleg?
– Nei, det er vel kanskje ikkje det. Eg har ikkje tenkt på det, men har bestandig forsøkt å gjera mitt beste, og det er ikkje berre i skulesamanheng, seier Mariam Kaynia.
Og Kaynias beste har vore meir enn godt nok. Dei gode resultata, samt dei mange relevante jobberfaringane utanom studiane gav ho altså tittelen årets IT-student. 23-åringen meiner det som først og fremst var flott med å vinna prisen, var at det var medstudentane som hadde nominert ho fram.
– Eg har vore heldig med å ha så mange gode venner, ler ho.
Høgare krav i USA
Mariam Kaynia studerer elektronikk, og i mastergradsoppgåva (eller snarare, mastergradsoppgåvene) skriv ho om trådløs kommunikasjon.
– Korleis vil du samanlikna studenttilvèret i USA med det norske?
– Fram til masternivå er det ganske likt, men for å vera heilt ærlig så syns eg nok masterstudiane er meir seriøse i USA. Det vert nok stilt høgare krav der enn kva tilfellet er her heime, meiner Kaynia.
Tekst og foto Pål Vikesland |