MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Studentanes statsminister (11.6.07, 07:50)

– I det store og heile har studentane i Trondheim det veldig godt, meiner velferdstingsleiar Sebastian Eidem. Hans oppgåve er å sørga for at dei får det endå betre.

Ein guffen desemberdag 2006. Som så mange andre historiar i livet er også dette portrettintervjuet basert på ei tilfeldigheit. Representant for Dragvollportalen, 22 år gamle Sebastian Eidem befinn seg plutseleg på møtet i Velferdstinget saman med ein kamerat. Det er tre dagar til leiarval. Eidem veit ikkje kva Velferdstinget er for noko. Det er litt som den vitsen om samanlikninga mellom skipet på flaska og FrP-representanten på miljømøte. Korleis i all verda havna han der?

– Du skal ikkje stilla som leiarkandidat du då, spør kameraten.

REPRESENTERA, REPRESENTERA: – Den viktigaste oppgåva mi er først og fremst å representera studentane, meiner Sebastian Eidem.
Statsvitskap i praksis
Tre dagar seinare. Velferdstingets 16 stemmer blir telt opp. Med 9 stemmer vinn Sebastian Eidem valet. No er det han som har det overordna ansvaret for trondheimsstudentanes velferd.

– Eg låg og tenkte på det heile natta før valet, og så bestemte eg meg for å stilla. Det var denne sjansen eg hadde. Eg angrar ikkje. Det er jo statsvitskap i praksis. Pappa kallar meg statsminister for trondheimsstudentane. Semesteravgifta er skattepengane, og studentane er folket. Og så har me i Velferdstinget ansvaret for å forvalta dei kronene på mest mulig fornuftig vis, smiler statsvitskapstudenten.

På grunn av at Velferdstinget endra leiarperioden frå januar- januar til å vara frå juli til juli, vart Eidem berre valt for seks månader i desember . Men i april stilte han til val på ny. Også dette vann han. Dermed blir den unge mannen frå Bærum den til no første i historia som sit som velferdstingsleiar i halvanna år.

– Kva er dine svakheiter og styrker som leiar?

– Eg er nok litt konfliktsky, og likar ikkje å kjefta noko særleg. Der burde eg nok vore litt flinkare innimellom. Samtidig er eg audmjuk. Eg har mykje å læra, men trur eg lærer raskt. I tillegg har eg lett for å komma i kontakt med menneske, og det er ein klar fordel i ein jobb som min, reflekterer Eidem.

FAKTA

SEBASTIAN EIDEM
Alder: 23
Studererer: Statsvitskap bachelorgrad
Sivilstand: Kjæreste
Bakgrunn: Kjem frå Bærum. Har vore Instituttillitsrepresentant for sosiologi, jobba i Fadderutvalet på Dragvoll, Dragvollportalen, UKA 05 og ISFiT 07.
Aktuell: Attvald som leiar for Velferdstinget, og har det overordna ansvaret for at alle studentane skal ha gode velferdstilbod. Skal sitta som leiar fram til juli 2008.

Fornøgd med studentprisen
I løpet av tida han har vore leiar har Velferdstinget mellom anna oppretta ein eigen studentpris, studentboligane har blitt røykfrie og studentane har i nokre hektiske eksamensdagar i mai sjølve fått bestemma kva matvarene i SiT sine kioskar skal kosta.

– Det er meiningsfylt å sjå når forslag vert konkretisert på den måten. Spesielt opprettinga av studentprisen trur eg var veldig lur. Prisen bidrar til å setta eit positivt fokus på studentane. Når det er sagt så er 99 prosent av arbeidet eg gjer usynleg for dei fleste studentane. Det er mykje e-post, møter og telefonverksemd, forklarer Eidem.

– Den jamne student er kanskje ikkje så interessert i kva Velferdstinget heldt på med? Forstår du det?

– Ja, på mange måter gjer eg det. Eg trur me igjen kan dra parallellar til staten Noreg. Det er verdas beste land å bu i. Uansett kven som regjerer som vil aldri landet gå heilt på dunken. Det gjer noko med engasjementet til folk. Studentane i Trondheim har det også veldig godt i det store og heile. Når eg høyrer om studentar i Columbia som risikerer å mista livet fordi dei seier kva dei meiner om pensumlitteraturen for eksempel, så blir det jo ikkje så viktig om ein kaffikopp i kantina kostar sju eller åtte kroner.

Før han understreker: – Men likevel er det viktig å engasjera seg for å påverka sin eigen kvardag. Hjertesaka mi no er at studentar skal melda flytting til Trondheim før haustens kommuneval, slik at dei i større grad kan vera med på å forma byen dei bur i.

SUNN SJEL I SUNT LEGEME: – Eg prøver å trena tre gonger i veka. Dersom eg har vore inne, drukke cola og spist potetgull ein heil dag, får eg dårlig samvittigheit, avslører velferdstingsleiaren.
Menneske betre enn papir
Velferdstingsleiaren likar å påverka sin eigen og andres kvardag. Han studerer statsvitskap, men har òg søkt, og komme inn på, Politihøgskulen.

– Eg dras litt i fleire retningar, og det er mange jobbar eg syns verkar spennade. Eg veit strengt tatt ikkje om eg er akademisk anlagt, og blir fort rastlaus av å sitta på lesesalen. Eg likar nok menneske betre enn papir, resonnerer han.

Å arbeida med menneske har han også gjort i rikt monn i tida som trondheimsstudent. Han har mellom anna vore med i fadderutvalet på Dragvoll, Dragvollportalen, ISFiT og UKA.

¬– Eg har i tillegg hatt sommerjobb ved ein psykiatrisk institusjon, og har lært svært mykje i den jobben, fortel han.

Byråkrationanist slår tilbake
Til tross for at han sjølv hevdar å vera konfliktsky har han vore i mang ein temperaturfylt diskusjon i tida han har jobba i studentorganisasjonar. Då han arbeidde for Dragvollportalen i fjorhaust vart innsatsen han og kollegene la ned hudfletta på kommentarplass i Under Dusken.

– Korleis går det med motivasjonen når det du jobbar med vert beskrive som ”byråkratisk onani”?

– Eg jobbar verkeleg for å gjera noko bra for studentane, og når eg får kjeft av andre studentar er det jo kjipt. Det var det samme når me lot studentane sjølve få bestemma prisane på SiT sine utsalsstader. Då var det nokre studentar som hamstra inn mat i store mengder, og me blei beskulda for å fremma ein grådigheitskultur hos studentane. Det var aldri vår intensjon. Samtidig er det sunt at ikkje alle er einige med meg. Det triggar meg, og eg blir hundre gonger så engasjert. Og så må eg jo ta til motmæle, smiler velferdstingsleiaren.

Motsvaret til kommentaren i Under Dusken vart forøvrig eit debattinnlegg i det påfølgande nummeret med tittelen ”svar frå byråkrationanistene”.

– Likar du oppmerksomheita arbeidet medfører?

– Eh...om eg likar oppmerksomheita...?

Eidem vert tankefull.

– På ein måte, ja. Eg vil ikkje vera ei grå mus som ingen legg merke til. Men det som først og fremst er gjevande er å ta grep om studentane sin kvardag. Eg vil tenka tilbake på at arbeidet me utførte utgjorde ein forskjell for studentane sin situasjon her.

BETRE ENN SITT RYKTE: – Eg er glad for at me fekk oppretta studentprisen. Det trur eg var eit viktig grep for å heva statusen til studentane i byen.
Glømte ferien
Det første heile semester som velferdstingsleiar nærmar seg slutten. Sommartid er ferietid for ”vanlege dødelege”, medan det for studentar ofte er synonymt med jobb. For Eidem, som på eit vis er ein stad midt imellom dei to kategoriane, vert det jobbing. Heller ikkje det heilt etter planen, strengt tatt.

– Dei ringte frå den gamle sommarjobben og spurte om eg ville arbeida i år også, og eg sa ja. Idet eg hadde lagt på kom eg på at det hadde jo igrunn vore godt med ferie. Så eg ringte opp igjen og fekk masa meg til ei veke ferie, ler velferdstingsleiaren.

Tida me har til rådigheit er i ferd med å renna ut. Sebastian Eidem har plikter som kallar. Det har stort sett vore slik sidan han kom til trønderhovedstaden. Samanlikninga med FrP-representanten på miljømøte frå innleiinga verkar pluseleg noko malplassert. At Sebastian Eidem har det overordna ansvaret for studentanes velferd verkar slett ikkje unaturleg. Han har igrunn sysla med den slags lenge. UKA 05. Instituttillitsrepresentant for sosiologi. Fadderutvalet på Dragvoll. Dragvollportalen. ISFiT. Og no leiar for Velferdstinget.

Tilfeldig? Neppe.

Tekst og foto Pål Vikesland