Likestilling i 2020?
(7.6.07, 11:42) - Vi har balanse mellom kjønna når det gjeld vitskapleg tilsette i 2020, er prorektor Astrid Lægreids stalltips. Onsdag var kjønsbalanse i Akademia konferansetema. |
KARI MELBY var leiar for komiteen.
|
”Balansekunst” var tittelen på dagskonferansen som vart arrangert i Rådssalen i hovudbygget på Gløshaugen onsdag. Utgangspunktet var i arbeidet til ”Komité for integreringstiltak – kvinner i forsking 2004-2006.”
Konferansen vart opna av prorektor Lægreid. Leiar for utvalet, prodekan ved HF Kari Melby, innleia til debatt over tittelen ”Kjønnsbalanse i akademia – gylne muligheter.”
Tidlegare prorektor ved Universitetet i Oslo, Anne-Brit Kolstø, fortalde om røynslene ein der ha hatt med tiltak for å få kvinner fram i vitskaplege stillingar, medan likestillingsrådgjevar ved NTNU, Svandis B. Vestmann, oppsumerte stoda her ved universitetet.
Flinke strebarar?
Så vart forsamlinga utfordra av professor Knut H Sørensen, som innleia over emnet ”NTNUs flinkhetskultur, et likestillingsproblem?” Svaret hans var eit klart ”ja.”
Auka bruk av tellekantar og kvantitativ måling skapar ei form for strebarkultur som rammar kvinner i akademia hardast, hevda han.
|
VIL ØKE TEMPOET I LIKESTILLINGSARBEIDET: Frå venstre: Svandis B. Vestmann, Astrid Lægreid og Anne-Brit Kolstø. |
Finland og Portugal best
Statistikken syner at kvinner utgjorde 17 prosent av alle professorane i 2005, medan talet talet var 12 prosent i 1999.
Humaniora har flest kvinnelege professorar – 28 prosent – medan teknologi kjem dårlegast ut, med seks prosent.
Best i Europa er Finland og Portugal med noko over tjue prosent.
Kva må gjerast?
Mellom tilrådingane komiteen kjem med overfor departementet, kan nemnast:
Andel kvinner i nytilsette vitskaplege stillingar, fordelt på fag, må bli innrapportert til departementet.
Likestilling må integrerast i finansieringssystemet.
Kartlegge kva for høve ein har til å innføre positive særtiltak for det underrepresenterte kjønn, ut frå gjeldande praksis i EFTA-domstolen.
Evaluering av Kvalitetsreformens konsekvensar for ulike likestillingsmål.
Sette i verk treårig nasjonalt prosjekt for utvikling av utvikling av akademisk leiarskap i likestillingsperspektiv.
Tekst og foto: Tore Oksholen |