MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Jazzcamp for likestilling (29.6.07, 13:33)

I juli foregår noe som så vidt ein veit er nytt i Norge: kvinnejazzcamp.

Kristin Andresen og Nina Kristine Linge inviterer til Jazzcamp for kvinnelege instrumentalistar på Trøndertun folkehøyskole 9-14 juli.

Campen er et jazzkurs med improvisasjon og samspill som fokus.

DEI ER TO AV TRE PÅ JAZZLINJA: Nina Linge og Kristin Andresen har lurt på kvifor ikkje fleire kvinner spelar eit instrument. (Illustrasjon Nina Linge.)
Eit positivt tiltak
Initiativtakarar og organisatorar bak campen er Kristin, saksofonist, og Nina Kristine, gitarist. Dei er to av tre kvinnelige instrumentalistar på jazzlinja ved Institutt for musikk, NTNU i Trondheim, og kunne sjå for seg ei framtid med fleire jenter å spele saman med.

- Jazzen er til dags dato på steinaldernivå når det gjelder likestilling, kan man lese på hjemmesiden deres.

Dette er tala for jazzlinja neste semester: 38 studentar og 32 instrumentalistar. Bare fire er kvinnelege instrumentalistar.

- Så vidt vi veit, er eit slikt tiltak ikkje utprøvd før, iallfall ikkje i Norge. Campen er eit kurs for kvinnelege instrumentalistar, for det er der det trengst rekruttering. Det har kanskje eksistert noen usynlege barrierar, forteller Nina Linge, som meiner at årsaken til den skeive kjønsfordelinga er samansatt: jazzen sitt image, ein fastlåst tradisjon, mangel på kvinnelege forbilder, for å nemne noko.

God start
Deltakarar på jazzcampen er frå vidaregåande skolealder til førtiårsalderen.

Det er ytt 30.000 kroner frå NTNUs likestillingsrådgjevar Svandis Benediktsdóttir og 10.000 kroner frå Institutt for musikk.

IMPROVISASJON PÅ HØGSOMMAREN: Dei to initiativtakarane spelar saksofon og gitar og har eit avslappa forhold til stilistiske avgrensingar. (Illustrasjon Nina Linge.)
Frå heimesida plukkar vi: ”Lærerne er profesjonelle utøvende musikere og pedagoger og vil virke som inspiratorer og gi foredrag/workshop og ha samspill og improvisasjonstrening sammen med deltakerne. Det vil bli lagt vekt på formidling gjennom jam, huskonsert og avslutningskonsert.”

Det blir utøvd på fiolin, gitar, bass, saksofon, trompet, piano og trommer. Ein filmstudent skal dokumentere det heile.

Det er enno ledig plass, sjå heimesida

Tekst Kjell Håve