Med kybernetikken for samfunnsendring
(1.8.07, 06:56) Til avløysing for bussane mellom Gløshaugen og Dragvoll: Vogner som svever like over eller under eit spor ved hjelp av magnetisme og som blir styrte automatisk. Viss dette skjer, vil det vere eit eksempel på at Trond Andresen får det som han vil. |
NOE BAKGRUNN I MARX: Automatisering er Moses og profetane, seier Trond Andresen. |
SkyTran blir transportsystemet kalt, eit eksempel på magnetisk svevetog (magnetic levitation). Andresen er amanuensis ved Institutt for teknisk kybernetikk. Hans tankar pleier gjerne å vere tankar om samfunnsutviklinga, og denne himmelske transporten er ein pillar i Andresens visjon om eit betre samfunn.
Han meiner at framtida er å automatisere det som kan og bør automatiserast, blant anna det meste av transport, med frigjering av arbeidskraft til dei som treng meir av det: helse, sosial, undervisning.
Teknologigærning?
Slik det ligg an nå, ser ikkje Andresen for seg at det utan vidare vil bli sett i gang utvikling av SkyTran. Forkjemparane blir gjerne sett på som heller eksentriske, for å seie det mildt.
Men om media hadde fungert på ein annan måte: Om det til stadigheit hadde vore store, grundige artiklar og diskusjonar i dei mest leste avisene om uortodokse, tilsynelatande ugjennomførlege, teknologiløysingar slik at dette hadde oppnådd like stor offentleg interesse som for eksempel dei kongelege og deira englar.
|
TILBAKEKOPLING TIL KYBERNETIKAR: F.v. Guro Bøe Wensaas, samfunnsøkonomi, UiO; Qingsheng Dong, matematisk finans, UiO; Solveig Borthen, økonomi og administrasjon, NHH; Fredrik Bomstad, energi og miljø, NTNU; Hanne-Torill Mevik, fysikk, UiO. |
Unge hjernar mot sløsing
Sist måndag presenterte Trond Andresen sine idear for fem studentar som er ein del av ei gruppe som er engasjert av Statkraft til denne oppgåva: ”Legg en energistrategi for AS Norge og Statkraft”. Studentane kjem frå ulike lærestader og har eit særs breidt fagspekter. Dei hadde no tatt turen til Gløshaugen for å få impulsar frå ein velkjent universitetspedagog.
Trond Andresen tar utgangspunkt i sitt fag: kybernetikken. Begrep som tilbakekopling og sjølvforsterking er sentrale. Dei som er interessert i Andresens velkjente profil, ser samtidig at hans utlegningar fell godt inn i marxistisk dialektikk.
Monopolmakt
Noen produksjonsområde er kjenneteikna av at oppstart er enormt investeringskrevande, mens vidare produksjon over eit visst nivå stort sett berre fører til forteneste. I ein konkurransesituasjon vinn den som først kjem over kneika, og det treng ikkje vere den kvalitativt beste.
Andresen viste til Bill Gates’ siger over Mac, og han viste òg til ei veldig stor avis i ein etter norske forhold stor by. Dens kvalitet attspeglar eit monopol, hevdar Trond Andresen. Her kan lesarane gjerne gjette kva avis han sikta til (det er ikkje nødvendig å sende inn svaret), men iallfall kan ingen avisgründar starte opp og slå den avisa no.
Økonomisk termostat
Kybernetikarens ideelle løysing er denne: Auka opplag gir ei tilbakekopling til mediabedriftas budsjett på ein post for avgift, offentlege inntekter av slik avgift kunne òg subsidiere aviser med lite opplag. Konkurranse på kvalitet blir muleg.
Igjen kan den politisk interesserte gjere sine refleksjonar: Kybernetikk heng saman med styring, og styring kan henge i hop med for eksempel venstreorientert, gjerne sosialdemokratisk politikk. Uregulert konkurranse kan føre til ein låst monopolsituasjon.
|
ETTER FRAMTIDSDAGEN I TRONDHEIM: Dei kom gjennom eit rikt utval av enkeltemne på få timar. |
Mediakybernetikk
Når det gjeld Trond Andresens drøm om magnetisk svevetog, tenker han seg at stor mediamerksemd om den kunne gi ei tilbakekopling i borgaranes bevisstheit om at dette var noe det gjekk an å interessere seg for, og det kunne gi eit pådrag i form av større offentleg vilje til løyvingar til slik teknologi.
Pausar og innspart forelesningstid gjekk til dels fløyten denne måndagen i ei av elektroblokkene: Den begrensa, men sterkt interesserte studentgruppa, tok opp ei stor mengd spørsmål – alt ifrå kor mange som skulle kunne leve av å skrive dikt i det automatiserte samfunnet via finansieringsidear til kunstig intelligens. Statkrafts energistrategi har fått tilført impulsar.
Tekst og foto Kjell Håve SkyTran-omtale i Dagens Næringsliv (PDF) Universitetsavisa presenterte himmeltransporten i fjor sommar
|