Museet er framtida
(3.8.07, 06:58) Myntar frå sekstenhundretalet, steinsamlingar og utstoppa dyr – alt går mot eit nytt liv gjennom Revita-prosjektet. Det er hektisk aktivitet på Vitskapsmuseet for å berge fortida over i framtida: Dei store samlingane med gjenstandar skal ikkje berre ligge der. Dei skal sikrast fysisk mot forfall, dei skal registrerast og bevarast skikkeleg og ikkje minst skal mye meir av dei bli tilgjengeleg for forskarar og publikum. Dette skjer gjennom tiårsprosjektet Revita.
|
HAR KJENT KVAR SKOEN TRYKKER: Da Jon Anders Risvaag vart tilsett som Revita-sjef, var han styrar for myntsamlinga, landets nest største, oppretta av Conrad Nicolai Schwach for nesten to hundre år sia, og i fleire år utan styrar. |
I åra framover skal det tenkast og føre-var-praktiserast på eit mylder av område: Brann, vatn, insekt – for eksempel museumsbille, tjuvar, bygningsikkerheit. Det skal ompakkast iherdig med nye pakkemetodar og pakketeknologi. Enorme mengder gjenstandar skal handsamast, for eksempel reinsast og innsettast med stoff. Og ikkje minst skal det gjerast eit grundig registreringsarbeid på data.
- Dei vitskaplege samlingane er verna ved lov, dei er ein hovudpillar i museets verksemd, basis for forsking, formidling og undervisning, seier Jon Anders Risvaag. Han er leiar for revitaliseringsprosjektet.
Strengt varsku
Det var ein knusande rapport frå Riksrevisjonen for fire år sia – om museumsamlingar over heile landet – som gjorde det nødvendig å bestemme seg for å vekke opp levande, men trua, vitnemål om natur og kultur.
I Trondheim vart styraren for museets myntsamling tilsett som prosjektleiar. Det var ein mann som visste at nettopp for eksempel denne samlinga i mange år ikkje hadde styrar.
- Det står store nasjonale, til dels internasjonale forskingsmessige interesser på spel. Vi slit med å få forståing for kva vitskaplege samlingar representerer. Dette er ikkje berre ein plass der ein har ting som folk kan komme og sjå på. Vi er ein forskings- og formidlingsinstitusjon, samlingane er hjørnesteinen.
- Det er enorm viten som ligg i berre ei slik samling! Om ein tenkte den tanken at ein fjerna ei samling, så skulle ein vite at det ville vere som å fjerne eit kjemilaboratorium på Gløshaugen.
|
REVITA LEGG ALT PÅ RETT PLASS: Her sit Svanhild Sortland med spanske myntar frå 16- og 1700-talet. Ho plukkar dei ut frå ei gåve som museet fekk i 1947. |
Museumselektronikk
- Vi har hatt betydelege restansar, det vil seie udokumenterte, uregistrerte gjenstandar. Når prosjektperioden er over, skal vi vere på null restanse, berre løpande drift.
Eit hovudsatsingsområde er digitalisering: å registrere elektronisk gjenstandane og ikkje minst alle opplysningar om dei.
Dette er òg for å verne dei fysisk. Ein har jo handtert gjenstandane i stor grad, har måtta hente dei ut og undersøke og sjå.
- Kvar einaste gong blir det slitasje, seier Revita-leiaren.
Digitalisering er hovudsvaret på problemet, ein legg inn i databaser det som gjenstandane kan informere om, slik at ein ikkje i den grad treng å ta på dei.
Må ekspandere
Eit vesentleg problem for Revita er plassmangel, seier Jon Anders Risvaag.
- Nesten alt vi har, er sårbart. Det må styrast særs nøye. Det gjeld i stor grad at det enten må vere veldig kaldt og tørt eller tilsvarande fuktig. Dyr på sprit må for eksempel ha det kjølig. For arkeologisk metall frå byutgravingane krevst det at det er tørt og kaldt, men trevirke frå dei same gravingane krev varm og fuktig oppbevaring. For herbarium må det vere tørt og stabilt, 15-18 gradar.
- Enkelte av magasina er ikkje gode nok til vern mot nedbryting, andre er for tronge slik at det har blitt uhensiktsmessig stabling. Noen magasin er ypparlege, men altså for små.
- Det viktigaste er at samlingane får stabile forhold, og generelt krev det kostbar teknologi. Og vi må ha større plass! Vi må greie ut å leie eksterne magasin: Dora er inne i bildet.
|
HUNDREÅRA FØR REVITA: Stefanie Matthes fortel på eit greitt firemånader gammalt norsk om alterskapet som ho arbeider med. Det er frå 1400-talet og frå Vardø. Ho har mye arbeid med å fjerne lim og voks. Gjennom hundreåra har det opphavleg påførte gullet begynt å henge, og i dei tilfella har dei (u)ansvarlege berre klint over med lim. |
Rust never sleeps
- Vi pakkar om mye, for eksempel metallgjenstandar til større og meir moderne spesialforpakningar, slike som kan stå imot støytar og støv. Og vi må ha spesielt tette fuglekassar.
- Og det er mye vi ikkje har fått konservert. Det gjeld for eksempel å forhindre korrosjon, og å verne nedbrytbart trevirke.
- Ønsket er å komme fram til passiv konservering: at det i utgangspunktet blir pakka godt og rett på ein slik måte at det held seg istand sjølv.
- Vi har hatt betydeleg oppgradering. Noe er det jo som ikkje står til å berge. Men vi forseinkar øydeleggingane. Og vi er på eit nivå med konservering som vi ikkje har vore på før. Konservatorane forskar på kva som er muleg. Museet er i rivande teknologisk utvikling.
Museet er framtida
Det er 15 tilsette direkte i prosjektet som òg kan trekke på noen av dei fast tilsette ved museet og såleis har omkring 30 årsverk pr. år. Med omtrent like store innskot frå museet, universitetet og departementet er budsjettet på knapt 155 millionar over ti år. Rett nok har ikkje departementet levert, så ein er foreløpig underfinansiert. Og da blir det vanskeleg å planlegge, det blir usikkerheit i organisasjonen, ein må i mange situasjonar tenke seg om to gongar.
Sia starten i februar i fjor er det brukt mye tid på å legge strategiar, kjøpe inn utstyr og tilsette riktig kompetanse. Det har vore ei tid for dei store investeringar. Frå siste årskifte har organisasjonen vore i funksjon med omsyn til å produsere det den skal.
- Dette er ein uhyre viktig del av museet som heilskap, seier Jon Anders Risvaag. Dette er fotarbeidet, den heilt nødvendige føresetnaden for å kunne gjere alt det som museet har, så tilgjengeleg som det skal vere.
Tekst og foto Kjell Håve Gemini registrerte i 2003 sjokkbølgjene frå Riksrevisjonens rapport Her er prosjektbeskrivelsen (PDF)
|