(1.1.70, 01:00) HELGE NORMANN NILSEN
Alderspensjonist sia han fylte 70 år, som var no ved olsok.
Magistergrad i litteraturhistorie 1964, dr.philos 1969 (Universitetet i Bergen).
1967-1970 universitetsstipendiat ved Engelsk institutt, UiB. Frå 1970 dosent, seinare professor, i amerikansk litteratur ved Engelsk institutt, Universitetet i Trondheim – seinare Institutt for moderne framandspråk, Norges teknisk-naturvitskapelege universitet.
Gift 1962-65, 1969-2007. To søner.
Bøker:
Hart Crane's Divided Vision: An Analysis of The Bridge. (“The Bridge” er eit lengre dikt av H. C.)
Et forsvar for de utstøtte: En kort innføring i Kristian Kristiansens liv og romaner, i Trondheim folkebiblioteks skriftserie.
Temaer og historisk bakgrunn i Peter Egges trondheimsdiktning, i Trondheim folkebiblioteks skriftserie.
Den gylne tonen, en studie i Johan Bojers diktning, utgitt av Rissa kommune.
I næraste tid utgjeving av ei bok om Inge Krokann, med støtte frå Oppdal kommune.
35 vitskaplege artiklar med emne frå amerikansk litteratur
Forskaropphald i USA/Canada:
1965-67: Duke University, North Carolina
1983-84: University of California San Diego
1990-91: University of California Berkeley
1992: Toronto og Vancouver
Medlem av Framstegspartiet.
Glad i friluftsliv, særleg i den trønderske fjellheimen. Nyttar seg av turisthytter, særleg i Sylane. Held med Rosenborg, men ikkje når dei spelar mot Brann. |