MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Kjempar for diktarane frå folket (20.8.07, 06:49)

Det er ikkje lett å samanfatte Helge Nilsen. Det er gjerne slik med folk som går sin eigen veg.

RADIKAL FORTID, MEN: Eg liker ikkje politikken, den deler folk og får folk til å slåss med kvarandre.
Helge Normann Nilsen kjem frå ei slekt av fiskarbønder og arbeidsfolk. Han er norsk-nasjonal. Han ergrar seg over at kultureliten ser ned på arbeidsfolk i grilldress. Han har skrive ei litteraturfagleg bok på engelsk om eit hyllingsdikt til den moderne amerikanske sivilisasjonen. Han meiner at folk kan anstrenge seg og lese bøker på arkaisk nynorsk, gjerne ved hjelp av ordbøker.

Han er medlem av Framstegspartiet. Han er spesialist på amerikansk skjønnlitteratur. Gamle marxistiske vennar skal sette i hop festskrift til han. Han er bergensar og savnar sprengkulda om vinteren. Kort sagt ein vanleg Normann.

Frå folket
Født på olsokdagen, med eit klingande mellomnamn – nasjonalismen stikk djupare enn som så: ned til det folkelege.

- Dei diktarane eg har skrive om, representerer folket: småbønder, småbrukarar, arbeidsfolk. Dei kom derifrå. Dei såg det heile frå deira ståstad. Berre desse kunne skrive autentisk.

Nilsen har skrive bøker om trønderdiktarane Peter Egge, Johan Bojer og trondheimskrønikaren Kristian Kristiansen. Om få veker kjem ei bok om Oppdals store litterære sønn Inge Krokann, som skreiv romanar på oppdalsmålet om bygdafolket på 14- og 1500-talet. Nilsen er óg sterkt opptatt av Krokanns åndelege far: gudbrandsdølen Olav Aukrust.

FANN DET TRØNDERSKE: - Eg er ein gammaldags bergensar. Kjem eg til ein plass, adopterer eg den, eg overtar kulturen der.
Inn i skuggen
Legg ein til slike som Falkberget, Duun og Uppdal får ein eit bilde:

- Det er ei samling politisk ukorrekte: Nasjonale, avhaldsfolk, kristne, noen av dei var målfolk.

Alt høver ikkje på kvar av diktarane, men bildet er der likevel.

- Dei er komne i skuggen på grunn av si nasjonale orientering.

- Ungdommen bør lære seg å sette pris på norsk kultur. Dette har óg Sveinung Sundli sagt no, vi er samde på det punktet.

Med ein dåm av Storås-festivalen kjem vi inn på det sentrale, ifølgje Helge Nilsen: eininga av det nasjonale og det folkelege. Nilsens heltar kom frå dei folka dei skreiv om.

Ned til folket
- Men svært mye av det som er skrive om småkårsfolket, er skrive av folk frå borgerstanden, frå middelklassen. Ein kan nemne Alexander Kielland og Jonas Lie. Og embetsstandens representant, prestesonen Bjørnstjerne Bjørnson. Men dei kunne ikkje forstå bønder og arbeidsfolk som Johan Falkberget og Johan Bojer.

Etisk realisme er uttrykket han bruker om dei store trønderdiktarane. Dei var opptekne av både sosiale og etiske problemstillingar

DET FOLKELEGE OG DETS KONSEKVENSAR: Fordreg ikkje overklassen, heller ikkje den venstreorienterte. Nilsen støttar FrP.
Kode eller nøkkel
Klassestandpunkt var det noen som snakka om for mange år sia, ikkje minst i akademiske kretsar. Ja, kanskje særleg der.

For Helge Nilsen har det folkelege slått ut i ei eigenarta utvikling. Vi kjem inn på ein trondheimsk sakprosaforfattar. Nilsen er samd i noen av Magnus Marsdals synspunkt, men kode eller ikkje kode: Nilsen fann FrP-nøkkelen, vridde den rundt og meldte seg inn i Framstegspartiet.

- Vi har ei udemokratisk regjering, det galdt óg den førre: den neglisjerer majoriteten når det gjeld innvandring, fleirtalet er imot den noverande tilstanden.

Ulvar i folkeklede
- Eg kjem sjølv frå arbeidarklassen. Det var berre fattigfolk i slekta mi, fiskarbønder, husmenn… Eg har alltid reagert mot den borgarlege overklassen.

- No har vi ein ny borgarleg, og forkledd, overklasse, høgt utdanna venstreradikale og arbeidarpartifolk.

Han finn spor av overklassen i kulturdebatten, han reagerer mot utsegner som går ut på at alle må få tilført høgkultur for å bli forbetra.

- Eg er ein dissident, eg gir ut samidzati.

(Nilsen viser her til dei opposisjonelle i Sovjetunionen og deira hemmelege media.)

Tid for åbit
Før han kasta seg ut i pensjonisttilvera ved fylte sytti, var Helge Normann Nilsen dosent og professor i amerikansk litteratur ved Trondheims universitet i 37 år. Men han gjekk frå Brooklyn Bridge-hyllingar til trønderske fjellbønder – og deira målføre, som Inge Krokann skreiv på.

- Det er nok noen titals ord eg ikkje skjøner, men dei er forståelege utifrå samanhengen.

Eit eksempel på oppdalsdiktarens setningsproduksjon: ”Han stod i sjølvdæet i åbitsleite”. Det betyr at han sto i eigne tankar ved frokosttid.

Gruver og Gud
Helge Nilsen er ikkje med på litteraturhistoriske nyorienteringar:

- Johan Falkberget var ein langt meir betydeleg diktar enn han har fått gjennomslag for i litteraturmiljøet i Norge. Han vart jo tatt ut av Gyldendals bokserie ”Norges nasjonallitteratur”.

- Eg vil absoultt framheve Falkberget. ”Christianus Sextus” er eit storverk, nesten så bra som Olav Duuns romanar. ”Den fjerde nattevakt” er óg eit storverk. Men eg vil seie Falkberget er gudsbesatt – hos han tenderer det mot at alt blir ånd og liding.

FAKTA

HELGE NORMANN NILSEN

  • Alderspensjonist sia han fylte 70 år, som var no ved olsok.
  • Magistergrad i litteraturhistorie 1964, dr.philos 1969 (Universitetet i Bergen).

  • 1967-1970 universitetsstipendiat ved Engelsk institutt, UiB. Frå 1970 dosent, seinare professor, i amerikansk litteratur ved Engelsk institutt, Universitetet i Trondheim – seinare Institutt for moderne framandspråk, Norges teknisk-naturvitskapelege universitet.

  • Gift 1962-65, 1969-2007. To søner.

  • Bøker:
    Hart Crane's Divided Vision: An Analysis of The Bridge. (“The Bridge” er eit lengre dikt av H. C.)
    Et forsvar for de utstøtte: En kort innføring i Kristian Kristiansens liv og romaner, i Trondheim folkebiblioteks skriftserie.
    Temaer og historisk bakgrunn i Peter Egges trondheimsdiktning, i Trondheim folkebiblioteks skriftserie.
    Den gylne tonen, en studie i Johan Bojers diktning, utgitt av Rissa kommune.
    I næraste tid utgjeving av ei bok om Inge Krokann, med støtte frå Oppdal kommune.

  • 35 vitskaplege artiklar med emne frå amerikansk litteratur

  • Forskaropphald i USA/Canada:
    1965-67: Duke University, North Carolina
    1983-84: University of California San Diego
    1990-91: University of California Berkeley
    1992: Toronto og Vancouver

  • Medlem av Framstegspartiet.

  • Glad i friluftsliv, særleg i den trønderske fjellheimen. Nyttar seg av turisthytter, særleg i Sylane. Held med Rosenborg, men ikkje når dei spelar mot Brann.

  • Einstøing og einar
    - Kristofer Uppdal står heilt aleine, han hadde ein eigen stil, og ein heilt spesiell måte å forstå menneska og verda på. Ein slags realist, men samtidig romantiker.

    Og Uppdals trøndernynorsk? Stenger den?

    - Nei, det er ikkje språket, Uppdal er vanskeleg på grunn av innhaldet, han har veldig kompliserte tankebanar.

    - Han er ein av dei store i norsk lyrikk, dei største er Aukrust og Wergeland, og ein kan ta med Olaf Bull, kanskje.

    - Trondheim har fleire betydelege diktarar enn Bergen. Det litterære miljøet ved NTNU er for lite opptatt av trønderlitteraturen, det blir knapt undervist om den.

    Ve te Trånjæm…
    Folk frå Trondheim kan ha ein tendens til å tenke sitt om bergensarar. Breiflabb overalt? Patriotar iallfall, men denne her er eigenarta:

    - Eg er ein gammaldags bergensar. Kjem eg til ein plass, adopterer eg den, eg overtar kulturen der.

    - Eg vart opptatt av Trondheim og det trønderske, eg tykte trønderane trengte meir grunnstoltheit.

    Han er glad i friluftsliv i den trønderske fjellheimen, og bruker turisthyttene, særleg i Sylane.

    - Eg er ein urnordmann, slik blir eg trønderpatriot.

    Må våge å bite
    Han vart oppfatta som ein radikal opprørar på syttitalet, kjend artikkelforfattar i Dagbladet og Bergens Tidende.

    I viljen til uvøren utsegnsproduksjon passar Helge Normann Nilsen meir med bergensarbildet enn med trønderbildet. Gretten gammal gubbe? Det veit han vel ikkje så mye om, for det verkar ikkje som om han har hatt omsut for imaget sitt på fleire tiår.

    Her er noen utsegner:

    - Eg har budd her i byen sia 1970. Det var utruleg vakkert og idyllisk her på syttitalet. Eg har sett byen og landet endre seg til det verre.

    - Klimaet har endra seg, det er mindre skikkeleg vinter med sprengkulde, og mindre nedbør.

    - Ellers er det for mange kjøpesentra, trafikken har tatt overhand. For mange store, firkanta hus, dårleg arkitektur.

    Kontorfolk
    - Det som er skjedd på universitetet er at fagfolk har mista innflytelse, den er blitt overført til byråkratar og saksbehandlarar.

    -Byråkratisering og regulering, for lite tid til forsking, og da blir det ikkje god undervisning heller. Det blir ein standardreduksjon.

    Tenk sjølv
    Fascinert av det trønderske. Det kunne vel ha skjedd noen kvar, enten dei kom hit frå Bergen, Flekkefjord eller Valencia, eller som gutungen Kristian Kristiansen frå Tromsø. Hit til denne gamle byen og denne landsdelen med eit kanskje eigenarta – roleg, trygt – folkelynne og ein litteratur som omhandla sosiale forhold som ga seg utslag i forferdelege stengsel for mange som hadde givnader utanom det vanlege, stengsel for folk av små kår, for innflyttarar, for intelligente jenter.

    Hansine Solstad, Peter Egges romanheltinne frå Innherad, som vart ”tjyvkjeinnt”, som måtte kjempe med tjuvstempelet kvar gong ho prøvde å sprenge lenker: Ville ho ha støtta Framstegspartiet? Individpartiet eller eigedomspartiet. Hansine ville iallfall ha retten til å gjere sjølvstendige vegvalg utan å bli stempla. Retten til å tenke sjølv.

    Tekst og foto Kjell Håve

    Helge Nilsen om utviklinga til ein kjend amerikansk jødisk forfattar