Folk strømmer til for å få vite
(27.8.07, 06:42) Det har vore ein flott sommar, men stadig fleire vil inn i Vitensenteret. Laurdag var det jubileumsfest. |
SNART FORBI: Om ikkje lenge blir det flytting. I ti år har Vitensenteret lokka folk – publikum har tatt veldig godt imot oss, seier Atle Kjærvik. Laurdag var det stor jubileumsfest. |
Laurdag feira Vitensenteret sitt tiårige tilvære i Norges Banks gamle lokalitetar i Kongens gate. Her har det vore ein halv million menneske innom sia det store byjubileumsåret.
- Befolkninga er meir urbanisert, seier Atle Kjærvik, dagleg leiar ved Vitensenteret i Trondheim, dei vil ikkje nødvendigvis til norske badestrender sjølv om temperaturen er fin. Dei går i byen, barnefamilier kjem til byen.
- Det har gått jamt oppover med besøket her i desse ti åra.
I år er talet om lag 65.000. Det var 9300 i juli, månadsrekord og 2000 meir enn i same månad i fjor. Tusenvis av folk foretrekte for ei tid noe anna enn å vere ute i det sjeldant fine trondheimsveret.
Ferda vestover
Senteret har no 13 årsverk, det utgjer mellom ei fordobling og tre gongar så mye som ved innflyttinga.
Ti år er gått, og så blir det flyttesjau igjen – til Kalvskinnet og til sambygging med Vitskapsmuseet og NTNU. Kjærvik trur Vitensenteret må ut med 100 millionar. Det blir utlyst arkitektkonkurranse utpå seinhausten.
Vitskapsbyen på Kalvskinnet er eit fireårsprosjekt. Det ville vere fint å komme i mål til universitetsjubileet, tykkjer dagleg leiar.
Veit meir etter eit besøk
- Arbeid mot barn og unge er eitt av hovudmåla våre. Det andre er informasjon og almendanning i forhold til folk flest.
To tredelar av dei besøkande er barn og unge – i eller utafor skolesamanhengar.
- Vi har eit regionalt ansvar i forhold til regjeringas plan for rekruttering til realfalga. Vi har òg komme langt med å bygge opp eit senter på Steinkjer.
- Det er sju slike regionale senter no, det siste kom i Bergen i slutten av mai.
|
PRIMITIV ENERGI: Om det er det han utstrålar, får folk som kjenner den tidlegare NTH-informasjonsdirektøren og Gemini-redaktøren vurdere. Iallfall er den gamle bygninga til Norges Bank enno full av mulegheiter til læring ved kroppsleg utfalding. |
Politi og illusjonar
Utstillingar går ut og inn av senteret.
Ei innleid svensk utstilling dreier seg om moderne politietterforskingsteknologi. Under oppbygging er ei vandreutstilling om illusjonar. Her er det snakk om visuelle forhold, ikkje psykologiske. Og:
- Vi skal ta i bruk dramapedagogikk for å forklare om kroppen og skjelettet. Dette kan skje på skolen, eller elevane kan komme hit. Vi har eit samarbeid med Saupstad skole som pilotskole.
Steinalder og elektrisitet
Samarbeid er ellers eit nøkkelord.
Det er samarbeid med NGU om ei utstilling som vedrører klimaendringar og menneskes, i dette tilfellet steinalderfolks, tilpassing til slike endringar. Dette blir det ein forsmak på under Forskingsdagane i haust.
Og det er håp om å få til eit såkalt Newton-rom om olje, energi og miljø – i samarbeid med Statoil.
Saman med e-verket skal elektrisitetsrommet fornyast. Saman med ENOVA skal det haldast lærarkurs.
Fordi byen fortener det
Ein entusiastisk og takksam leiar har noen tankar:
- Publikum har tatt veldig godt imot oss. Folk i Trondheim fortener eit stort og moderne senter.
- Politikarar, industri og næringsliv må kjenne si besøkstid. Dei bør slutte opp om bygginga av vitskapsbyen.
Tekst og foto Kjell Håve Vitensenterets heimeside Vitensenterets vårallianse med Vitskapsmuseet Se bildeserie
|