STUDENTRØSTEN: Universitetet, campus, kvalitet og sånn
(7.9.07, 14:45) Hausten er no godt i gang og alt er tilbake til det "normale". Undervisninga er komt i gang, semesterprøver og oppgåver nermar seg og litt forsking har ein kanskje også tid til. Eg vil med dette prøva å oppsumera mine tankar kring hausten 2007 så langt og NTNU. Godtfolk!
Det er val i haust og valtid er spanande, ikkje berre får NTNU kjempemange treff i media på grunn av gode valforskarar, men ein kanskje klara å få diverse lovnadar ut av politikarane også.
|
KVIFOR smiler Martin så lurt der han sit på leiarkontoret? Foto Arne Asphjell. |
Det er også veldig morosamt å sjå at trondheimspolitikarane blir stadig meir opptatt og klar over at dei også må ta i eit tak når det gjeld å legga til rette for dei høgare utdanningsinstitusjonane i byen og for studentane som studerar her. Dette sjølv om enkelte av innbyggarane i Trondheim helst hadde sett at NTNU, HiST og DMMH ikkje hadde vore i byen då studentane BARE skaper problemar for dei.
Fleire parti har i dei debattane underteikna har vore til stades i vore opptatt å bygga noko rundt utdanningsinstitusjonane slik at studentane blir i byen og ein får meir aktivitet med bedrifter rundt institusjonane. No gjeld det å sjå om nokon av dei klarar å innfri desse løfta.
Utdanning, utvikling, forsking og innovasjon er det som skal driva landet vidare, og det er viktig at både kommunen og fylkeskommunen er med å drar lasset i denne retninga, uansett kven av partia som styrar.
Universitetsdebatten
Det har vore fleire innlegg både i Universitetsavisa og andre medium der ein har diskutert antall universitet og utviklinga av høgare utdanning. Me ser alle framover mot framlegginga til Stjernø-utvalet rundt juletider, og vonar at vår egen Kathrine Skretting klarar å hindra Steinar Stjernø i å laga berre eitt eliteuniversitet.
Personleg så tykkjer eg at både Asbjørn Aune og Harris Utne er inne på mykje riktig i sine innlegg i Universitetsavisa, og veljar å konkludera med Aune sin modell om at fire universitet i Noreg er nok.
Ser ein til våre naboland har ein i Danmark no drastisk redusert antall universitet og den nyansette leiaren av Høgskoleverket i Sverige har sagt at han ynskjer ein liknande prosess i Sverige.
Spørsmålet er om det er nok politisk vilje til å gå inn på ei sånn linje, og som Utne påpeker ”I et land hvor regionaldriften er sterkere enn seksualdriften,” så har nok dessverre denne debatten blitt lokalpolitikk i staden for universitets og forskingspolitikk. Og det er veldig synd for eit lite land som Noreg.
|
DESSE LAPPANE frå kjærasten kan kanskje ha noko med det lure smilet å gjera... |
Campusutvikling
Mykje universitetspolitikk ligg det også i campusutviklingssaken, som endå ein gong blei utsatt då ansatterepresentantane i styret ikkje kunne slutta seg til dokumentet.
Det som forundrar meg er mangelen på forståelse for KS1 prosessen. Dette er ein prosess som er eigd av Kunnskapsdepartementet (KD) og NTNU skal berre gi innspel. Det er KD som har bestemt at det skal vera ein fellesprosjekt for NTNU og HiST, med innspel frå intressentar som SiT og Trondheim kommune.
Og det er derfor KD vil skriva alternativanalysen sjølv, slik at ein skal sikra at dette blir det riktige prosjektet for kunnskapsregionen Trøndelag og for institusjonane.
Studentane ved NTNU og HiST har gjennom sine politiske organ vore klare på at ein ynskjer ein eincampusløysing, og dette var det jo også eit prinsipielt fleirtal for i styret til NTNU og HiST. Eg etterlyser derfor at resten av styret no ikkje lenger godtar treneringa av saken ved dei tilsette sine representantar i styret.
Kvalitetsreformen
Evalueringa av denne startar endeleg opp på NTNU no til hausten, og alle vil da ha mulighet til å vera med å si sine meiningar om kva som har komt ut av reformen.
Mange har allereie uttrykt sin meining både ein og to gonger her i Universitetsavisa. Og det gleder sikkert dei, som det gjer meg, at NTNU har valt å fokusera på blant anna vurdering og evaluering undervegs i semesteret. Ein vil då ha mulighet til å få fram mykje av den misnøya ein ser frå både tilsette og studentar og evt sjå på kva ein kan gjera for å forbetra dette.
Det er også veldig viktig at forsking og undervisning ikkje blir sett på som fiender men at ein heller må sjå må studentaktiv forsking og forskingsbasert undervisning som muligheter.
Andre ting som skal evaluerast denne hausten er it’s learning og ex.phil, dette ser eg også veldig fram til.
Vonar alle har hatt ein god haust så langt og at me alle fortsatt vil jobbe og studera saman for at NTNU skal bli eit betre universitet.
Martin A. Sværen,
Leiar av Studenttinget 2007 |