NTNU som nordtrøndersk kommune
(10.9.07, 09:19) I dag startar ei helseundersøking på NTNU, men berre nordtrønderar får delta. |
SJÅ ETTER HUNT-BUSSEN I TRONDHEIM: Det mobile helsesenteret kjem på Dragvoll i tre dagar, så er det Gløs. |
I dag kjem eit mobilt helsesenter til Dragvoll. Det er ikkje brote ut noe på campusen, formålet er undersøking og forsking. Og dei som kjem, er – overraskande for noen – Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag, HUNT. Eller nærare bestemt HUNT 3, for dette er tredje omgangen sia nittitalet.
Teamet reiser i år og neste år i nordfylkets 24 kommunar. Dei besøker òg nabofylkets storby for å jakte på nordtrønderar, definert som folk som er registrert som innbyggar i ein av dei 24 kommunane, uavhengig av kvar dei bur mens dei studerer.
- Det er nytt at vi kjem til utdanningsinstitusjonane i Trondheim, fortel HUNTs informasjonsleiar Reidun Mangrud. Det er ganske dårleg oppmøte av folk på mellom tjue og tretti år, men mange i aldersgruppa har tilhald på NTNU og HIST, så vi kjem etter dei.
Du tar vel ein sjekk
Helseundersøkinga har formål forsking, så det er dei undersøkte som er leverandørar her. Men dei får er ein gratis helsesjekk ut av det. Resultatet for kvar enkelt kjem i eit brev etter noen veker. Der kjem det melding om høgde og vekt, blodtrykk, kolesterol, stoffskifte og blodsukker. Ønska nivå på desse variablane er det gjort nøyaktig greie for på HUNTs heimesider. Her er for eksempel tatt med ein kanskje lite kjent formel for dei som lurer på om dei er for korte: Vekta dividert med kvadratet på høgda!
Skulle noen resultat gi grunnlag for det, kjem ein lege til å ta kontakt i løpet av få dagar.
|
PÅ JAKT ETTER NORDTRØNDERAR: Mange folk i tjueåra har kome over fylkesgrensa, no bør dei stille opp. |
Fort over
Undersøkinga, som er over i løpet av om lag ein halvtime, består i utfylling av spørreskjema, fysiske undersøkingar, ein kort samtale og måling av blodtrykk.
Omsut for personleg integritet er ikkje blitt mindre med åra: det blir presisert at ein ikkje blir bedt om å kle av seg, men ein bør vel ikkje vere sjenert for å ta av seg skoa eller blotte ei underarm.
Alle HUNT-resultat går til biobanken på Levanger.
I forskingas teneste
HUNT-teamets besøk i universitetsbyen skjer ellers ikkje på eigentleg framand grunn: Helseundersøkinga er eit NTNU-prosjekt. Det er Det medisinske fakultet som er ansvarleg, gjennom HUNT Forskingsenter på Verdal.
I fokus for forskinga står dei store folkehelseproblema, blant anna kreft, diabetes og hjerte-/karsjukdommar. I noen prosjekt blir det òg undersøkt korleis livsstil, samfunn, levekår og miljø påverkar helse og trivsel.
Alle forskarar som vil, i alle land, kan søke om å få bruke materiale frå dei tre HUNTane. Søknaden blir vurdert på grunnlag av vedtatte retningsliner. HUNTs heimesider fortel at ikkje medisinarar, men òg slike som sosiologar, psykologar og teologar er interesserte.
Er skyene mørke?
NTNUs rektor Torbjørn Digernes uttrykte i Adressa for godt og vel ei veke sia bekymring for HUNTs framtid, med grunnlag i usikker finansiering frå departementet.
Informasjonsleiar Reidun Mangrud seier at HUNT merker seg det positive: at NTNUs styre meiner at HUNT skal gjennomførast, og at rektor i det aktuelle intervjuet snakka om signal frå departementet om vidareføring.
Hit kjem iallfall teamet som skal undersøke studentar og dessutan andre nordtrønderar som ønsker å ta undersøkinga her i byen. HUNT blir på Dragvoll til og med onsdag, på Gløshaugen torsdag, fredag og måndag og på HISTs avdelingar i dagane etterpå.
Av Kjell Håve Heimesida til HUNT, med blant anna omfattande liste over forskingsprosjekt Meir om biobanken Om forskingsenteret
|