Kan du forbruke like lite som kinesaren?
(14.9.07, 13:17) Norges Tekniske Vitenskapsakademi arrangerte klimadebatt. Den var ei sval oppleving etter ein valkamp på smeltepunktet. |
UFORMELL KYRKJAS MANN: Biskop Tor B. Jørgensen blir berømma for å ha oppdaga at ingeniørar, óg, kan diskutere etikk. Han starta ellers sitt innlegg med å roe ned dei som var redd for ein taleflom, med å opplyse at ei preike no tildags varar i tolv minutt. Astrid Lægreid, prorektor ved NTNU, drøfta om ein kunne unngå å komme i konflikt med gamle Sir Karl og hans vitskapskrav. |
- Kyrkja snakkar nesten aldri om forholdet til rikdom og overflod. Korleis kan vi skape eit samfunn der mindre forbruk er muleg? Dette var det ein biskop som sa, nemleg han i Sør-Hålogaland: Tor B. Jørgensen. Ein kyrkjas mann snakka om fundamentale forhold, om blant anna kommunikasjonen: - Er samtale muleg, eller nærmar vi oss politikarane, at vi ikkje søker kunnskap og innsikt?
Dette skjedde under NTVA Teknologiforum på Lerchendal gård 12. september. Nok ein gong i dette året 2007 var klimaet på dagsorden. Debatten gjekk om konklusjonen i ein rapport utarbeidd av professor emeritus Inge Johansen, tidlegare rektor ved NTH. Med utgangspunkt i forbrukets innverknad på klimagassutsleppa går Johansen inn for rett til like store mengder utslepp for kvart menneske, med den praktiske følgja at utsleppa i dei rike landa må drastisk ned.
Temperaturen denne haustettermiddagen på Lerchendal gård steig ikkje over Tor B. Jørgensens, slik det her er referert. Samtalen var urban i forma, likevel ikkje i den grad at den heldt opp med å vere samtale.
|
MAN(N) DISKUTERER ETIKK: Bildet innfangar alle kvinner og noen av dei om lag tretti menn i forsamlinga. |
Etikkblandingsforholdet
Ein kan sjå det slik at gjerningar er etisk riktige om dei fører til noe positivt. Men ein skal óg hugse at idealistanes politikk ofte har hatt ein tragisk utgang. Ein må akte på konsekvensane og sjå på korleis dei etiske prinsippa kan gagne oss i dei vala vi gjer om å få i gang faktiske tiltak her og no.
Det ovanståande tilkjennegir ein meir pragmatisk tilnærming til problema framfor ein meir idealistisk, og er eit forsøk på å oppsummere haldningane til den første innleiaren: Halvor Stenstadvold, i mange år direktør og styreleiar for mangt og mye, og for mange år sia høgrepolitikar. Han meinte at rapporten luta for mye åt haldningsetikksida og ville ha meir konsekvensetikk.
Stenstadvolds haldningar ga opphavet til det næraste ein kom polemikk i diskusjonen, motpolen vart den noe venstreorienterte biskopen. Han utfordra Stenstadvold på individets ansvar, men det hadde sistnemnde ikkje noe problem med.
|
TANKESPREK EMERITUS: Den tidlegare NTH-rektoren Inge Johansen har lagt fram ukonvensjonelle idear om kriterium for å begrens klimautsleppa. |
Uskuldig olje og gass?
Bård Lahn, leiar for Natur og Ungdom, var skeptisk til at det kunne la seg gjere å kalkulere utsleppsmengden via livsløpet til ein vare. Inge Johansens forslag, var, meinte Lahn, i for stor grad knytta til forbruket. Nordmennene har eit ansvar for miljøskadene som kjem av olje- og gassproduksjonen, sjølv om det ikkje er vi som forbruker den.
Mens vi ventar på falsifiseringa
NTNUs representant i panelet tok opp vitskapens rolle. Astrid Lægreid, prorektor for forsking og nyskaping, var siste innleiar. På den eine sida er føre-var-prinsippet, på den andre sida krav til korleis ein dannar teoriar, her frå Karl Poppers tenking: Krav til falsifiserbarheit og kritisk haldning til eigne konklusjonar.
Så mye for motforestillingar mot å konkludere. Det som NTNU i lag med SINTEF gjer i mellomtida, er å leite etter praktiske løysingar. Dei beste løysingane må dette vere, meinte Astrid Lægreid, viss universitetet skal vere forplikta på sin ambisjon om å bli internasjonalt framifrå før 2020.
|
MOTPOLAR ETTERPÅ: Stenstadvold bedyrar at han vil ha begge etikkar, men ein annan balanse. |
Ta Thailand-båten
Svein Sundsbø har tilliks med Stenstadvold ein næringslivskarriere etter åttitalspolitikken, Senterpartiet var Sundsbøs utgangspunkt. No omtalte han den norske klimadebatten som eit haldningsetisk eller symbolpolitisk kappløp om å vere best.
Mest klar tilslutning til Inge Johansens idear kom frå forsamlingas mest berømte: Jørgen Randers. Han var rett nok medlem av referansegruppa bak rapporten. Den gamle Roma-klubbmedlemmen og vekstgrensetenkjaren hevda at det var lett å finne korleis vi kan skjære ned forbruket: ikkje store bilar, etterisolering av hus, og ikkje fly til Thailand.
Pessimisme mot kveld
Det kom andre innlegg, meir på tvers: Næringslivs- og kapitalinteressene utgjer eit strev etter profitt – klimaetikk blir irrelevant. Og: Tanken om rebound-effekten, at energisparing kan føre til meir produksjon. ”Does energy efficiency save energy?” var noen av dei siste tankekorsa den mannsdominerte forsamlinga vart presentert for før haustkvelden senka seg over Lerkendal, og folk begynte å bu seg på festmiddag.
Tekst og foto Kjell Håve |