- Respekt for eldre
(24.9.07, 07:38) Japan og Noreg bør dra nytte av kvarandres erfaringar når det gjeld å utvikla ein vellukka eldreomsorg. Det meiner både norske og internasjonale forskarar. |
RESPEKT: I Japan er respekt for alder og visdom viktige verdiar, fortel Paul Miford. |
- Å samanlikna eldreomsorga i Japan og Noreg kan verka rart, ettersom det er store kulturelle forskjellar mellom dei to landa, men det er likevel nyttig ettersom det også er mange likeheiter dei to imellom, meiner førsteamanuensis ved NTNUs Japanprogram Paul Miford.
Familien viktig
Forrige veke var forskar frå inn- og utland samla for å diskutera organisering av eldreomsorga i primært Japan og Noreg. Her diskuterte ein mellom anna dei ulike lands system for eldreomsorg, kva kriterier som ligg til grunn for behovsvurdering og tildeling av pleie- og omsorgstenester, samt kva mekanismer som må vera på plass for å kvalitetssikra tenestene.
|
FAMILIEN VIKTIG: Det påpeiker både professor Yayoi Saito ved Universitetet i Osaka og gjesteforsker Ruth Campbell ved Universitetet i Tokyo. |
Japan er blant dei landa i verda med størst vekst i eldrebefolkninga. Omlag 20 prosent av befolkninga er over 65 år. Det innebèr nye utfordringar for landet, der det tidlegare har vore nærmast utenkeleg at nokre andre omsorgspersoner enn den næraste familien skal ta vare på dei aldrande familiemedlemmene.
Gjesteforsker ved Universitet i Tokyo Ruth Campbell bekreftar dette:
- Det at eldre enten skal på pleieheim eller motta heimehjelp blei tidlegare sett på som eit vestleg konsept. Dette synet er i ferd med å endrast. Aksepten for denne type tenester er i ferd med å fotfeste, men dei fleste meiner likevel framleis at familien har ei svært viktig rolle når det gjeld å ta vare på sine eldre, seier ho.
FAKTA | JAPANSK ELDREBØLGJE
Antall eldre i Japan blir fleire. I 2004 var 19,5 prosent av befolkningen over 65 år. Tilsvarande tal for Noreg var 15 prosent.
Dersom utviklinga heldt fram er det forventa at tilsvarande tal i 2020 vil vera 27 prosent i Japan og 19,5 i Noreg.
Forventa levealder i Japan er 85 for kvinner og 79 for menn. Tilsvarande tal i Noreg er 82 og 77. | At familiens rolle i eldreomsorga blir sett på med ulike auge i den asiastiske og den nordiske kulturen illustrerer ei samanlikning mellom Japan og våre svenske naboar illustrerer dette.
- I Japan bur mellom nær halvparten av dei over 65 år samman med borna sine. Tilsvarande tall i Sverige er omlag 3 prosent, fortel den svenske professoren Mårten Lagergren.
Det vanskelege behovsbegrepet
Stipendiat Unni Edvardsen har studert sider ved den japanske og norske eldreomsorgsorganiseringa. Ho meiner eldrebølga Japan står overfor også vil likna utfordringar Noreg kjem til å møta i framtida, og det difor er viktig for nordmenn å sjå korleis japanarane løyser desse.
|
SER TIL JAPAN: Unni Edvardsen har samanlikna norske og japanske modellar for eldreomsorg. |
- Dei har mange gode tiltak i Japan. Ta begrepet fritt brukarval til dømes. Det har ulik tydning i Norge og Japan. I Norge er det i nokre få kommunar innførd fritt brukarval. Det inneber at menneske som har fått vedtak om heimehjelp sjølv kan velje hjelpar. I Japan får eldre vedtak om omsutsnivå, ikkje konkrete tenester. Kvart nivå svarar til ein viss pengesum. Så kan dei sjølv velje både kva tenester dei vil ha utførd og hjelpar. Dei får gratis hjelp av omsutskoordinatoren (care manager) til å lage individuell plan.
Begrepet behov er forøvrig komplekst , og det er ikkje bestandig like lett å sjå kva som er åpenbart rett i den norske eldreomsorga. Likefullt er det eit svært viktig tema med tanke på å sørgja for at enkeltindividet vert tatt best muleg vare på.
- Det er vanskeleg å finna ut kva som er behov. Det kjem an på auga som ser. Ein potensiell mottakar av hjelp, dennes næraste familiemedlem og ein profesjonell omsorgsperson kan ha ulike oppfatningar om korvidt behovet for hjelp er tilstades. Dersom ein er fornøgd med å ligga på sofaen 24 timar i døgnet, og berre drikka pulverkaffi og røyka sigarettar har ein då behov for hjelp, spør ho.
|
SERVICEINNSTILT: Eit viktig spørsmål er korleis velferdsorganisasjonar skal motiverast til å yta god service i eldreomsorga, sa den amerikanske professoren John C. Campbell (fremst) på forrige vekes seminar. |
Kravstor eldregenerasjon
Slike spørsmål er viktige å stilla. Dersom dagens utvikling held fram vil Noreg om 13 år ha samme andel av befolkninga som er over 65 år som det Japan har i dag. I tillegg vil den neste generasjonen eldre vera annleis enn dagens generasjon, trur Edvardsen.
- Eldregenerasjonen i dag er ikkje vant til å stilla krav, men det trur eg ikkje vil vera tilfelle med den neste. Me vil nok sjå at den neste generasjonen eldre stille mykje høgare krav enn dagens, trur stipendiat Unni Edvardsen.
Tekst og foto Pål Vikesland |