KAMMERMUSIKKFESTIVAL Festivalpublikum allereide tatt med storm
(25.9.07, 10:33) Ein storm feia over ein fullsett Frimurerloge eit døgn før den offisielle opninga av Trondheim kammermusikkfestival. Det var ein elegant og sjarmerande storm, frå det som ingen skulle tru at nokon kunne by: seks kontrabassar! |
SKJØNN AUSTLEG FOREINING: Slovaken Roman Patkoló er leiaren. Han er av Anne-Sophie Mutter beskrive som ein av verdas beste bassistar. I går fekk han instrumentet sitt berre ti minutt før han gjekk på scenen. Ukrainske Milena Chernyavska bidrog til gruppas klangrikdom med sterkt klaverspel. |
Leiaren, Roman Patkoló, hadde hatt gleda av å halde sitt instrument i hendene i ti minutt. Det hadde da reist via København og Oslo. Dei andre hadde lånt av trondheimsbassistar.
Austlege strok
Iørefallande og virtuost, med intelligens og humor – og med ein imponerande variasjon i klangfarger. Dei som presenterte dette i går kveld, var seks kontrabassistar frå ulike land, dei fleste tilfeldigvis i dei områda som ein gong låg under enten Wien eller Moskva.
Dei møtte kvarandre for åtte år sia som musikkstudentar i München. Leiaren er den 27-årige slovaken Roman Patkoló, rekna som ein av verdas aller fremste bassistar.
Elvira Madigan tidleg
Det begynte roleg og vakkert med Bach og Mozart. Om temperaturen etterkvart steig betrakteleg, var det heile tida eit utruleg tilbod på klangvariasjon, frå altså eitt instrument. Rett nok forfleira.
Dette rike orkestret kunne gå laus på både jazzmateriale og 1800-talsromantikaren Franz Listz og yte båe klangmessig rettferd. Listzs berømte ungarske Rapsodi kom i eit fantastisk variert arrangement, med ein presisjon og eit trøkk som brakte tankane til høgkvalitets storbandswing.
|
BASS-ANINGAR AV AMERIKA: Georgiaren Georgi Makhoshvili slo til med ein solo pizzicato à la jazz. |
Slik spelar glade folk – humor var det heile tida: Tilløp til replikkvekslingar og samanlikning av bogeutstrok for så sjekke rett tonehøgd. Bassane kunne hørast ut som havbrus, dei kunne skrike og rutsje, og dei kunne brukast som slaginstrument.
Er ikkje dette eit jazzinstrument?
Det var mye vakkert og nok av virtuositet. Og ikkje noe virtuoseri. Leiaren levde opp til sitt profesjonelle ry: Zigeunerweisen og Czardas.
Den siste strauk han i duett med Giorgi Makhoshvili frå Georgia. Og Makhoshvili slo til med noe uungåeleg, for dei som har hovudet i USA når dei tenker bass. Vi måtte nok etterkvart få ein plukke-bassolo, med meir eller mindre jazzpreg, men heilt på solistens måte. Det var grunntanken: Vi gjer som vi vil med alt, med kjent og ukjent – rett nok med respekt. Vi vinn.
|
TSJEKKISK HØGDEPUNKT: Her mottar tsjekkaren Jan Jirmasek hylling for sin aldeles sjarmerande nonsjalante sanginnsats, der han kompa seg sjølv, ein prestasjon berre det. |
Stadige overraskingar
Noe meir enn bass var det: Ukrainarinna Milana Chernyavska spelte perlande klaver i flere nummer. Og det var eit sanginnslag, frå gruppas ellers mest utprega humorist, tsjekkaren Jan Jirmasek.
Han skal ha ein stor blomst. Han sang avslappa og sjarmerande, litt ratpack-style, men europeisk, ubrutal. Han sang slik at vi trudde vi forsto orda.
Alternativ tritsjtratsj
Stor underhaldning. Stor jubel og tre ekstranummer. Vi får håpe at wienarpublikummet har hørt den hårreisande totalhurtigmusikalskpresise utgåva av Tritsch-Tratsch Polka og dermed fått tanken om at slik kan det òg gjerast.
Folk gjekk meir musikalske enn da dei kom, ut i indian summer-kvelden. Festivalen er til dei grader i gang.
Tekst og foto Kjell Håve Heimeside der dei reklamerer for trondheimsbesøket Video til trøst, eller straff, for dei som gjekk glipp
|